Rektor, Svein Stølen, kan nok ein gong skåle for at Universitetet i Oslo er best i Noreg på ei internasjonal universitetsrangering. På den siste fagrangeringa frå Times Higher Education er UiO også nest best i Norden i to kategoriar. Foto: Siri Øverland Eriksen

Rangering: Universitetet i Oslo nest best i Norden på to fagområde

Danmark på topp. Universitetet i Oslo er rekna som det nest beste i Norden innan samfunnsvitskap og utdanningsvitskap i ei fagrangering frå Times Higher Education.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Innan samfunnsvitskap (social sciences) er Universitetet i København rekna til å vere det 57. beste i verda. Deretter følgjer Universitetet i Oslo (UiO) som nummer 72 av dei totalt 720 som er på lista i denne kategorien i ei ny rangering frå Times Higher Education (THES).

FAKTA

Universitetsrangering

Det finst ei rad internasjonale universitetsrangeringar. Blant dei mest kjente står det britiske magasinet The Times Higher Education (THES) for.

Først ute var Shanghai Jiao Tong University Academic Ranking of World Universities (ARWU), lansert i 2003. Sidan har fleire kome til og fått stor innverknad på korleis universiteta kan posisjonere seg i ein globalisert forskings- og utdanningsmarknad.

Andre kjente rangeringar er QS World Univerity Rankings og CWUR (Center for World University Rankings).

Den aller første rangeringa av utdanningsstader vart publiert i USA i 1910 av psykologen James McKeen Cattel, og var basert på talet på «eminente vitskapsmenn» i institusjonane.

Dei internasjonale rangeringane i dag baserer på til dels svært ulike indikatorar som gir tilsvarande ulike innslag. På alle rangeringane dominerer likevel amerikanske og europeiske eliteuniversitet.

Mange land har også nasjonale rangeringar av ulikt slag. Det finst så langt ikkje i Noreg.

Kjelder: Nifu, Nokut, Minerva

UiO er med det over hundre plassar høgare enn neste norske på lista, Universitetet i Bergen (UiB), som er i samlekategorien 176.-200.-plass. NTNU er mellom 201. og 250.-plass, medan Noregs arktiske universitet – UiT er tatt med blant dei 500 beste i verda (401-500).

Høgast rangert innan samfunnsvitskapelege fag akkurat no er Massachussetts Institute of Technology (MIT), med Universitetet i Oxford og Harvard på dei neste plassane.

Alle universiteta blant dei 20 beste i denne kategorien høyrer heime i USA eller Storbritannia, med eitt unntak – det kinesiske toppuniversitetet Peking University.

Frå Danmark er også Universitetet i Århus på topp 100 i kategorien samfunnsvitskap. Sverige har tre universitetet inne blant dei hundre: Uppsala, Lund og Universitetet i Stockholms universitet på 80., 81. og 88. plass.

Danmark best i business

Times Higher Education har i rangeringane av universitet og fagområde også sett på juss, økonomi/business og education, ein kategori som inkluderer lærarutdanning, pedagogikk og forsking innan desse felta.

UiO gjer det også skarpt i utdanningskategorien og hamnar på 66. plass. I denne kategorien er det Universitetet i Helsinki som kjem best ut på 60. plass. Den anglo-amerikanske dominansen blir broten i dette feltet: Universitetet i Hong Kong, er rangert som det tredje beste i verda, etter Stanford og Harvard i USA.

I tillegg til UiO er berre NTNU med på lista av dei norske i denne kategorien og hamnar på 251-300.-plass.

Når det gjeld økonomi- og business-fag er UiO derimot ikkje rangert. Der er det to norske med: NTNU som er plassert mellom 251.-300.-plass og UiT Noregs arktiske universitet i kategorien 500+. Begge er dermed langt bak dei beste i Norden, Copenhagen Business School på 32.-plass, finske Aalto på 54. og Lund universitet i Sverige på 75. plass.

I rangeringa av det juridiske fagområdet er UiO på 76. plass blant dei 190 universiteta som er på lista. Også her er danskane på topp i Norden, Copenhagen Business School er nummer 47. Lund i Sverige følgjer hakk i hæl på 50. plass. Ingen andre norske universitet er inne på lista i denne fagkategorien.

Viktige og omstridde

Universitetsrangeringane frå Times Higher Edcuation (THE) blir av mange rekna som den mest prestisjefylte. På den generelle rangeringa av dei beste universiteta i verda for 2019 fall alle dei norske rangerte universiteta på lista, samanlikna med året før. Også her var UiO best i Noreg, og nummer 131. i verda. UiB følgde deretter i kategorien mellom dei 201. og 250. beste.

UiO var det 7. beste universitetet i Norden på denne rangeringa. Noregs største universitetet, NTNU, hadde heile 25 andre nordiske universitet framom seg på lista.

Universitetsrangeringane er omstridde, og det norske Forskningsrådet er blant dei som ser heilt bort frå dei, på grunn av metodiske veikskapar og for spinkelt datagrunnlag.

Rangeringane blir likevel rekna som viktige i den strategiske planlegginga og omdømmearbeidet på universiteta, dei norske inkludert.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS