Styremøte ved uiS

Rektor vil skattlegge fakulteta for å kome over koronakneika

Styret ved Universitetet i Stavanger skal orienterast om dei økonomiske konsekvensane av pandemien. Følg styremøte direkte.

Rektor Klaus Mohn varslar eit stort mindreforbruk for Universitetet i Stavanger dette året.
Rektor Klaus Mohn varslar eit stort mindreforbruk for Universitetet i Stavanger dette året.
Publisert

(Følg styremøtet direkte nedst i saka)

På dagsordenen for styret ved Universitetet i Stavanger står mellom anna økonomiske konsekvensar av koronapandemien, campusutviklingsplanen og status frå arbeidsgruppene om innovasjonsarbeidet ved universitetet.

Ventar stort mindreforbruk

Ifølgje styrepapira viser driftsrekneskapen per juli månad eit samla mindreforbruk på nærare 58 millionar kroner.

Trass i auka kostnader på grunn av særskilte smitteverntiltak, som til dømes leige av lokale og kostnader knytt til digitalisering, samt forlenging av åremål for rekrutteringsstillingar, forventar rektor Klaus Mohn at innsparingane held fram.

«Foreløpige anslag tilsier koronarelaterte besparelser på kort sikt på om lag (netto) 50-60 mill. kroner, og for øvrig et samlet mindre-forbruk på inneværende års budsjett på om lag 90-100 mill. kroner», skriver rektor Mohn i styrepapira.

70 prosent av mindreforbruket vil truleg kunne relaterast til fakulteta, skriv Mohn, og ber difor styret om løyve til å skattlegge fakulteta i større grad.

«For å sikre nødvendig forutsigbarhet ift. den interne økonomistyringen, ber rektor om at styret vedtar en intern sats for skattlegging i 2020 på inntil 50% for å kunne håndtere de videre økonomiske følgene av koronakrisen», skriver Mohn.

Campusutvikling og tilsetting

I saka om campusutvikling, ber rektor Mohn styret om å slutte seg til hans prioriteringsliste:

  • Å opne opp førsteetasjene i bygga langs UiS-aksen for studentar, tilsette og offentlegheita («bygolvet»).
  • Nytt bygg for Det helsevitskapelege fakultet blir plassert i tett tilknyting til nye Stavanger universitetssjukehus.
  • Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) får bygge eit nytt tenestebygg i tilknyting til SiS sportssenter.

Styret skal også, bak lukka dører, tilsette ny instituttleiar ved Institutt for sosialfag.

Desse sakene står på sakskartet:

V–sak US 59/20 Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 10.09.2020

V–sak US 60/20 Godkjenning av møtebok fra styremøte 11.06.2020

Økonomi:

O–sak US 61/20 Årsrapporter Randsone 2019 – årsmeldinger og eierskapsberetning

V–sak US 62/20 Økonomiske konsekvenser av Covid-19 situasjonen

Areal og bygg:

V–sak US 63/20 Campusutviklingsplan Universitetet i Stavanger

Innovasjon:

O–sak US 64/20 Innovasjonsarbeidet ved UiS – status fra arbeidsgruppene

Revisjon:

O–sak US 65/20 Anskaffingsprosessen

Diverse saker:

O-sak US 66/20 Fullmaktsaker til styremøte 10. september 2020

O-sak US 67/20 Orienteringssaker til styremøte 10. september 2020

HR:

V–sak US 68/20 Ansettelse i åremålsstilling som instituttleder ved Institutt for sosialfag, SV-IS 30090753

Eventuelt