aprilspøk

Samskipnaden bomma på datoen for aprilspøk

Skal Noregs arktiske studentsamskipnad verkeleg berre servera koffeinfri kaffi?

Sterk og god kaffi. No truar studentsamskipnaden lengst nord med å berre servera koffeinfri kaffi - men det var, truleg heldigvis for mange studentar og tilsette, berre ein litt prematur aprilspøk.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Vi fjerner all koffein fra våre kaffebarer og kantiner med umiddelbar virkning! En undersøkelse viser at studentene drikker så mye kaffe at det går utover søvnkvalitet og skolearbeid. Samskipnaden er redd dette skal gå utover eksamen og studieprogresjon».

Det heitte det i ein post Noregs arktiske studentsamskipnad la ut på Instagram 29.mars, måndag denne veka. Problemet var berre at posten skulle vore lagt ut nokre dagar seinare, nemleg 1.april.

Vart avslørt

Det er iTromsø som fortel om den litt for tidlege publiseringa. Dei har vore i kontakt med samskipnaden, som kan fortelja at dei absolutt ikkje har planar om å berre servera kaffi utan koffein.

— Posten vart publisert for tidleg ved ein feil. Me må berre innsjå at aprilspøken vart avslørt. Men det er jo fint at folk følgjer med på kva me gjer, seier Sarah Yttermo Reibo, kommunikasjonssjef i Samskipnaden.

Ganning, helikopter og bollar

I år er 1.april på skjærtorsdag, og kva som blir planlagt av spøk er det førebels ikkje så mange som veit.

Men i 2019 var det fleire av universiteta og høgskulane som publiserte aprilspøkar. Mellom dei Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet. Den gongen handla det ikkje om kaffi, men om å få gode karakterar.

Vann du ein konkurranse, kunne du få karakteren A i eit valfritt emne. Dommen over dei som trykte på lenkja, var klar: «Steike du e lettlurt! Du kan selvsagt ikke vinne en A, men hos UiT Norges arktiske universitet tilbyr vi utdanning fra A til Å.»

Same år kom det mellom anna melding om at Høgskolen i Innlandet ville skaffa seg sitt eige helikopter, og Høgskulen i Volda ville tilby utdanning i ganning.

Det er heller ikkje første gong mat og drikke har vore tema. I 2018 skulle Universitetet i Oslo slutta med bollar og andre søte saker i sine kantiner.

Powered by Labrador CMS