Etter ein hjerneoperasjon kallar professor emerita Siri Meyer seg sjølv ein kyborg - ei blanding av menneske og maskin.

Ho har ikkje skjelvingane som ein gjerne tenkjer at dei med Parkinson får, Siri Meyer. Men kroppen har stivna og det er vanskelegare enn før å bevega seg.

Professoren fekk Parkinson. Ein vert stempla som avvikar når ein brukar stokk, seier ho

Publisert Oppdatert

I 2016 kom diagnosen.

Men sjukdommen har nok kome snikande nokre år før det. Siri Meyer minnest at ho måtte halda seg godt fast i gelenderet då ho skulle ned trappa i HF-bygget i Bergen. Det var ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) ho hadde arbeidsstaden sin heilt frå 1984, men dei siste åra av arbeidslivet var noko annleis.

Fakta

Siri Meyer

  • Fødd 1952
  • Tok magistergrad i kunsthistorie i 1983 og leverte doktoravhandlinga «Mennesket eller maske? Refleksjoner over kunst, vitenskap og individ» i 1994.
  • Professor i kunsthistorie frå 1998, emerita frå 2021
  • Leia Senter for europeiske kulturstudier (SEK) frå 1993-2004
  • Dagleg leiar for Ibsen-jubileet i Bergen 2005-06
  • Har mellom anna òg vore kunstkritikar i Bergens Tidende, spaltist i Morgenbladet og kåsør i P2.
  • Fekk Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling i 2008
  • Starta forlaget Kalliope kunstbøker i 2021, og har mellom anna gitt ut antologien «Vendepunkter»

Kjelde: Wikipedia og sirimeyer.no

Symptomene hadde kommet snikende, uten at jeg merket det. Men nå var de ikke til å overse. Sladdede bilder fra sjelens mørkerom kom til syne: den subbende gangen, hender som griper om gelenderet, fallene på flat mark. Stygge bilder. Da jeg utpå sensommeren skulle besøke søsteren min på Hedmarken, tok jeg med meg en stav. Like etter kjøpte jeg enda en, på fysioterapeutens anbefaling. Du må rette deg opp i ryggen når du går, sa hun. Løfte blikket. Ellers kommer verden til å forsvinne. Og det gjorde den.

Dette skriv Meyer sjølv i antologien «Vendepunkter», gitt ut på hennar eige forlag i 2021.

Leita etter forklaringar

— Mor mi hadde dårleg hørsel. Eg tenkte at det jo er ein samanheng mellom hørsel og balanse, og at det difor kunne vera ei logisk forklaring på at eg snubla så mykje, seier kunsthistorie-professor emerita Meyer.

Og forklaringa var i og for seg logisk, når diagnosen først kom: Parkinsons sjukdom. Den står på lista over sjukdommar nokon rett og slett får, utan at ein veit noko om årsaka til det.

— Parkinsons sjukdom oppstår når visse nerveceller i hjernen sluttar å laga nok dopamin, som nervecellene treng for å senda signal rundt i hjernen og til nervar ute i kroppen. Dopaminmangel gjer det vanskeleg å kontrollera musklane og er difor årsak til endring i rørslene dine, heiter det hos Helse Norge.

— Eg har tenkt at eg bestemmer over mitt liv, fordi eg kan tenka. Men slik er det ikkje. Kroppen bestemmer, seier Meyer.

Stokken har ho parkert ved kafébordet, og ho fortel om korleis det er når menneske ho møter ser stokken - ikkje henne.

— Det er ein lagnad eg deler med fleire, det rammar alle som ikkje ser «normale» ut, uansett diagnose. Me vert, heilt ufrivillig, påført ein identitet som «avvikar». Det aller verste er kanskje når du misser noko av mimikken i andletet, seier Meyer.

I essayet i «Vendepunkter» skildrar ho korleis det er å få kommentarar på at ho ser sur ut - nettopp fordi mimikken ikkje er som før.

— I det heile teke betyr utsjånaden mykje i vår moderne kultur, det skal ikkje mykje til før du fell utanfor, seier Meyer.

— Det går nokre år før ein finn seg i ein slik diagnose, seier Siri Meyer.

Operasjon i hjernen

Noko skjedde i sommar. Meyer har vore i Trondheim, på St. Olavs Hospital, og har gjennomført såkalla djup hjernestimulering. Det er ein operasjon ein gjer på nokre parkinsonpasientar, der medisin ikkje lenger gir god nok verknad.

Fakta

Parkinsons sjukdom

  • Parkinsons sjukdom er ein kronisk sjukdom som mellom anna påverkar hjernen si evne til å styra rørsler.
  • Sjukdommen utviklar seg gradvis, og dei første symptoma kjem ofte snikande.
  • Pasientar med Parkinson har minst to av tre kjernesymptom: redusert evne til å starta og gjennomføra viljestyrte rørsler, ei spesiell form for stivheit i musklar og skjelving (først og fremst når kroppen kviler).
  • Sjukdommen skuldast først og fremst nedsett mengde dopamin i eit bestemt område i hjernen. Symptoma vert betra mellom anna ved at ein gir legemiddel som aukar dopamininnhaldet i hjernen.
  • Om lag 8000 personer i Norge har Parkinsons sjukdom, med 100–150 nye tilfelle per 100 000 innbyggjarar per år.
  • Sjukdommen startar ofte i 50–70-årsalderen, og førekomsten aukar med aukande alder. Menn vert råka oftare enn kvinner.

Kjelde: Store norske leksikon

— Eg er ein kyborg, smiler Meyer, og viser til omgrepet som skildrar eit vesen med både biologiske og teknologiske komponentar. Hos Meyer er det to elektroder i hjernen og eit batteri under huda i brystet som gir straum.

Sjølvsagt vil ein finna kyborgar i science fiction-sjangeren, der det berre er fantasien som set grenser for kva teknologien kan gjera med eit menneske, men også menneske med til dømes pacemaker vil kunne plasserast i denne kategorien.

Det var Donna J. Haraway, ein amerikansk biolog og feminist, som gjorde kyborgen berømt. I «A Cyborg’s Manifest» fra 1985 brukar ho kyborgen som døme på ein mennesketype eller identitet som er open for ytre påverknad, og som difor ikkje er eintydig. I seinare tid har Haraway vore oppteken av alt levande liv med glidande overgangar til menneskelivet. Det er slike tankar som ligger til grunn for posthumanismens syn på verda, der mennesket ikkje har noko særstilling.

— Dette er utgangspunktet for interessante diskusjonar mellom forskarar frå mange ulike disiplinar. Som kunsthistorikar har eg teke humanismens verdsbilete for gitt, der mennesket er midtpunktet og målestokken for alle ting. Så eg føler meg skikkeleg utfordra, seier Meyer.

— Det finst altså ulike typar liv. Og det vert òg ein politisk debatt: Dersom livet skal vernast, må ein då ta omsyn til alt levande?

Kallar seg ikkje pensjonist

Ho jobba ved UiB til ho var 68, men arbeider framleis.

— Eg tenkjer ikkje at eg er pensjonist, seier professor emerita.

Ho stiller spørsmål ved kvifor samfunnet er så oppteke av å dela folk inn i identitetsbåsar.

— Eg fylte 70 i vår, og hadde ein fest. Ingen av dei som kom dit presenterte seg med at «eg er pensjonist og nøgd med det». For mange er det vanskeleg å seia at ein er pensjonist, fordi det er så negativt lada. Det er òg ein identitet som ein vert påført utanfrå, du har ikkje valt han sjølv. For min eigen del har eg alltid vore oppteken av intellektuelt arbeid, eg kan ikkje tenkja meg eit liv utan bøker. Så kvifor gjera alder til den viktigste identitetsmarkøren, når det sier så lite om kven du eigentleg er?

Det andre Meyer er oppteken av, er korleis ein tidlegare framstilte menneske med funksjonshemmingar. Ho trekkjer fram fleire døme frå filmverda: I den kjende «Dr. Strangelove» frå 1964 spelar Peter Sellers ein vitskapsmann. Han er filmens meisterhjerne, men sit i rullestol og kan ikkje kontrollera korleis armane rører seg. I «Trollmannen frå Oz» møter Dorothy både eit fugleskremsel og ein tømmerhoggar av blikk - altså ein figur utan hjerne og ein utan kropp.

— Men i desse filmane skildrar ein ikkje dette som noko gale. Dei vert ikkje kategorisert, verken som avvikarar eller som noko anna som skil dei frå folk flest. Tvert om. Dei er Dorothy sine beste venner, seier Meyer.

Trommesett

For professoren Meyer, som altså har kunsthistorie som sitt fag, har det vore interessant å møta eit heilt anna fagfelt: Medisinen. Ho har donert hjernen sin til forsking.

— Forsking er viktig, ikkje minst når det gjeld kroniske sjukdommar som Parkinson, seier ho.

I fjor skreiv NRK om hjernebanken Haukeland universitetssjukehus ønskjer å oppretta.

— Når eg er død, så er eg død. Det er berre kjekt viss nokon kan bruka meg til eit eller anna, sa Meyer då.

Ho har òg vore med i Kjetil Vikene sitt forskingsprosjekt om musikk og Parkinson. Vikene er litteraturvitar og postdoktor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi ved UiB. Om sitt eige prosjekt skreiv Vikene hos forskning.no at ein trur at rytmisk musikk kan redusera dei fysiske symptoma ved Parkinson.

Vårt Land fortalde i fjor at Meyer har kjøpt seg trommesett.

— Å spela verkar der og då - eg får livgivande energi. Og så er det veldig moro! Eg har kjøpt eit brukt trommesett, men eit digitalt, seier ho, og legg humrande til at det nok er best for naboane.

Å koma i kontakt med forskarar frå eit heilt anna fagfelt enn hennar eige, har vore veldig interessant, synest Siri Meyer. Ho er oppteken av koplinga mellom hjernen og kunst.

Ein lever no

— Kan ein oppnå alt med teknologi, spør Meyer, og viser til Lena Lindgrens kritikarroste «Ekko».

I essayet vert både mytologi, psykologi og teknologi fletta saman.

Meyer svarar sjølv:

— Teknologi er ikkje alt, men ein kan få til meir enn ein trur. Og sjølv om ein har fått ein diagnose som min, er det mykje ein kan halda fram med og fylla tida med.

— Kva tenkjer du om framtida?

— Eg tenkjer ingenting om framtida. Det beste er å leva i notida. Det har eg tenkt mykje på - og eg trur det er noko ein må læra seg.

Powered by Labrador CMS