arkeologi
Sjå kva arkeologen skreiv for 150 år sidan
I 1874 la Universitetsmuseet i Bergen sin første arkeolog, Anders Lorange, ein flaskepost igjen i ein gravhaug i Nordfjord. No er flaska opna, og opp i der låg eit kjærleiksbrev.
— Me bestemte oss for å gå ned ein tur for å sjå. Og då me kom ned, fann dei flaskeposten, seier Aksel Melheim Myklebust.
39-åringen bur med familien i barndomsheimen hans på Nordfjordeid i Vestland fylke. At det har vore ein gravhaug frå vikingtida nærast i hagen, er ikkje noko han har brydd seg så mykje om. Heilt fram til no.
I 1874 var Universitetsmuseet i Bergen, då Bergens Museum, sin første arkeolog på staden. Anders Lorange (1847—1888) gjorde funn av ei stor grav. Mannen han då fann leivningar etter, var truleg ein viktig mann i samfunnet i vikingtida, og vart gravlagd i eit skip — som vart sett fyr på. Ein fann ei samling av våpen, og ein fann ein bronsekjele av irsk opphav.
Eitthundreogfemti år seinare, altså i oktober i år, var arkeologar frå Universitetsmuseet igjen på staden. Dei skulle gjera nokre fleire utgravingar i samband med søknad om verdsarvstatus.
— Me visste at Lorange hadde lagt ned ein flaskepost då han grov ut Raknehaugen i 1870, sa Morten Ramberg, leiar for fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet, då han måndag presenterte utgravinga.
— Så me hadde tenkt å legga att ein tidskapsel, noko me òg gjorde.
Men så fann arkeologane altså ein flaskepost frå Lorange.
— Då vart me rivne med, seier grunneigar Myklebust.
Myntar og namn på kjærasten
Tilsette frå Universitetet i Bergen med spisskompetanse har klart å både opna flaska utan å øydelegga, og dei har klart å tyda innhaldet. Og deler av det er rett og slett eit kjærleiksbrev.
Lorange la att tre ting: Ein liten pakke med nokre myntar, visittkortet sitt, og eit brev som fortel kven han er og kva han har funne.
— På visittkortet står det, med svak skrift: Emma Gade, kjærasten min, sa Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen, då ho fekk offentleggjera kva som var inni flaska.
— Og nedst i brevet står det, med det som ser ut som runer, men som viste seg å ikkje vera ekte runer, Emma Gade, kjærasten min. Dette er ein del av UiB si vitskapshistorie, og ho viser at me forskarar har eit kjensleliv, me òg, sa Hagen.
Heile teksten er slik:
«Denne Haug blev utgravet Anno Domini 1874 Af Anders Lorange, Antiqvarius Norvegiæ. Haugen er opført over faldne Mænd. De vare Brændte i sit Skib med Vaaben og Frydelser. Af Skjuld buler var 26 — af Sværd 2 — en øx og mange Pile — foruden mange andre Oldsager. Fundet overdrages Bergen Museum».
— Dette er ei melding frå ein kollega for 150 år sidan. Me står på skuldrene til tidlegare generasjonar, sa Hagen.
Trur bønder stod for gravinga
Anders Lorange skreiv i dagboka si, som eigentleg er det einaste arbeidet ein har frå forskinga hans, at han segla til Florø og derifrå vidare til Nordfjordeid. Dagens forskarar er usikre på kor mykje av utgravingane han stod for sjølv, truleg var det bønder i arbeidet som jobba for han.
— Det var ein heilt annan måte å jobba på, mellom anna tok dei ikkje jordprøvar, slik me gjer i dag, sa museumsdirektør Kari Loe Hjelle.
Men basert på funna, var Lorange den første som argumenterte for at det hadde vore ein førromersk jernalder i Norden.
Etter at Lorange hadde vore på Myklebust, vart gravhaugen lukka. Då arkeologane var på staden i haust, opna dei på same måten som det vart gjort for 150 år sidan.
— Me oppdaga då at han truleg berre fekk grave ut om lag ein fjerdedel av denne gravhaugen. Det er òg fleire andre graver i området, sa Ramstad.
Ulikt i 1874 hadde forskarane no med seg ein georadar, frå Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Dei gjorde fleire funn før dei òg lukka.
— Til våren skal det såast på toppen, slik at me kan bruka haugen som ein vanleg stad der me kan dyrka fór, seier grunneigar Aksel Melheim Myklebust.
Og Emma Gade? Ho gifta seg med Anders Lorang i 1877 og vart då Emma Gade Lorang. Ho var søstera til Fredrik Gade, som var den som oppretta det som er kjent som Gades institutt i Bergen.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut