Etter all denne uroa som har vore, har eg bedt HR-avdelinga starte eit arbeid med å sjå på rutinane for vitskapleg tilsette sine reiser, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved Universitetet i Bergen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Går gjennom reiserutinar etter terroraksjonane

Universitetet i Bergen går gjennom reiserutinar for vitskapeleg tilsette etter den siste tidas terroraksjonar. ​

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— I kraft av si særleg uavhengige stilling, kan vitskapleg tilsette vere kvar som helst. Det gjer det vanskeleg å nå dei når terroristane slår til, krigen bryt ut eller elvene renn over. No varslar universitetsdirketør Kjell Bernstrøm ved UiB ein gjennomgang av rutinane.– Vi har ein generell reisepolicy, der teknisk-administrativt tilsette er pålagte å følgje andre rutinar enn dei vitskapleg tilsette, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til På Høyden.

Universitetsdirektøren fortel at teknisk-administrativt tilsette skal bestille tenestereiser via reisebyrået Berg-Hansen. Dermed vil reisebyrået ha oversikt over kven som er i områder som vert råka av terror eller naturkatastrofar.

– Frå Berg-Hansen får vi automatisk lister over tilsette som har reist til dei aktuelle områda, seier Kjell Bernstrøm.

Teknisk-administrativt tilsette skal også fortelje nærmaste overordna kvar dei reiser og kvar dei skal vere. Leiinga har også god kontroll på kvar i verda UiB-studentar er til ei kvar tid.

Den øvste leiinga har derimot ingen overordna oversikt over kvar dei vitskapleg tilsette er til ei kvar tid.

Det er ei politisk avgjerd at vitskapleg tilsette skal ha ei særleg fri og uavhengig stilling

Kjell Bernstrøm

– Det er ei politisk avgjerd at vitskapleg tilsette skal ha ei særleg fri og uavhengig stilling, seier Kjell Bernstrøm

På institutt der dei vitskapleg tilsette reiser mykje, finst det i følge Bernstrøm eigne rutinar.

Varslar endring

Vitskapleg tilsette er ikkje pålagte å bestille reiser via Berg-Hansen. Men sjølv ei bestilling via reisebyrået vil  berre gje informasjon om kva flyplass ein reiste frå og kva flyplass ein landa på, ikkje kvar ein oppheld seg.

– Etter all denne uroa som har vore, har eg bedt HR-avdelinga starte eit arbeid med å sjå på rutinane for vitskapleg tilsette sine reiser. Eg nemnte dette også for dekanane i går. Gitt at uroa i verda held fram med å auke, må vi diskutere korleis vi prinsipielt skal handtere reisepolicyen vår, seier Kjell Bernstrøm

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS