Akademikarar er konservative når det gjeld endringar, meiner dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Høgskulen i Volda.
Akademikarar er konservative når det gjeld endringar, meiner dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Høgskulen i Volda.

Volda er ikkje moden for tilsett rektor

Ei spørreundersøking ved Høgskulen i Volda viser fleirtal for vald rektor blant tilsette og studentar. Men det finst også røyster for tilsett rektor.

Publisert   Sist oppdatert

Medan fleire høgskular og universitet dei siste åra har bestemt seg for å gå frå vald til tilsett rektor, ønsker eit fleirtal ved Høgskulen i Volda å halda fram med styringsstrukturen dei har i dag, skriv På Høyden.

På onsdag skal saka opp i høgskulestyremøtet, og høgskuledirektøren har innstilt på å halde fram med vald rektor. Eit av argumenta er at Høgskulen i Volda kan kome til å bli fusjonert med andre om 3-4 år og at det difor ikkje er rett å bruke så mykje ressursar på ny styringsmodell no. 

Ikkje moden for tilsett rektor

Nytilsett dekan på Avdeling for mediefag, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, har i ein særskild merknad frå seg sjølv argumentert for tilsett rektor, men ende opp med å gå inn for vald. Ho meiner likevel at store organisatoriske endringar ved høgskulen må til. 

— Høgskulen i Volda er ikkje moden for ein tilsett rektor enno, det er difor eg argumenterer for tilsett rektor, men ender opp med å støtte forslaget om å halde fram med vald rektor, seier Rotevatn til Khrono

Det hadde vore logisk med tilsett rektor når det er tilsette dekanar.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Dekan, Høgskulen i Volda

Les også: Styrepapira her

Høgskulen i Volda har hatt ei spørreundersøking blant tilsette og studentar, og oppslutnaden for valt rektor er klart størst blant faglege og vitskaplege tilsette. Her seier 73 prosent at dei ønsker å halde fram med styringsstrukturen slik den er i dag. Samla er fleirtalet på 65 prosent for å halde fram med vald rektor. Ved Studenttinget er det fleirtal for tilsett rektor, hos dei administrative tilsette er det jamnare med 52-48 for å halde fram med dagens ordning. Fellesadministrasjonen på høgskulen er splitta og har dermed inga offisiell meining. Av studentane samla er tala 53-47 for vald rektor, men det er berre 5,9 prosent av studentane som har svart. 

Tre av avdelingane seier ja til vald rektor. Det er berre Avdeling for kulturfag som er splitta og ikkje har ei samd innstilling. 

Les også: HiVolda pluss UiB er lik sant

Studenttinget ønsker tilsett rektor

«Høgskuledirektøren går inn for at Høgskulen i Volda skal halde fram med gjeldande ordning som er vald rektor. Det er ikkje støtte i litteraturen for at skifte av modell gjer Høgskulen i Volda betre i stand til å møte utfordringane i framtida.  Det er difor meir erfaringsbaserte og pragmatiske omsyn enn prinsipielle som ligg til grunn for ein slik konklusjon», skriv høgskuledirektør Jacob Kjøde i saksframlegget. 

Saka har også vore ute på høyring, og det er ingen av høyringsinstansane som uttalar at dei ønsker tilsett rektor, bortsett frå Studenttinget.

Vil venta på strukturavklaring

Eit av argumenta som går att i høyringssvara er kostnadane ved ei strukturendring, og at det kan vera klokt å venta med ei eventuell omorganisering til strukturspørsmålet er avgjort.

«For det første viser både høyringsfråsegnene og spørjeundersøkinga at dei fleste meiner at dagens ordning fungerer godt og har solid legitimitet. For det andre har vi ein uavklara situasjon når det gjeld strukturspørsmålet […]  Eit mogeleg utfall er at vi blir fusjonert om 3-4 år. I det perspektivet er det ikkje rett å nytte mykje ressursar på omlegging av styringsordning med påfølgjande omorganisering av den sentrale administrasjonen», skriv Kjøde i saksframlegget. 

Rotevatn med utanfrå-briller

Nytilsett dekan ved Avdeling for mediefag, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, har i tillegg til fråsegna frå avdelingsrådet, sendt inn si eiga fråsegn som er gjengitt i styrepapira som er sendt ut. Her strekar ho under at ho ser både fordelar og ulemper med begge ordningane. 

Ho viser til at «legitimiteten til øvste leiar, vald eller tilsett, bør kome frå og forankrast hos Høgskulen i Volda sitt samfunnsoppdrag». Ho meiner at ein svakheit med dagens modell er at rektor fører tilsyn med eige arbeid. Og til slutt skriv ho: «..uansett modell trengs det omfattande revisjon av Høgskulen si indre organisering».

— Er du inst i hjartet tilhengar av tilsett rektor? 

— Eg prøver å nytte høvet til å sjå det heile med utanfrå-briller, så lenge eg kan, seier Gregoriusdotter Rotevatn. Ho blei tilsett som dekan i Volda i september i 2016.

— Eg veit at eksternt rekrutterte leiarar kan fungera bra, det ser vi mellom anna når det gjeld kringkastingssjefen  NRK, Kulturrådet i si tid og Operaen for eksempel. Akademia er ikkje så ulik andre organisasjonar, sjølv om dei trur det sjølve. Men akademikarar er veldig konservative når det gjeld endringar, seier dekanen, som er sikker på at tilsett rektor ville fungere godt.

— Men eg ser at organisasjonen ved Høgskulen i Volda ikkje er klar for dette no, og stiller meg bak avdelingsrådet som vil halde fram med vald rektor.  

Logisk med tilsett

— Du er jo sjølv tilsett - og ikkje vald - som dekan? 

— Ja, og derfor synes eg også at det hadde vore logisk med tilsett rektor når det er tilsette dekanar. Eg ville ikkje vore dekan her i dag viss det hadde vore val av dekan, seier ho og legg til at mange tilsette er redde for for sterk styring frå styresmaktene. 

— Det store trollet her er faren for at ein ekstern styreleiar vil vere eit verktøy for departementet. Dei fleste her ønsker ei armlengds avstand der, seier dekan Rotevatn. 

1. juni i fjor blei universitets- og høgskulelova endra, slik at det er tilsett rektor som er normalmodellen. 

Per i dag er det Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, UiT Norges arktiske universitet, Høgskolen i Molde og Høgskolen i Østfold som framleis har ordninga med vald rektor.