Streik
Regjeringa stoppar Akademikerne-streiken. Unio streikar vidare
Leiar i Akademikerne er djupt skuffa over at regjeringa sundag kveld greip inn i Akademikerne-streiken med tvungen lønsnemnd. Unio-streiken held fram.
Akademikerne og Unio har streika sidan 24. mai. Hovudkravet var å behalda ein eigen tariffavtale, medan staten ville ha ein felles avtale med både Akademikerne, Unio og LO. Stat. Måndag var det varsla opptrapping av streiken.
Med denne opptrappinga ville om lag halvparten av dei tilsette i Nasjonal sikkerheitsmyndigheit ut i streik. Dei er organiserte i Akademikerne.
Frykta for at dei ikkje ville greia å ivareta kritiske oppgåver ved uynskte hendingar var hovudårsaka til at regjeringa tek i bruk lønsnemnd i konflikten med Akademikerne, skriv dei i ei pressemelding sundag kveld.
Unio streikar – Akademikerne går tilbake på jobb
– Me er skuffa over at me har hamna her, og at me ikkje greidde å bli samde om dette gjennom forhandlingar eller mekling, sa leiar i Kari Tønnessen Nordli i Akademikerne Stat etter møtet med statsråden til pressa.
Nordli ber alle streikande i Akademikerne om å møta på jobb som normalt måndag morgon.
Regjeringa har ikkje varsla tvungen lønsnemnd i konflikten med Unio.
Utfordrande i Unio også
I pressemeldinga frå regjeringa står det at Arbeids- og inkluderingsdepartementet har fått rapportar om det dei omtalar som utfordrande situasjonar i verksemder som er påverka av streikeuttaket til Unio, men at krava til å bruka tvungen lønsnemnd er og skal vera høge.
– Me vil på vanleg måte fylgja med på Unio-streiken vidare og konsekvensane av han, seier Brenna i pressemeldinga.
Frå og med måndag morgon 3. juni, vil Unio trappa opp streiken betydeleg, med 1594 nye medlemer og ha 3336 medlemer i streik. Fleire politidistrikt blir hardt råka, mellom anna Oslo politidistrikt, Øst politidistrikt og Sørvest politidistrikt, i tillegg til Nav, Skatteetaten og ei rekke universitet og høgskular. Sjå fullstendig oversikt i lenka under:
Nyeste artikler
Hvor er høyresiden i studentpolitikken?
Cheating ourselves with AI. A response to Atle G. Guttormsen
Professor mener seg misbrukt av spionsiktet
Mastergrad gir nødvendig faglig ballast for barnehagelærere
Har lurt på korleis det er å vera forskar når ein søv godt om natta
Mest lest
Ansatt hentet ut e-postadresser og sendte reklame til studenter
Ville kontraktsfeste at 25 prosent av lønna skulle tjenes inn via prosjekter
Den nye NSO-lederen: — Det skjer alltid uventede ting
Universitetsledere suspendert etter SMS-utveksling
Tøffe kutt i Sørøst-Norge