korona
Reagerer på at feiring av doktorgraden vert digital
— Dette var min sjanse til å gå med kappe, seier Ragnhild Iveranna Hogstad Jordahl. Ho er skuffa over at doktorgradspromosjonen i aulaen er avlyst.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I vår avslutta Ragnhild Iveranna Hogstad Jordahl doktorgradsarbeidet sitt i filosofi med ein digital disputas. Universitetet i Bergen, som ho disputerte ved, plar ha ein høgtideleg doktorpromosjon tre gongar i året. Men då Jordahl i juli fekk invitasjon til promosjonen for dei som disputerte i vår, viser det seg at arrangementet vil vere digitalt.
UiB holder fast ved at doktorpromosjonen nå i august blir avviklet digitalt.
— 🏳️🌈 Dr. Prinsesse Soda 🏳️🌈 (@sodafountainrag) July 30, 2020
Dvs at vi som satt alene hjemme hos oss selv og disputerte også skal få sitte hjemme hos oss selv og bli promotert. Ingen kapper, ingen stas, ingenting.
Jeg er helt utrolig skuffet.
— På grunn av smitteverntiltaka kan me dessverre ikkje invitera dykk til aulaen, heiter det, og dei som skulle kunne samla nokre av sine næraste i aulaen, vert i staden oppmoda til å laga mindre arrangement heime i si eiga stove.
Far (87) får ikkje koma
— Dette var min sjanse til å gå i kappe, seier Jordahl tørt.
— Eg synest ikkje dette reflekterer kor stort det er å ha oppnådd ei doktorgrad. Alle me som har hatt disputas etter 12. mars har hatt det åleine. Det fungerte heilt greitt, sjølv om det ikkje var det ein hadde sett føre seg. Men no får me altså ingenting, seier ho vidare.
Ho skreiv om reaksjonane sine på Twitter, og fekk fleire reaksjonar: «Utrolig kjipt», «Jeg synes definitivt ikke det er du som er urimelig her» og «Burde ha vore mogleg å gjennomføre» er blant tilbakemeldingane.
Jordahl sjølv skriv at far hennar, som er 87 år, har sagt at dottera si doktorgrad er det største han har opplevd.
— Dersom det hadde vore ein vanleg promosjon, hadde eg kanskje invitert mamma og pappa til å koma, seier ho til Khrono.
— Kjem du til å ha ei privat feiring heime?
— Nei. Foreldra mine bur i ein annan by, og sjølv kjem eg til å vera travel med semesterstart, seier Jordahl, som skal undervisa på ex.phil.
— Så dette er ikkje noko eg kjem til å prioritera.
Tok kontakt med UiB
Då invitasjonen kom, tok ho kontakt med Universitetet i Bergen og spurte om ein ikkje kunne ha fakultetsvise promosjonar, eller om det var mogleg å utsetja. Svaret var at dette hadde vore vurdert, men at det ville vera krevjande å finna fleire datoar der alle dekanar og representatar frå rektoratet kunne delta.
— For meg er det ikkje eit poeng at dette må gjerast no, eg kan gjerne venta. Samstundes skjønar eg at koronasituasjonen gjer at ein ikkje veit kor lenge ein må venta, seier Jordahl.
Ho meiner òg at UiB kunne vurdert å bruka eit lokale som har plass til fleire gjester.
— Eg greier å sjå at det er dust å henga seg opp i dette, men eg synest det er trist, seier Jordahl.
Rektor: Usikker på om godt vedtak
UiB-rektor Dag Rune Olsen seier at han forstår at ein vert skuffa.
— Å feira etter å ha jobba hardt i mange år, er viktig, seier han.
Det var difor ikkje med lett hjarte universitetsleiinga har avlyst ein fysisk promosjon.
— Me har drøfta dette fram og tilbake, og kom fram - under tvil - til at det skal vere digital promosjon. Dette er ganske store arrangement, som må planleggast i forholdsvis god tid, så me var usikre på kva reglane kom til å tillata. Me har òg diskutert å ha to eller tre promosjonar same dag, men noko av stasen er å fylla aulaen, seier Olsen, og legg til:
— Om dette er eit godt vedtak, veit eg ikkje.
Han seier at det har vorte diskutert å utsetja promosjonen. Men sidan nye kandidatar disputerer, og skal verta invitert til promosjon, kan ein risikera at ein berre flyttar eit problem.
Universitetsleiinga og musikarar kjem til å vera i aulaen under promosjonen, men med ein meters avstand både mellom musikarar og under innmarsjen.
— Og me håpar dei nye doktorane ser på heimefrå, og gjerne pyntar seg litt, seier Olsen.
Fysisk i Oslo
Universitetet i Oslo (UiO) avlyste doktorkreeringsseremoniane i vår. Neste arrangement skal vera 17. august. Dette arrangementet vert fysisk, opplyser UiO i ein e-post til Khrono. Også NTNU avlyste i vår, og skal ha ny doktorpromosjon i november. Førebels er det ikkje bestemt om dette vert eit fysisk arrangement eller ikkje.
NMBU utset doktorpromosjonen til 2021, og har berre ei mindre markering i haust, og UiT - Norges arktiske universitet plar ha doktorpromosjon på universitetet sin fødselsdag i mars. Førebels er det ikkje bestemt korleis dette arrangementet vert.
Universitetet i Søraust-Noreg skriv på eigne nettsider at dei skal ha doktorkreeringsseremoni i Bø 18.september.
Nyeste artikler
Øyvind Eikrem har fått se mappen sin: NTNU og PST har hatt kontakt siden 2014
Vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland — med varsemd
Hennum vil velges til den ene stillingen hun ikke har hatt ved universitetet
Lanserer korte studier for å lokke nye lærerstudenter
Tid for forskning
Mest lest
Leder fikk grovt krenkende julekort i posten. — Ble oppfattet som truende
Forskeren ble sagt opp etter 20 år: — Universitetsverden er veldig forstokket
Hoel fikk spørsmål om kjønn på Stortinget. Svarte bare «nei»
Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring
Fikk bli med i prøveordning for unge forskere og ble professor etter fire år