økonomi

Rekordstort minus for studenthus i Bergen. Dobla underskotet på to månader

Kvarteret la først fram eit underskot på 1 million kroner. No viser rekneskapen eit minus på 2,3 millionar.

Ifølgje leiinga ved Kvarteret er det alt tatt grep for at budsjettet for 2023 skal gå i balanse. Bildet er frå ein klimadebatt i 2019.
Publisert Oppdatert

Det er det største underskotet Kvarteret (Det akademiske kvarter) har hatt sidan det vart opna i 1995, skriv Studvest.

Ifølgje avisa presenterte Kvarteret så seint som 6. november i fjor, under generalforsamlinga, eit estimert underskot for 2022 på 1 million kroner. No viser rekneskapen til studentane sitt kulturhus i Bergen eit minus på 2,3 millionar.

I løpet av si 28 år lange historie skal Kvarteret berre to gonger ha hatt eit underskot på over 500 000 kroner (i 2004 og 2017), og aldri over 1 million.

— Ukontrollert moment

Leiinga ved Kvarteret forklarar tala med ei opphoping av utgifter i dei siste månadene av året.

— Det kom også ein ny prisauke på det tidspunktet, noko som var eit ganske ukontrollert moment for vår del, seier avtroppande leiar, Sara Mørland, til Studvest.

Kvarteret har ifølgje eigne nettsider rundt 2200 arrangement årleg, i tillegg til å huse fleire barar og lokale som blir brukt til ulike debattar, konsert og arrangement. Huset blir drifta av frivillige.

Mangel på frivillige

Ifølgje Mørland har mangel på frivillige ført til at dei har måtta redusere opningstidene. Dette har igjen ført til kortare opningstid.

— Dermed smalnar heile inntektsgrunnlaget inn, seier Mørland.

Kvarteret har ifølgje henne allereie slanka vareutvalet, som eitt av tiltaka for å snu den økonomiske utviklinga. Prisane for brukarane blir derimot som før. Ifølgje Kvarteret-leiaren er dei nødvendige grepa allereie gjort for å få budsjettet til å gå i balanse i 2023.

— Det er veldig innskrenka i forhold til det vi tidlegare har hatt, vi har gjort mange kutt vi ikkje synest det er kjekt å gjere, seier Mørland til Studvest.

Powered by Labrador CMS