undervisning

Psykologisk fakultet får framifrå undervisarar

Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen utnemner no dei tre første framifrå undervisarane. Dei skal vera stammen i eit pedagogisk akademi.

Elisabeth Norman er professor ved Institutt for samfunnspsykologi, og ein av tre framifrå undervisarar ved Det psykologiske fakultetet ved UiB. Norman underviser særleg bachelorstudentar i generell psykologi. -Ei inspirerande gruppe, seier ho.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Marit Ulvik, Rune Krumsvik og Elisabeth Norman vert no alle merittert som framifrå undervisarar ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB). Fakultetet vedtok ordninga med framifrå undervisarar i fjor. Det kom inn ti søknader om å få denne meritteringa då ordninga vart lyst ut i fjor haust, og no er altså dei tre første kandidatane meritterte.

Pedagogisk akademi

— Desse tre har gjennom måten dei jobbar på vist stor interesse for og hatt eit konsekvent fokus på studentane si læring, seier Per Einar Binder.

Han er visedekan for profesjons- og masterutdanning ved Det psykologiske fakultetet, og har leia styringsgruppa som har hatt ansvar for både utlysing og gjennomføring av søknadsprosessen.

Marit Ulvik er professor ved Institutt for pedagogikk.

Binder peikar òg på at dei som no er utnemnde har vist særs god evne til å nytta tilbakemeldingar frå studentane i undervisninga si, og dei har jobba systematisk over tid med å utvikla undervisning.

No er planen å bygga eit pedagogisk akademi ved fakultetet der dei framifrå undervisarane får plass.

— Kva konkret dei skal bidra med til resten av fakultetet er noko me må utvikla saman med dei over tid. Men eg ser på det som heilt naturleg at desse tre får ei rolle når det skal utnemnast nye framifrå undervisarar om omlag to år, seier Binder.

Ordninga er noko ein må søkja seg til sjølv, ein kan ikkje verta nominert.

— Det er eit aktivt val. Ein må brenna for undervisning, seier visedekanen.

Vil vekka engasjement ved engasjement

Ei av dei som brenn for undervisning er Elisabeth Norman. Ho er professor ved Institutt for samfunnspsykologi. Ulvik og Krumsvik, begge professorar, høyrer heime ved Institutt for pedagogikk.

— Eg har alltid syntest at undervisning er både viktig og gøy. Eg ønskjer at undervisninga skal verta best mogleg, og legg vekt på å høyra på tilbakemeldingar frå studentane, seier Norman.

Rune Krumsvik er professor ved Institutt for pedagogikk.

Ho seier at ho ikkje har tenkt på moglegheita for noko utteljing for undervisning, men likte at moglegheita til å søkja om ei merittering kom.

— Det ga meg ei moglegheit til å tenkja gjennom kva det faktisk er eg driv med, og formulera nokre tankar kring dette.

— Er du ein av undervisarane som er først ute med det nye?

— Nei, det er eg ikkje, humrar Normann.

— For meg er det digitale i alle fall ikkje eit mål i seg sjølv. Men eg prøver å vekkja engasjementet hos studentane ved å sjølv vera fagleg engasjert. Eg legg vekt på det som verkeleg engasjerer meg, og eg er oppteken av å ha dialog med studentane i undervisninga. Og så synest eg det er viktig å involvera studentar i forsking.

Ikkje dugnad

Når dei no i første omgang er tre som har fått status som meritterte undervisarar, håpar Normann ein på fakultetet kan få i gang ein dialog og eit fellesskap kring undervisning. Ho seier at det i nokre tilfelle er temmeleg vasstette skott mellom fagmiljøa, medan ein i andre miljø snakkar ope om undervisning og deler røynsler. Ho håpar på meir dialog om undervisninga på tvers av institutt.

— Eg håpar undervisning kan verta noko ein vågar å ta seg tid til å snakka meir om, også når noko er vanskeleg eller går dårleg, seier Norman.

Ho peikar òg på undervisningsrekneskapen.

— Ein får lite utteljing for å forbetra emna ein underviser i. Dette håpar eg ein kan gjera noko med, det skal ikkje vera dugnadsverksemd å utvikla god undervisning.

Powered by Labrador CMS