Adventskalender
— Signala om meir politisk styring er utfordrande
Rektor Trine J. Meza ved Høyskolen Kristiania ser tilbake på fire hektiske månader i sjefsstolen, og rosar dei tilsette for innsatsen i haust.
Bak luke nummer 9 i Khronos adventskalender finn me rektor ved Høyskolen Kristiania, Trine Johansen Meza.
— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— Som vanleg har me jobba med mange med mange store og viktige saker slik som høyringar og diskusjonar rundt finansieringsutvalet, akademisk ytringsfridom, innspel til ekspertutvalet som skal sjå på akkrediteringsreglane for universiteta, mobilisering for å kunna ta imot studentar frå Ukraina og dessutan korleis me skal ta imot studentar som har hatt store delar av vidaregåande som heimeskule. Det skal gjerast samstundes med at me held oppe og til dels aukar aktiviteten innan forsking, utdanning og samspel med omverda. All ære til dei tilsette for dette!
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Sidan eg berre har vore rektor sidan august i år, vil eg trekkja fram eit par ting. Det fyrste var det å få ynskt tusenvis av studentar velkomne til studiestart. Det er eit privilegium å leia ein institusjon som har til føremål å gje flest mogleg høve til utdanning og personleg utvikling i eit livslangt læringsperspektiv, til det beste for samfunnet. Det andre er Nordic Universities Days i Brussel. Slike møteplassar med nasjonale og internasjonale institusjonsleiarar er viktige og gjer at me får diskutert viktige tema.
— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?
— Det har nok vore signala om auka politisk styring av sektoren. Systemet me har i dag, der styra har autonomi og forvaltar fullmakter, tener oss svært godt.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Juleynsket mitt er at me held fram med å utdanna gode kandidatar og å driva kunnskapsutvikling som bidreg til utvikling av arbeids- og samfunnsliv. Det trengst for å kunna møta både nasjonale og globale utfordringar.
— Kva skal du gjera i jula?
— I jula skal eg vera saman med den næraste familien, som vanleg. Dottera som bur i London, kjem heim til jul, og då vert me fulltalige sidan sonen bur i Oslo. Me har ei ganske tradisjonell julefeiring, og brukar som regel mykje tid til å lesa bøker i jula.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut