Samarbeid, sjølvstende eller fusjon: Ettersom leiinga ved utdanningsinstitusjonane på Vestlandet ikkje har kome til semje om kven som skal slå seg saman, har Torbjørn Røe Isaksen kalla dei inn til dialogmøte i Bergen tysdag og onsdag. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Sikter mot løysing på fusjonsfloka i vest

Frå Stavanger i sør til Volda i nord: I dag er rektorane frå utdanningsinstitusjonane kalla inn til møte for å diskutere korleis den framtidige strukturen på Vestlandet skal bli. Møtet skal vare til tysdag.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Samarbeid, sjølvstende eller fusjon: Ettersom leiinga ved utdanningsinstitusjonane på Vestlandet ikkje har kome til semje om kven som skal slå seg saman, har Torbjørn Røe Isaksen kalla dei inn til dialogmøte i Bergen.

Ønskjer færre institusjonar

– Eg reknar med at me kjem til å få fortalt at den politiske leiinga ønskjer seg færre institusjonar og at institusjonar difor skal slå seg saman.

Det seier Rasmus Stokke. Den ferske rektoren for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) møter i dag dei andre rektorane for vestlandsinstusjonane og statssekretær Bjørn Haugstad. Sjølv blir Røe Isaksen ikkje med på møtet med dei hardbalne. Temaet er fusjon.

– Eg reknar med at dagens møte vert ein dialog om moglegheitene til samarbeid, seier Stokke.

– Du seier samarbeid. Men departementet snakkar om samanslåing?

– Det er mange måtar å slå seg saman på. Den handlar mellom anna om kor mykje sjølvråderett ein skal gi frå seg, seier Stokke.

Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt styrevedtak er at høgskulen skal vera ein eigen institusjon. Alternativet er ein tett integrasjon der flest mogleg av vestlandsinstitusjonane er med. I haust har høgskulen fått både ny rektor og nytt styre, og fusjonssaka er ikkje handsama der.

HiB: Står på styrevedtaket 

 Vi kjem ikkje til Vestlandet med eit fiks, ferdig kart.

Torbjørn Røe Isaksen

Ole Gunnar Søgnen (HiB) og eg vil snakke om det samarbeidet vi har planlagt, som særleg gjeld lærarutdanning, teknologifag og helsefag.

Dag Rune Olsen

Ole Gunnar Søgnen (biletet over), rektor ved Høgskulen i Bergen (HiB) er spent på kva tilbakemeldingane frå høgskulane på Vestlandet vil vere. Før sommaren blei det klart at fusjonsplanane til Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger var i ferd med å strande. Høgskulen i Sogn og Fjordane har kommunisert at dei primært ønskjer sjølvstende, subsidiært ein vestlandsfusjon med HiB, Volda og Universitetet i Bergen.

– Vi registrerer at vi er innkalla til eit nytt dialogmøte. Kunnskapsministeren Torbjørn Røe-Isaksen uttalte i sommar at KD såg på institusjonane på Vestlandet som ei floke. Vi reknar med at på dette dialogmøtet vil KD tydeleg be oss tenke over kva som vil gagne Vestlandet, seier Ole Gunnar Søgnen.

– Kva forventingar tek du med deg til det komande møtet?

– Vi har våre styrevedtak, og desse står vi på. I løpet av denne prosessen har vi sett at det er uvilje mot å fusjonere høgskulane på Vestlandet. Dermed har vi lagt oss på ei linje med tettare samarbeid med UiB.

– Har departementet signalisert noko om kor lenge dei kjem til å halde denne medverknadslina open?  

– Nei.

– Når desse to dagane er over, vil de då vere nærmare ei løysing på vestlandsfloka?

– Det har eg ingen kommentar til.

– Misser potensiale ved sentralisering

Høgskulen i Stord/Haugesund (HSH) har nettopp hatt styremøte. Vedtaket er det same som før: Dei er opne for fusjon, men ein fusjon må gagne både Sunnhordland og Nord-Rogaland. Fusjonsforsøket med Universitetet i Stavanger (UiS) stranda i juni. UiS meinte det gongen at Stord/Haugesund ikkje ønska ein fusjon sterkt nok.

– Det er Kunnskapsdepartementet som inviterer til møte, så eg tenkjer at eg først og fremst skal lytte. Me tilbyr utdanningar som er viktige for regionen. Mange av dei som tek utdanning hos oss hadde neppe reist ein annan stad for å utdanne seg, seier HSH-rektor Liv Reidun Grimstvedt.

Tenkja på nye måtar

Ho viser til ein 40-år gamal ingeniørstudent ho nettopp har treft, som sa at det hadde vore uaktuelt å vere vaksen student om ein måtte reisa vekk.

– Slik eg skjønar departementet er det ikkje poenget at nokon skal gi frå seg utdanningar, men at ein skal tenkja på nye måtar. Det er behov for lærarar og sjukepleiarar i heile landet, dersom ein skal sentralisere alt misser ein eit potensiale. Me veit at me tilbyr gode utdanningar i dag, men ser at me kan verte endå sterkare i ei større eining, seier Grimstvedt.

Kunsthøgskulen: For små til å vere åleine

Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) har fått beskjed om at dei er for små til å vere åleine. Som På Høyden skreiv i sommar, er det ein fusjon med Universitetet i Bergen som er mest aktuelt. Rektor Gerd Tinglum er spent før dagens møte. Ho seier at KHiB har gjort det dei kan, og at dei allereie har informert departementet om stoda.

– Me er i samtalar med UiB. Alternativa for oss er anten eit eige «University of the Art» eller eit eige kunstfakultet, seier Tinglum.

Begge deler vil vera saman med Griegakademiet.

UiB-rektor Dag Rune Olsen (biletet over) ventar seg ikkje dei store nyheitene i løpet av dette møtet. 

– Eg ser ikkje for meg at departementet ventar seg at det opprørske Vestlandet i større grad skal trø i takt etterpå. Men kanskje får vi litt større innsikt i kva dei ulike institusjonane ser for seg i dag. Søgnen og eg vil snakke om det samarbeidet vi har planlagt, som særleg gjeld lærarutdanning, teknologifag og helsefag, seier Olsen. 

Og han er viss på at Kunnskapsdepartementet er godt nøgde med planane til UiB. 

Har ikkje kartet klart

– Vi kjem ikkje til Vestlandet med eit fiks, ferdig kart, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til På Høyden.

Men han minnar om at saka har vore handsama i Stortinget, og at eit samla storting ønskjer desse endringane. 

– Vi har presentert ei stortingsmelding om strukturen, og fått tilslutning til dei store linjene. Då er det naturleg å kalle saman Vestlandet etterpå, seier han. 

– Vil det komme meir pengar eller andre tiltak frå regjeringa for å motivere institusjonane til å slå seg saman?

– Det er fullt muleg at vi må bruke meir pengar enn dei 75 millionane vi har planlagt i dag, seier Isaksen, og minner samtidig om riset bak spegelen: 

Omlegging til femårig lærarutdanning kjem om få år, og då vil mange av dei mindre høgskulane ikkje ha kapasitet til å gjennomføre utdanningsløpet åleine. 

Statssekretær Bjørn Haugstad som møtte alle vestlandsleiarane i måndag og tysdag seier til På Høyden at han forventer ei felles forståing av situasjonen etter at møtet er over. Og han gjentek det sjefen hans har sagt til Khrono tidlegare: 

– Eg har forventningar om at vi i løpet av i dag og i morgon kjem eit godt stykke på veg til å bli einige om ei felles forståing av verkelegheita og om kva utfordringane er. Vi i Kunnskapsdepartementet håper også på å få gode innspel til korleis dei kan bli handterte, seier Bjørn Haugstad. 

Fusjon Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen?

Til Khrono har han tidlegare sagt at han ikkje ser bort ifrå ein fusjon mellom Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen. 

– Eg har ikkje lyst til å spå om dette, men det er ganske sannsynleg at Høgskolen Stord/Haugesund vil ende opp saman med Høgskolen i Bergen berre dei får områdd seg litt, etter at fusjonsforsøket med Universitetet i Stavanger ikkje blei noko av, sa Haugstad til Khrono i august.

På biletet under er Haugstad i samtale med økonomisjef Kirsten Bakken og rektor Liv Reidun Grimstvedt frå Høgskolen Stord/Haugesund på måndagens møte i Bergen. Til høgre Rolf Larsen og Lars Vassbotn frå departementet. Departementet sin pressekontakt Frank Gøran Nordheim bak.

 (Foto: Hilde Kristin Strand/På Høyden)

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS