Professor Jostein Bakke er prosjektleiar for iEarth. Dei skal modernisere geologiutdanning, blant anna ved å ta i bruk meir teknologi i klasserommet. Foto: Jan Willie Olsen

Skal endra geologutdanninga

Utdanning. Geologutdanninga i Noreg skal få seg eit løft. iEarth skal dei neste fem åra sørge for at framtidas geologar er betre førebudde på flaum, skred og fornybar energi.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, UiT - Noregs arktiske universitet og Universitetssenteret på Svalbard skal dei neste fem åra gå saman for å fornya den norske geologutdanninga. Det gjer dei gjennom iEarth, som like før jul fekk status som senter for framifrå utdanning (SFU).

Geologi er læra om jordas oppbygging og historie. Og reint historisk har Noreg vore veldig god i alt som gjeld geologi. Ei rekke forskarar har markert seg både nasjonalt og internasjonalt. Men utdanninga har ikkje endra seg stort sidan universiteta begynte med å utdanna folk i geofag.

FAKTA

iEarth

Nasjonalt konsortium som fekk status som Senter for framifrå utdanning. (SFU) i desember.

SFU-tildelinga sikrar iEarth 83 millionar kroner, frå både institusjonane og DIKU, fordelt på fem år. Desse pengane skal sikra eit solid undervisningsmiljø på dei fire institusjonane som er med på prosjektet.

Dette er dei som er med på prosjektet: Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet og Universitetssenteret på Svalbard.

— Vi skal byggja opp eit kompetansemiljø på geofagleg utdanning. Det gjer vi gjennom å forska på eiga utdanning. Vi håpar miljø internasjonalt vil sjå til oss på korleis vi driv geofaget, seier Jostein Bakke, prosjektleiar for iEarth og professor ved Universitetet i Bergen.

Les også: Fire nye sentre for fremragende utdanning

Som geolog var prosjektleiaren passande nok ute på feltarbeid på Kerguelen i Sørishavet då nyheita om SFU tikka inn på satellittelefonen. Først ein månad seinare er han heime igjen, og kan utdjupe planane for dei neste fem åra.

Det har ikkje vore ein kultur for å jobba med undervisning på denne måten før. No må eg evaluera meg sjølv kvart halvår for å visa at eg har ei kritisk tilnærming til eiga undervisning

Jostein Bakke

— Vi søkte i 2016 også, men nådde ikkje opp. Vi kjem til å leia arbeidet frå Bergen, men det er eit nasjonalt konsortium som er gått saman med mål om å få til eit nasjonalt løft for geologutdanninga, forklarer Bakke.

Meir klima i utdanninga

Bakke & co har funne ei rekke områder der dei ønskjer å forbetre geologiutdanninga. Her er nokre av tiltaka dei har peika seg ut:

  • Mindre bruk av auditorium for å skapa eit aktivt læringsmiljø og etablering av læringslaboratorium.
  • Forelesarar skal møtast for å snakka om undervisninga og ha ei vitskapeleg tilnærming til undervisning.
  • Gje studentane tidleg erfaring med forskingsprosjekt allereie på bachelornivå.
  • Etablering av nye, nasjonale fellesemne i bachelorutdanning mellom anna i geofare
  • Forska på korleis ein kan bruka feltarbeid og ny teknologi meir effektivt
  • Utnemning av undervisningsleiarar på kvar institusjon
  • Pengar til internprosjekt for å utvikla undervisninga
  • Tilsetjing av ei rekke gjesteprofessorar med fagdidaktisk kompetanse

Prosjektleiaren forklarar vidare at klimaendringar og det grøne skiftet er med på gjera kompetansen til geologar meir og meir nødvendig.

— Formåla med tiltaka er at studentane skal kunna føla at dei har kompetanse til å delta i den store omstillinga som skjer på fleire felt i dag. Å vera geovitar i vår tid er veldig interessant, for det skjer noko kvar dag som er midt i blinken for våre folk, seier Bakke.

Geologar blir brukte i oljesektoren, men også i planlegginga av fornybar energi som havvind.

— Det store no er kva som skjer i djuphavet og mineralressursar der. Minerala er hottere ein nokon gong og vi treng meir kompetanse på dette området.

Nasjonalt samarbeid

Det er altså fire aktørar som står bak prosjektet. Med SFU-status er dei ansvarlege for sørge for at utdanninga er god nok.

— Vi har nok lagt litt bakpå i Noreg. For to år sidan fekk vi Stortingsmeldinga som la grunnlag for meir fokus på sjølve undervisninga. Det har ikkje vore ein kultur for å jobba med undervisning på denne måten før. No må eg evaluera meg sjølv kvart halvår for å visa at eg har ei kritisk tilnærming til eiga undervisning. Alt dette er sånt som vi tar høgd for med iEarth, fortel Bakke.

Det viktigaste med prosjektet er at studentane er med i arbeidet. Dei skal aktivt vera med å evaluera den framtidige undervisninga ved geologi på universiteta som er med i iEarth.

— Heilt sentralt i alt vi ønskjer å gjera, står studenten som skal vera ein aktiv part. Det er heilt meiningslaust for oss som professorar å pønska ut nye ting som studentane ikkje er med på. Vi treng studentar som kan vera med på møte og gje tilbakemeldingar, forklarar professoren.

Powered by Labrador CMS