Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
tilsetjing
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Søknadsfristen til stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) gjekk ut den 2. august. No er søkarlista klar:
Totalt sju søkjarar står på lista, av dei fleire HVL-tilsette.
Høgskulen er på leit etter ein som kan ta over stafettpinnen frå noverande rektor Berit Rokne, som for ei stund tilbake varsla at ho ikkje ønskjer ein ny periode som rektor. Rokne fyller 66 år i år.
Fire av dei sju søkjarane er interne. Det er førsteamanuensis Gunnar Yttri (53), instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon Tom Skauge (64) og dekan Asle Holthe (59) frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Den siste interne søkjaren er prorektor Gro Anita Fonnes Flaten (47).
Både Flaten og Yttri var blant namna som kom opp då Khrono skreiv om spekulasjonane tidlegare i sommar. Flaten sa den gongen at ho vurderte å søkja, Yttri ville ikkje seia noko.
— Eg søker fordi eg både kan og vil. Eg trur eg kan vere med å utvikle høgskulen vidare som ein tydeleg og sterk høgare utdanningsinstitusjon, og gjere det til ein god plass å arbeide og studere, seier Yttri til Khrono på telefon i dag.
Flaten, som no er prorektor for forsking ved høgskulen, seier at arbeidet med universitetsakkrediteringa, som har lege på hennar bord, har gitt meirsmak og motivert ho til å søke rektorstillinga.
— Universitetsakkrediteringsprosessen er eit veldig spennande prosjekt og noko eg har jobba med i fleire år. Eg ønskjer å halde fram med å bidra og leie denne prosessen, seier Flaten til Khrono. Ho legg til:
— HVL er ein kjempespennande organisasjon, det er godt driv og dette er ein attraktiv toppleiarjobb.
På spørsmål om kva ho tenker om at ho er einaste kvinne på søkarlista, svarer Flaten slik:
— Eg tenker at det er veldig viktig med mangfold både i kjønn og i alder på ei slik søkarliste. Helst burde det difor ha vore fleire kvinner der, seier Flaten.
Det er ein søkjar som er unnateke offentlegheit. Det er ein 62 år gammal mann, ifølgje søkarlista.
Dei to som ikkje er unnateke offentlegheit, er Arild Hovland (59) og Jan Petter Hansen (57). Hovland er dekan ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Hansen har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen, men er no prefekt ved Chalmers Tekniska Högskola i Göteborg.
Styret skal etter planen tilsetja ny rektor den 24. september.
Nylige artikler
Campuspoliti og ICE samarbeider: — Vi er redde
Bjørn Ole Raschs kontor er ryddig. I hvert fall inne i hans eget hode
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas
NMBU-ansatte både hyller og refser omstridt reklame
Norske studenter reiser ut som aldri før. Even (25) har tatt det enda et steg lenger
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat