rettssak

Professor møter rektor i retten. Forlanger erstatning frå NHH etter varslingssak

Leif Egil Hem fekk ordensstraff og vart fråteken stillinga som instituttleiar. No går professoren til sak mot arbeidsgivaren. 

Leif Hem og Øystein Thøgersen, NHH
Leif Hem (til venstre) går til sak mot arbeidsgivaren og rektor Øystein Thøgersen med krav om at ordensstraffa han har fått mot seg må gjerast ugyldig.

Han har tidlegare varsla søksmål. No er det klart at den betente striden mellom professor Leif Egil Hem og arbeidsgivaren hans, Noregs handelshøgskole (NHH), endar i retten. 

Torsdag og fredag møtest partane, professor og rektor, i Oslo tingrett. Hem er representert ved Forskerforbundet, rektor Øystein Thøgersen, NHH og Kunnskapsdepartementet ved regjeringsadvokaten (NHH er ein statleg høgskole). 

Leif Hem vart i januar 2024 omplassert og fråteken åremålsstillinga han hadde som instituttleiar, med heimel i ordensstraff, ein paragraf i Statsansatteloven. 

Bakgrunnen var ei varsling mot han hausten 2022 frå ein stipendiat han var rettleiar for. 

Hem har heile vegen nekta for skuldingane. 

Varslar skal vitne

Hausten 2023 sende Hem eit brev til Kunnskapsdepartementet, der han skulda rektor Thøgersen for utfrysing, maktmisbruk og fryktkultur. Kunnskapsdepartementet sende saka tilbake til NHH. Thøgersen avviste skuldingane. 

I tingretten skal rektoren forklare seg om bakgrunnen for vedtaket om ordensstraff, og forventningane til instituttleiarrolla som Hem hadde.

Forskerforbundet vil på vegner av Hem legge fram krav om at ordensstraffa blir kjent ugyldig, i tillegg til erstatningskrav på opp til 100.000 kroner.

Stipendiaten som varsla er også blant dei som skal vitne i rettssaka. 

Leif Egil Hem vart som ledd i ordensstraffa pålagd å halde seg borte frå arbeidsplassen NHH i Bergen.

Advokatrapport

Etter at varselet kom inn, engasjerte NHH advokatbyrået Simonsen Vogt Wiig til å granske saka gjennom ei såkalla faktaundersøking. I rapporten konkluderte advokatane med at Hem hadde utsett varslaren for utilbørleg åtferd i strid med arbeidsmiljølova.

Det er dette som ligg til grunn for at NHHs styre vedtok å pålegge Hem ordensstraff.

I brevet NHH sende Hem med «underretning om ordensstraff» etter styrevedtaket, er det også lagt vekt på det som blir kalla «etterfølgende opptreden». I dette ligg det mellom anna skuldingar om at han skal ha brote teieplikta og påbodet om å ikkje kome på kontoret. 

Ordensstraff etter statsansatteloven paragraf 25 er ein streng reaksjon som knapt har vore i bruk mot professorar tidlegare. 

— Grunnlaust

Leif Hem meiner han allereie har tilbakevist forhold som advokatrapporten legg til grunn for sine konklusjonar. Han har også stilt seg undrande til påstandane mot han om «etterfølgende opptreden».

«Den eneste etterfølgende opptreden jeg kan klandres for er at jeg har forsøkt å forsvare meg mot de grunnløse beskyldningene som er fremsatt», uttalte han i ein e-post til Khrono i februar 2024. 

Striden mellom Hem og NHH har i fleire omgangar blitt omtalt i Khrono.

Hem har også meint at NHH ikkje hadde heimel til å stenge han ute frå arbeidsplassen, og at oppmøte følgjeleg ikkje kan brukast som grunnlag for ordensstraffa. 

Varsla mot kona

Hendingane som skal ha ført til varselet mot Hem skriv seg frå seinhausten 2021. 

Varslaren, stipendiaten som Hem var rettleiar for, hevda å ha blitt trekt inn i det som vart oppfatta som ein samlivskonflikt mellom Hem og kona hans, som på dette tidspunktet jobba på NHH. Varselet var retta mot både Hem og kona hans.

Mellom anna skal stipendiaten ha opplevd det som ubehageleg at Hem inviterte henne på kino og middag for å feire at ho hadde fullført midtvegsevauleringa til doktorgraden.

Både Hem og kona har avvist varselet og hevda det bygger på misforståingar.

Regjeringsadvokat Kristoffer Nerland, som fører saka for NHH og Kunnskapsdepartementet, seier at Hem har gjort så myke over lengre tid, at «det samla sett ikkje kan foreinast med å vere instituttleiar med personalansvar».

— Studentar og stipendiatar skal møte ein profesjonalitet hos rettleiarar og absolutt ikkje bli pressa inn i personlege forhold og familiære problem. Gjengjelding mot varsling og spredning av helseopplysningar er også i strid med kva dei skal tole når dei studerer og arbeider ved ein høgskule eller universitet, seier han.

Hem har ikkje ønskt å gi kommentarar til Khrono i forkant av rettssaka. Det har heller ikkje Thøgersen. Hems advokat frå Forskerforbundet har ikkje svart Khrono.

«Grundig prosess»

Khrono har fått innsyn i sluttinnlegga til partane. Regjeringsadvokaten har lagt fram påstand om at høgskolen må frifinnast, og meiner Hems «adferd har skadet den aktelse eller tillit som er nødvendig for hans stilling».

«Etter statens syn har NHH som arbeidsgiver lagt til rette for en grundig prosess som både har tatt hensyn til varsler og omvarsledes rettigheter», heiter det frå regjeringsadvokaten.

Det er sett av to dagar til rettssaka i Oslo tingrett. 

Powered by Labrador CMS