Berit Rokne, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, meiner ein må kunne bruka dei studiestadane ein hartil desentralisert utdanning. Foto: Tor Farstad
Berit Rokne, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, meiner ein må kunne bruka dei studiestadane ein hartil desentralisert utdanning. Foto: Tor Farstad

Rektorar reagerer på satsing der etablerte studiestader er eksluderte

Utanfor campus. Fleire skal få tilgang til høgare utdanning der dei bur, seier Kunnskapsdepartementet, men ikkje der ein allereie driv undervisning. Rektorar for fleircampus-institusjonar reagerer.

Publisert Oppdatert

Regjeringa vil at det skal verta lettare å ta høgare utdanning i distrikta utan å måtte flytta heimefrå. Difor skal det no brukast 90 millionar kroner på utdanning og vidareutdanning utanfor campus, heitte det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet tidlegare i veka.

— Eit desentralisert, nettbasert samlingsbasert tilbod på deltid er noko det vil vera behov for. Men eg reagerer på at me ikkje skal kunne bruka studiestadane våre. Me som er fleircampus-institusjonar er allereie plasserte utanfor dei store byane, seier Berit Rokne. Ho er rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Viser til Eid

Fakta

90 millionar til utdanning til alle

10 millionar til ei søknadsbasert ordning i Diku. Pengane kom i revidert nasjonalbudsjett for 2019.

20 millionar til å utvikla studietilboda. Diku lyser ut midlane, som ein kan søkja på. Det kom pengar i revidert nasjonalbudsjett 2019, og dei kjem på nytt i 2020.

4,6 millionar går til omlag 100 studieplassar, som skal lysast ut via Diku. Helse, teknologi og det grøne skiftet vert prioritert. Pengane ligg inne i statsbudsjettet for 2020.

Piloten for vidareutdanning vert vidareført i 2020, og ligg inne med 36 milionar kroner.

Kjelde: Kunnskapsdepartementet

HVL har i dag fem ulike campus; Bergen, Førde, Stord, Haugesund og Sogndal. I tillegg tilbyr høgskulen no desentralisert sjukepleiarutdanning på Nordfjordeid. Her er det studentar frå heile Nordfjord, og samlingar både på Nordfjordeid og i Bergen.

Eg reagerer på at me ikkje skal kunne bruka studiestadane våre.

Berit Rokne

— Oppstart av desentralisert sjukepleiarutdanning er utruleg gledeleg og viktig for heile Nordfjord, og dekkjer eit stort og veksande behov for fleire sjukepleiarar.

Det sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) i haust, i ei pressemelding som vart sitert av Fjordabladet. Og Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, viser til nettopp tilbodet på Eid når ho skal forklara den nye ordninga.

— Når me seier tilbod utanfor campus, betyr det til dømes eit nettbasert tilbod med samlingar. Til dømes vert det på Eid, som ikkje har campus, no utdanna eitt kull sjukepleiarar. Kanskje er det ikkje grunnlag for å ta opp nye studentar når desse er ferdige. Med denne ordninga vil slike studieplassar kunne nyttast andre stader, eller i andre fag, seier Nybø til Khrono.

— Betyr dette at institusjonane ikkje vil kunne nytta dei studiestadane dei allereie har?

— Dersom dei vil auka opp talet på studieplassar på permanente studiestadar, er dette noko dei må få inn i ramma. Her er tanken at dersom ein kommune til dømes ser at dei har fleire tilsette som kan tenkja seg å ta mastergrad i det same faget, så må dei ta kontakt med ein utdanningsinstitusjon, som så kan søkja om midlar frå denne potten, seier Nybø.

Aasen stiller spørsmål ved satsinga

Petter Aasen er rektor ved Universitetet i Sørøst-Norge, og leiar ein institusjon med åtte ulike campus. Han skriv i ein epost til Khrono at sentrale premissar for strukturreforma var å etablera ein nasjonal struktur som sikrar eit desentralisert utdanningstilbod som gir tilgang til høgare utdanning av høg kvalitet over heile landet.

— Me har sagt at utdanning innan teknologi, det grøne skiftet og helse skal prioriterast.

Iselin Nybø

— Dersom 90 millionar kroner som statsråden seier skal brukast på utdanningar og vidareutdanningar utanfor campus, betyr at me ikkje kan ta i bruk etablerte, desentraliserte studiestader for å tilby nett- og samlingsbaserte studieprogram, stiller eg spørsmål ved satsinga, skriv Aasen.

Rokne er samd.

— Det finst høve der ein vil trenga utstyr og fasilitetar som berre finst på ein etablert campus, som bibliotek, laboratorium eller simulatorar. Eg meiner at det ikkje kan vera eit eksklusjonskriterium at ein vil nytta campus, seier Rokne.

30 vart til 90

Khrono skreiv i sommar at regjeringa skulle løyva 30 millionar til fleksibel utdanning utanfor campus. No er summen 90 millionar. Inni denne summen ligg både nye studieplassar, ei pilotordning og pengar til vidareutdanning (sjå faktaboks). Det er Diku - Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning - som har ansvar for å lysa ut midlane.

— Me har sagt at utdanning innan teknologi, det grøne skiftet og helse skal prioriterast, seier Nybø.

Men kjem institusjonane til å søkja? Kanskje.

— Me vil vurdera denne type ordning, seier Rokne.

— Dersom den annonserte satsinga betyr at ho støttar opp om premissane i strukturreforma og den etablerte strukturen, synest eg det er positivt. I tråd med strukturreforma sin intensjon og vårt samfunnsmandat vil me søkja midlar slik at vår fleircampusorganisering kan bidra til å sikra tilgang til høgare utdanning i ein region med relativt låg andel med høgare utdanning, skriv Aasen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!