UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner at auka kvalitet kjem gjennom internasjonalisering, ikkje gjennom fusjonar. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner at auka kvalitet kjem gjennom internasjonalisering, ikkje gjennom fusjonar. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

— Internasjonal satsing gjer universiteta betre

— Universiteta som lykkast internasjonalt, lykkast òg nasjonalt og regionalt, sa UiO-rektor Ottersen på universitetets årsfest onsdag.

Publisert Oppdatert

Framfor ein fullsett Universitetets aula la rektor Ole Petter Ottersen inn nokre velvalde ord om korleis Universitetet i Oslo kan bli endå betre. Han begynte med å visa til universitetet han leier er på 58. plass i verda mellom 20 000 universitet på den siste Shanghai-rangeringa:

– Universitetet i Oslo er nummer 11 i det kontinentale Europa. Me har aldri lege høgare. Me er i det øvste sjiktet i Europa der med høyrer heime, slo han fast. Deretter peika han på at den einaste måten eit universitet kan bli betre på er gjennom internasjonalisering.

– I dagens verd er eit universitet sitt bidrag til byen, regionen og landet avhengig av det internasjonale konkurransepotensialet det har.  Me må konkurrera både i forskingskvalitet og i utdanningskvalitet med dei aller beste, understreka han.

Etter hans meining måtte UiO då halda fram med å vera det flinkaste universitetet i Noreg til å henta inn forskingspengar frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

– I dag får UiO halvparten av dei forskingspengane som kjem frå ERC til norske forskingsinstitusjonar. Med Noregs bidrag på 20 milliardar kroner til EUs forskingsprogram Horisont 2020, må jobben med å få tilbake ein del av desse pengane til Universitetet i Oslo, intensiverast, meinte han.

I dagens verd er eit universitet sitt bidrag til byen, regionen og landet avhengig av det internasjonale konkurranse-
potensial det
har.

Ole Petter Ottersen

Heimlege fusjonar gir ikkje kvalitet

Ole Petter Ottersen kom også med eit lite spark til den pågåande fusjonsprosessen i universitets- og høgskulesektoren.

– Vegen til kvalitet på utdanning og forsking - den kvaliteten som skal gi Noreg ny innsikt og bringa nasjonen Noreg frå særstilling til omstilling - går ikkje gjennom heimlege fusjonar og velmeinte pålegg frå styresmaktene om tettare samarbeid med andre nasjonale aktørar. Vegen til kvalitet går gjennom internasjonalisering - det å eksponera seg for internasjonal konkurranse og lata denne konkurransen tenna den gnisten som er så avgjerande for innsatsen vår - som student, forskar og leiar. Me må alle finna gleda ved å strekkja oss, og den gleda finn me ved å eksponera oss for internasjonal konkurranse og kritikk, konstaterte UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Delte ut UiOs prisar

Forskingsprisen blei delt ut til ekteparet og psykologiprofessorane Kristine Walhovd og Anders Fjell, innovasjonsprisen til medisinprofessor Erik Fosse, formidlingsprisen til Robert Marc Friedman og læringsprisen til fysikkprofessorane Morten Hjort-Jensen og Anders Malte-Sørensen. Prisutdelarar var prorektor Ragnhild H. Hennum og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Årsfesten blei avslutta med utdeling av kongens gullmedalje til dei beste doktorane frå alle dei åtte fakulteta frå året som er gått.

Klassiske kulturinnslag

Akademisk korforening stod bak sangen på årsfesten. Universitetets symfoniorkester, strykarane og systrene Elise Båtnes og Henninge Landaas og ei blåsegruppe sett saman av Marie Nøkleby Hanssen, Lars Brynestad, Malene Fosli Flataker og Trond Sagbakken kom med dei andre musikalske bidraga.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!