Høgskulen på Vestlandet

Skal drøfta leiingsstruktur: — Vert Noregs mest sentral­styrte universitet

Høgskulen på Vestlandet har ikkje fakultetsstyre. Styret skal no igjen drøfta om det skal innførast — frå 2027. Sjå styremøtet direkte her.

Førsteamanuensane Heidi Støa og Kristoffer Jul-Larsen tok initiativ til Forum for høgskuledemokrati ved Høgskulen på Vestlandet i 2023. — Det er i lita grad mogleg å eiga saker sjølv, sa Jul-Larsen.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ikkje noko anna organ enn høgskulestyret som kan gjera vedtak på vegner av høgskulen. På fakultetsnivå har høgskulen fakultetsråd, som er rådgivande for dekanen, og på instituttnivå har ein verken instituttstyre eller instituttråd.

— Det er i lita grad mogleg å eiga saker sjølv. Det er store einingar, både på fakultets- og instituttnivå, men lite autonomi, sa førsteamanuensis Kristoffer Jul-Larsen til Khrono hausten 2023.

Då hadde han, saman med førsteamanuensis Heidi Støa, starta opp Forum for høgskuledemokrati. Dei bad høgskuleleiinga om å sjå til Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og OsloMet, som då nyleg hadde innført fakultetsstyre.

Forum for høgskuledemokrati lever framleis ved HVL. Og når høgskulestyret 6. februar skal drøfta ei sak om medverknad og styringsmodell, har dei laga eit eige saksinnlegg.

Styremøtet ser du direkte her frå klokka 9.

Vil verta universitet først

Forum for høgskuledemokrati hadde møte i januar, og i saksinnlegget skriv dei at «etter vårt syn vil eit fakultetsstyre kunne sikre at alle avgjerder på fakultetsnivå − som direkte eller indirekte rører med forsking og undervisning − vert tekne av eit organ som har innsikt i faglege spørsmål. Dette vil representere ei kvalitetssikring av den faglege leiinga av fakulteta i møte med den komande universitetsstrukturen».

Dei viser òg til ein rapport frå Nifu i 2020, som viste at eit fleirtal av både vitskapleg og administrativt tilsette ved HVL opplevde at deira medbestemming har vorte svekt som følgje av fusjonen. 

I november 2024 drøfta høgskulestyret ei sak om leiingsstruktur. I vedtaket heiter det at rektor tilrår at ei vurdering av om fakultetsråd skal erstattast med fakultetsstyre vert sett i samanheng med akkrediteringa som universitet og/eller neste åremålsperiode. Det heiter òg at «styret ber rektor vidareutvikle den gjeldande styringsmodellen i fakulteta, og dei formaliserte ordningane for medverknad og medråderett. Styret ber samstundes rektor om å snarleg komme tilbake til høgskulestyret med prosess for utgreiing av tydelege valbare alternative modellar av fakultetsstyre versus fakultetsråd».

I saka som no skal handsamast, heiter det at gjeldande styringsmodell og tilhøyrande strukturar ligg til grunn for HVL sin søknad om å bli eit universitet. 

— Me ser det som tenleg at det ikkje vert gjort vurderingar og/eller vedteke eventuelle endringar i desse premissane undervegs i akkrediteringsprosessen, heiter det.

Rektor meiner difor at ei eventuell endring i styringsmodell i fakulteta, som også påverkar den samla styringa i HVL, først vert handsama i styret når arbeidet med universitetsakkreditering er avslutta. I ei tidslinje som er lagt ved styrepapira, vert det vist at fakultetsstyre kan vera på plass frå hausten 2027 — samstundes som òg ein ny styreperiode startar.

Meiner det kunne gått raskare

— Argumentasjonen frå rektor om at ein ikkje bør endra styringsform no før ein har fått ein eventuell universitetsstatus kan me forstå. Men det hadde vore mogleg med ein meir raskt-arbeidande prosess, seier Jul-Larsen til Khrono no.

I saksinnlegget skriv Forum for høgskuledemokrati at dei meiner at eit fakultetsstyre bør vera på plass innan HVL får universitetsstatus.

Jul-Larsen seier at Forum for høgskuledemokrati synest at det er bra at arbeidet no er sett i gang.

— Men me kan altså verta Noregs mest sentralstyrte universitet, seier han.

— Saka nemner ikkje instituttstyre eller instituttråd. Meiner du at dette bør på plass?

— Eg kan berre uttala meg på vegner av meg sjølv, men ja, eg synest det er ein god idé med eit organ på instituttnivå, seier Jul-Larsen.

— Det er jobba godt og målretta frå leiinga si side med å få til medbestemming på instituttnivå. Men det er ikkje gjort nokre strukturelle grep her, så ein treng gode leiarar for at dette skal fungera.

Skal lysa ut leiarstillingar

Høgskulestyret skal drøfta ei sak til om leiing: Kva ansvarsområde og mynde skal prorektorane ha?

I styremøtet i november 2024 vart det vedteke at HVL framleis skal ha tre prorektorar. No skal styret ta stilling til kva ansvarsområde desse skal ha. To av dei tre stillingane skal lysast ut i vår, det same skal to av tre dekanstillingar.

I dag har HVL ein prorektor for utdanning, ein for forsking og ein for regional utvikling. Forslaget som ligg i saka er at ein framleis skal ha ein prorektor med ansvar for forsking og ein med ansvar for utdanning. Den tredje skal vera prorektor for nyskaping, er rektor sitt forslag. Personen i denne stillinga vil i tillegg til ansvar for regional utvikling og campusutvikling få ansvar for strategiske satsingar som alliansen Artemis og innovasjon/digitalisering/KI. 

Her er heile sakslista:

1/25 — Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 1/2025
2/25 — Prorektor og dekan 2025 — 2029 — ansvarsområde og mynde
3/25 — Utlysing av åremålsstillingar — prorektor for utdanning — prorektor for nyskaping — dekan FLKI — dekan FHS — perioden 01.08.2025-31.07.2029
4/25 — Årsrapport 2024 — Høgskulen på Vestlandet — Kapittel 1 — Styrets fråsegn
5/25 — Tidslinje for vurdering av medverknad i HVL og styringsmodell i fakulteta
6/25 — Forslag til årsplan for internrevisjon ved HVL 2025
7/25 — Bruk av styringsparameter i verksemdstyringa
8/25 — Ny UH-lov og tilhørende forskrift, retningslinjer ved HVL

Orienteringssaker
O-1/25 — Tildelingsbrev 2025

Referatsaker
O-2/25 — Munnlege orienteringar frå rektor — styremøte 01/2025
O-3/25 — Skriftlege orienteringar til styret: Nytt frå Høgskulen på Vestlandet — styremøte 1/2025
O-4/25 — Referatsaker — styremøte 01/2025

Powered by Labrador CMS