Kortnytt

Reknar med å bruka to millionar på hotell og vakter

Publisert

Norges Handelshøyskole (NHH) reknar med å bruka to millionar kroner på smittevernvakter og karantenehotell. Det skriv K7Bulletin (Bulle).

NHH betalar både for overnattinga og ein sum for kost for utvekslingsstudentar som må på karantenehotell når dei kjem til Noreg, seier rektor Øystein Thøgersen.
NHH betalar både for overnattinga og ein sum for kost for utvekslingsstudentar som må på karantenehotell når dei kjem til Noreg, seier rektor Øystein Thøgersen.

NHH brukte 450.000 kroner på smittevernvakter i fjor, og har sett av 1,3 millionar kroner til å dekka karantenehotell for utvekslingsstudentar. Dette opplyser rektor Øystein Thøgersen til Bulle.

— Me er førebudd på at summen kan koma opp mot to millionar kroner, og me har litt å gå på utover det også, seier Thøgersen.

Det er regjeringa som har bestemt at utdanningsinstitusjonane skal betala karantenehotell for utvekslingsstudentar. Som Khrono har skrive, er det fleire andre av institusjonane som rapporterer at dei brukar ein god del pengar på dette, mellom anna brukar NTNU fem millionar kroner.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS