styremøte i volda
Skal tilsetja dekan og diskutera studentrekruttering
— Eg vil sjå djupt inn i augene den som veit korleis hausten vert, seier Volda-rektor Johann Roppen.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Høgskulen i Volda har ekstra styremøte torsdag. På planen står tilsetjing av dekan ved Avdeling for mediefag, men òg fleire andre saker. Mellom anna skal styret diskutera språklege retningslinjer og studentrekruttering. Møtet går føre seg digitalt, og vil verta lagt ut her så snart det er ferdig.
Reiser ikkje kollektivt
Høgskulen i Volda hadde, som fleire andre studiestader, auke i talet på søkjarar via Samordna opptak. Både lærarutdanninga og mediefaga, som har mange studentar, har stor oppgang. Men spørsmålet er korleis hausten vert, og om alle desse studentane både vil takka ja og deretter flytta til Volda.
— Eg vil sjå djupt inn i augene den som vert korleis hausten vert, seier rektor Johann Roppen.
Han viser til at det er lite smitte i Volda og området rundt, at høgskuleområdet er langstrekt med fleire bygg, og at få studentar og tilsette nyttar kollektivtransport for å koma seg til høgskulen. Samstundes gjer avstandsreglane, som ein reknar med at ein framleis vil måtta nytta, at fleire av undervisningsromma rett og slett vert for små.
— Me reknar med at me vil måtte bruka meir digital undervisning og fleire av timane i døgnet. Dels fordi me kanskje vil måtte køyra same førelesingaP fleire gongar, dels fordi det vil verta større press på dei største undervisningsromma, seier Roppen.
Han seier at det er dei nye studentane ein vil prioritera når ein skal bestemma kven som skal få fysisk undervisning og ikkje.
— Dei skal òg læra seg å vera studentar, seier rektoren.
Dette skal dei diskutera
Dette er sakslista:
- 41/20 - Godkjenning av innkalling og sakliste
- 42/20 - Godkjenning av protokoll frå styremøte 23.4.2020
- 43/20 - Orientering frå rektor
- 44/20 - Høyringssvar frå Høgskulen i Volda: Ny lov om universiteter og høgskoler
- 45/20 - Avdelingsråd - medverknad
- 46/20 - Språkpolitiske retningsliner for Høgskulen i Volda
- 47/20 - Samordna opptak 2020 og rekruttering
- 48/20 - Tilsetting åremål
Nylige artikler
— Jeg kan fint være inne i to uker i strekk for å jobbe
Å publisere én artikkel kan koste over 100.000 kroner. Nå innfører USA makspris
Veien videre for entreprenør-skap i høyere utdanning
Forlag gransker 1000 artikler for forskningsfusk
Han vurderte utanlandsoppdrag. I staden vart det doktorgrad
Mest leste artikler
Komiker erstatter Nicolai Tangen
Studerte likestilling og mangfold — fikk jobb etter to måneder
Reagerer på at studenter bruker ordet skole om å studere på universitetet
«Du er ubrukelig. Det er ingen her som liker deg» Stipendiater forteller om hvorfor de byttet veileder
Han har sett ansatte som har slitt med angst hver gang de skulle komme på jobb