Vil bruke 3 millionar på forfølgde forskarar
Universitetet i Oslo vil bruke meir pengar på Scholars at Risk slik at dei kan ta imot fleire trua forskarar. — Vi må reagere når akademisk fridom trua, seier rektor Ole Petter Ottersen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Universitetsdirektøren foreslår at UiO aukar engasjementet innanfor Scholars at Risk nettverket for å avhjelpe den akutte situasjonen md stort behov for å ta imot fleire trua forskarar», står det i sakspapira til styremøtet som vert heldt ved UiO tirsdag og onsdag denne veka.
— Vi ser at akademisk fridom er under press mange stader i verda. Ikkje minst ser vi dette i konfliktområda i Midtausten og nå Tyrkia, forklarar UiO rektor Ole Petter Ottersen på spørsmål om kvifor dei vil auke innsatsen.
Han meiner at dei som universitet har eit ansvar for å hegne om og fremma akademisk fridom.
2000 har fått hjelp
Scholars at Risk arbeider for å fremme akademisk fridom og beskytte trua forskarar. Dei siste 15 åra har nettverket hjulpet over 2000 forskarar og 650 har fått gjesteopphald ved medlemsinstitusjonar.
Det er mange frå Midt-Østen og Tyrkia som har teke kontakt med oss, og vi vil gjerne skape et rom for disse her i Noreg.
Ole Petter Ottersen
Det er mange frå Midtausten og Tyrkia som har teke kontakt med oss, og vi vil gjerne skape et rom for disse her i Noreg
Ole Petter Ottersen
Forskarane som får hjelp er menneske som på grunn av si stilling eller arbeid er trua av myndigheiter eller andre. Dette kan vere truslar om oppseiing, fengsling, tortur og drap.
UiO støttar, i fylgje Ottersen, sine forfølgde kollegar gjennom media og akademiske og politiske kanalar, men òg ved å tilby ein arbeidsplass for dei som ikkje lenger kan drive sin akademiske verksemd i heimlandet.
— Vi må reagere når akademisk fridom trugast, uansett kvar i verda dette skjer. Eg trur det vil ha ei stor symboleffekt og inspirere andre institusjonar at UiO nå går framfor for å støtte akademikarar og studentar som blir forfølgd på grunn av sine meiningar og si forsking, fortel rektoren.
Vil ta imot tre forskarar til
Ved UiO er det foreslått å auke tilbodet frå ein til fire plassar. Universitetet i Oslo har sidan 2009 teke imot forskarar til eit eittårig opphald. Forskaren vert tilsett i ei midlertidig stilling med moglegheit for å forlenga kontrakten eitt år. I tillegg til løn får forskarane blant anna dekt reise og visumkostandar.
«Styret løyver 3 millionar kroner frå styrets reserve for 2017 til å ta imot fleire trua forskarar gjennom Scholars at Risk på eittårig opphald», står det i forslaget til vedtak som skal opp i universitetsstyret denne veka. Det er allereie satt av 800 000 kroner i året til programmet, men dette beløpet er i underkant av behovet ved å huse ein forskar og universitetsdirektøren ber derfor om at universitetsstyret vurderer om budsjettet kan bli auka.
Ønskjer globalt fellesskap
Ottersen har dei siste vekene hatt møte med forfølgde forskarar og har sjølv sett den enorme belastninga dei vert utsette for.
— Det er mange frå Midtausten og Tyrkia som har teke kontakt med oss, og vi vil gjerne skape eit rom for desse her i Noreg, seier han.
UiO-rektoren meiner det må utviklast eit enda sterkare globalt fellesskap, ikkje berre rundt forsking og utdanning, men òg rundt dei verdiane forskinga og utdanninga kviler på.
— Vi må utvikle ein uformell parallell til NATOs paragraf 5. Viss akademisk fridom blir tråkka på og trua i eitt av verdas land, skal vi alle reagere. Dette skal vi gjere av solidaritet til dei forskarane og studentane som blir ramma, seier Ottersen.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!