Amund Gulsvik (til venstre) blei frifunnen frå kravet hans tidlegare arbeidsgivarar hadde stilt, om å betale kring 4,7 millionar kronar tilbake av løn han hadde fått utbetalt frå Innovest AS. Dermed må Trond Søreide (til høgre) på vegne av Helse Bergen saman med UiB ut med 3 millionar kroner.

Forskar vann over Helse Bergen og universitetet

Universitet i Bergen og Helse Bergen må ut med meir enn 3 millionar kroner etter å ha tapt mot Amund Gulsvik i retten. I tillegg har dei tapt eigarskap til kring 8,7 millionar kroner dei meinte var deira.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Amund Gulsvik sine tidlegare arbeidsgivarar ville ha tilbakebetalt kring 4,7 millionar kroner dei meinte Gulsvik uriktig hadde fått utbetalt i løn gjennom selskapet Innovest AS, men blei ikkje høyrde med dette i Oslo tingrett, skriv På Høyden.

UiB og helseforetaket meinte og at dei eig dei resterande 4 millionane etter GenKols-prosjektet, men dette avviste retten fullstendig.

Retten kom og til at Gulsvik har krav på å få utbetalt 600.000 kroner som han har jobba for sidan han blei nekta lønsutbetaling. Dei må òg betale over 1,3 millionar kroner til Gulsviks advokatar, og har ei like stor rekning sjølv.

Dermed blir utgiftene skattebetalarane må bere på minst 3,2 millionar kroner, i tillegg til tapet på 8,7 millionar kroner dei ikkje fekk tilbake av retten. Dersom saka blir anka til lagmannsretten kan det bli nye millionar. 

— Ønskjer det ikkje for nokon

Eg fryktar ikkje ein anke. Men kva UiB og Helse Bergen vil gjere har eg ikkje noka meining om. Men eg klar for ein ny runde. 

Amund Gulsvik

Vi har tenkt å bruke tid på å lese gjennom domen, og snakke med både Helse Bergen, UiB og Innovest. Før det har vi ikkje så mykje å seie.

Trond Søreide

— Dette er ei gledens dag. Eg får tillit til det norske rettsvesenet på grunn av dette. Oslo tingrett har stadfesta at eg ikkje har gjort noko galt, seier Gulsvik til På Høyden

Advokatane hans er nøgde med dommen, men det er enno ikkje klart om Helse Bergen og Universitetet i Bergen vil anke saka.

— Eg fryktar ikkje ein anke. Men kva UiB og Helse Bergen vil gjere har eg ikkje noka meining om. Men eg klar for ein ny runde, seier Gulsvik. 

Saka har kosta han to år med uro, sjølv om han heile tida har vore sikker på at han har hatt retten på si side. 

— Det har vore ein periode med mykje stress. Eg ønskjer ikkje at nokon andre skal oppleve slikt. 

Kan hjelpe andre

No vonar han at andre òg kan ha nytte av domen, ettersom kring 1000 personar har hatt kontoar i Innovest. I dei fleste tilfella har pengane blitt overført til arbeidsgivarane, UiB og Helse Bergen. 

— Eg har oppfatta meg sjølv som eit edrueleg og rettsskaffent menneske i dei drøyt 70 åra eg har levd, og dette er første gong eg har vore involvert som part i ei rettssak. Denne dommen betyr sjølvsagt at eg har fått ei god oppleving av norsk rettsvesen, seier Gulsvik.

Og i kveld blir det feiring heime med kona og den næraste familien. 

I god tro

I dommen konkluderer Oslo tingrett mellom anna med at Helse Bergen og Universitetet i Bergen aldri har hatt nokon eigedomsrett til dei gjenverande pengane etter GenKols-prosjektet, som blei starta i 2002. Det var heile tida berre Gulsvik og Innovest som var nemnde i kontraktane rundt pengane, mens Helse Bergen og UiB ikkje har vore det. 

Retten meiner og at Gulsvik heile tida har vore i god tro, og retten poengterer at Gulsvik hadde fått utbetalt pengar i ni år, som spesifisert i kontrakten hans. Tingrettsdomar Annette Barth konkluderer med at Helse Bergen og Universitetet i Bergen aldri har vore nokon part i avtalen med Gulsvik, og at eit eventuelt tilbakebetalingskrav måtte ha blitt fremja av Innovest, ikkje eigarane av aksjeselskapet. 

— Vi har tenkt å bruke tid på å lese gjennom domen, og snakke med både Helse Bergen, UiB og Innovest. Før det har vi ikkje så mykje å seie, seier personaldirektør Trond Søreide i Helse Bergen, som òg er styreleiar i Innovest. 

(Saka blir oppdatert.)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS