Kyambogo universitetet i Uganda vil lære om undervisningsmetoder frå HiOA. FOTO: Kimberly Burns/USAID. Licensed under Public domain via Wikimedia Commons.

Utvida samarbeid med universitet i Uganda

Høgskulen samarbeider med eit universitet i Uganda, og håpar blant anna at studentane skal bli betre i engelsk av å ha lærarar frå Afrika.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI) ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) søker kandidatar til si femte utveksling av tilsette med Kyambogo University i Kampala i Uganda.

Hovudmålet er å utvikle yrkesfaglærarutdanningane ved både HiOA og Kyambogo. Yrkesfaglærarutdanninga på HiOA er lokalisert på campus Kjeller.

— Vi gjer ikkje dette for å vere snille, men fordi vi trur at alle kan ha nytte av det, seier Kristin Merete Bugge, som er internasjonal seniorrådgjevar ved LUI.

Gjensidig glede

— Det skal vere noko å hente i dette prosjektet for alle partar. Det er ikkje eit tradisjonelt bistandsopplegg, seier Bugge.

Kyambogo var ein veldig god match for oss, og samarbeidet blei veldig viktig for Høgskulen i Akershus.

Kristin Merete Bugge

Dei to lærarane som kjem hit vil jobbe på Kjeller med å utvikle eit studentprosjekt. Slik vil dei lære meir om å styrke forholdet mellom arbeid og utdanning. Og studentane på Kjeller vil måtte lære seg å snakke om sitt eige fag på engelsk.

— Dei norske lærarane som reiser ut, skal lære dei som jobbar på Kyambogo om å bruke ulike metodar i undervisninga. Samtidig vil dei få internasjonal erfaring og kunne utvikle seg som menneske, trur Bugge.

Søker lærarar med masterutdanning

Dei som reiser frå Noreg skal undervise på bachelorutdanninga ved Kyambogo universitetet, derfor bør dei ha ein masterutdanning med pedagogiske fag. Dei skal jobbe med yrkesfaglærarutdanninga, men dei må ikkje sjølv vere yrkesfaglærar.

— Vi trur ikkje at den læraren finst, som har master, yrkesfagbakgrunn og er under 35 år, seier Bugge.

— Ta sjansen og få eit år med heilt andre erfaringar, oppfordrar Bugge (biletet under).

Dei som reiser ut er ikkje nødvendigvis knytt til HiOA frå før, dei er vel så gjerne lærarar i skuleverket. Dermed får dei internasjonal kompetanse og erfaring. Undervisninga er knytt til design, handverk og teknologiske fag.

Snubla over Kyambogo

— Det var ein lærar tilknytta campus Kjeller som var på ferie i Uganda som snubla over Kyambogo, seier Bugge.

Slik starta samarbeidet for ti år sidan, for Kyambogo viste seg å vere eit av få universitet som har yrkesfaglærar-utdanning på høgare nivå. I dag utdannar Kyambogo nitti prosent av lærarane i Uganda.

— Det viste seg at det var ein veldig god match for yrkesfaglærerutdanninga og no også for resten av Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studier. Samarbeidet blei veldig viktig for Høgskulen i Akershus og no også for HiOA, seier ein engasjert Bugge.

Kyambogo er eit populært valg for lærarstudentar som skal på utveksling. Dei siste åra har 10-12 studentar reist dit kvart år. I tillegg samarbeider HiOA med Kyambogo om kvotestudentar frå Uganda, eit masterprogram i yrkesfaglærarutdanning, og eit NHO-prosjekt om å utdanne kvinnelige styremedlemmar.

Utvida prosjekt

Den nye regjeringa vil satse meir på utdanning som utviklingshjelp. Dermed har det blitt lettare for HiOA å utvikle samarbeidet. Eit av resultata er at i tillegg til dei seks lærarstillingane skal det tilsettast to personar som jobbar administrativt med internasjonalisering, ein hos kvar av partnarane.

— Det er morosamt å jobbe med ein partner som tenkjer så strategisk på det internasjonale samarbeidet, men dei treng sårt å få auka kapasitet ved det internasjonale kontoret på Kyambogo, som inntil no berre har vore ein person. Den administrative stillinga skal bidra til å utvikle eit slikt kontor,  seier Bugge.

Bugge håpar at den som jobbar administrativt ved Kyambogo kan bli tilsett ved HiOA når den kjem heim, for vedkommande vil ha ein eigen kompetanse om ein av LUI sine viktige internasjonale partnarar.

— Vi ser på dette som moglege rekrutteringsstillinger, fordi dei som gjer dette får ein tilleggskompetanse som er veldig viktig også for oss her ved høgskulen, seier Bugge.

Heile prosjektet er finansiert av Fredskorpset, og skal vare i tre år. Bugge håpar på at prosjektet kan utvidast etter det. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS