formidling

Sender forskarar på lørdagsbesøk

Universitetet i Søraust-Noreg samarbeider med åtte folkebibliotek i sitt nedslagsfelt, og låner ut forskarar til lørdagsuniversitet.

Biletet er frå då USN starta med lørdagsbibliotek, i fjor vinter. No er åtte folkebibliotek med i ordninga. Her biblioteksjef Henriette Stoltz, rektor Petter Aasen, ordfører Hedda Foss Five,daglig leder ved Folque Café, Aleksander S. Andersen, og prosjektleder for Lørdagsuniversitetet, Frode Bakken ved USN.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me har ei rekkje dyktige forskarar som også er gode formidlarar. Ved å opna opp universitetet på denne måten, og søkja ut av dei faste rammene, stimulerer og kvalifiserer me det offentlege ordskiftet.

Det sa rektor Petter Aasen då Universitetet i Søraust-Noreg (USN) opna det første lørdagsuniversitetet i jaunuar 2019. Ideen er enkel: Kunnskap til folket. Gjennom eit samarbeid med no åtte folkebibliotek i regionen, låner USN ut forskarar som held populærvitskapelege føredrag.

Lang liste

Lista over kva ein kan få høyra om er lang. Kva med Tolkien? Intelligente hus? Klimakrisa? Jakta på Nord-aust- og Nord-vest-passasjen? Denne lørdagen kan ein få vita meir om valet i USA dersom ein kjem til Skien, og om to veker kan ein høyra om ungdom, fysisk aktivitet og helse på Ringerike folkebibliotek.

— Me har mange gode formidlarar. Nokre av dei er allereie ein del ute og har føredrag, men lørdagsuniversitetet set dette i system.

Det seier prosjektleiar Frode Bakken, som sjølv er tidlegare biblioteksjef.

— Eg er på forskarar og instituttleiarar for å få fleire inn på lista, seier han.

Forskarane seier sjølve kva dei kan ha føredrag om.

Lørdagsuniversitetet er lagt opp med eit føredrag frå forskaren først, og deretter er det tid til spørsmål og debatt.

Brukar ein million

USN har sett av ein million kroner til prosjektet. Det betyr at det er dei som betaler honorar og reiseutgifter til forskarane, og dei dekkar òg annonsering for biblioteka. Ideen til lørdagsuniversitetet var det rektor sjølv som hadde.

— Me tek samfunnsansvaret på alvor, og rektor er drivkrafta, seier Bakken.

— Me har som oppgåve å driva folkeopplysning og kunnskapsformidling. Her får me høve til å plukka blant dei beste for å tilby føredrag til det publikummet me kjenner lokalt. Det er ein priviligert posisjon å vera i, sa Henriette Stoltz, biblioteksjef i Skien, til USN då lørdagsuniversitetet opna.

— Forskarane seier at dei synest dette er moro. Dei når ut til eit interessert publikum, seier Bakken.

— Er det stort sett eit vakse publikum?

— Ja, det er det, men då det var Tolkien som var tema, kom det eit heilt anna publikum, som kanskje ikkje ramlar inn på biblioteka vanlegvis, seier Bakken.

Powered by Labrador CMS