Forsking og utvikling
Professor Kari Dyregrov får prestisjepris
Dyregrov er tildelt den ferske forskings- og utviklingsprisen ved Høgskulen på Vestlandet.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er for sitt forskingsarbeid knytt til sårbare tema som sorg, sjølvmord og narkotikarelatert død, at professor Kari Dyregrov ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) får den nyoppretta prisen.
— Det er utruleg hyggeleg å motta ein slik pris. Eg veit kor mykje god forsking som skjer ved alle fakultet ved HVL, då er det veldig stort å motta ein slik pris. Eg har mange dyktige kollegaer med meg som gjer at eg får lov til å drive med gode prosjekt, og ikkje minst legg HVL til rette for det, seier prisvinnar professor Kari Dyregrov i ei pressemelding.
Ni nominerte
Den 12. oktober lyste forskings- og innovasjonsutvalet (FI-utvalet) for første gong ut ein forskings- og utviklings-pris (FoU) ved Høgskulen på Vestlandet.
Fakulteta nominerte totalt ni kandidatar, og fredag vart prisen delt ut til professor Dyregrov.
— Gjennom sitt forskingsarbeid og engasjement har Kari Dyregrov bygd opp eit glimrande og inkluderande forskingsmiljø ved HVL. På grunn av ei heilskapleg vurdering avgjer FI-utvalet at FoU-prisen går til professor Dyregrov, seier Gro Anita Fonnes Flaten, som er prorektor for forsking og leiar av FI-utvalet.
Fagjuryen lovpriser Dyregrov
Fagjuryen omtalar Dyregrov som ein anerkjend forskar innan sårbare tema. Ho har vore prosjektleiar for ei rekke med forskingsprosjekt og er no ansvarleg for verdas største forskingsprosjekt på etterlatne etter narkotikarelatert død – den såkalla END-studien, står det i pressemeldinga.
Fagjuryen skriv vidare at Dyregrov har ei inkluderande og delande haldning. Ho bidrar til kompetanseheving ved instituttet, og ho løftar kollegaer opp og fram. Juryen lovpriser også Dyregrov for utmerkande formidling av sitt fagfelt, gjennom tallause intervju i fagtidsskrift, TV, radio og aviser i Noreg og internasjonalt.

Har forska i 35 år
Kari Dyregrov har 35 års erfaring som forskar, og har spesialisert seg på sorgarbeidet og støtteapparatet rundt etterlatne etter brå død. I tillegg til narkotikarelatert død har forskinga dreidd seg om etterlatne etter sjølvmord, terorråtak, kreft og plutseleg barnedød.
– Eg forskar på triste tema, og har mange gongar blitt spurd om korleis eg held motet oppe sjølv. Svaret er at dette er så meiningsfullt og givande å jobbe med. I tillegg har eg ein god grunnmur av ein trygg og god familie, seier prisvinnaren.
Til sommaren går Dyregrov ut av professoratet for å tre inn i pensjonslivet. Likevel vil ho halde fram i ei 20 prosent stilling.
Nyeste artikler
Krever at studenter i praksis skal få mer økonomisk hjelp
Revolusjonen venter ikke på KI-utvalgets anbefalinger
NHO-topp: Staten bør vera i front med å setja pengar i uavhengig forskingsfond
Når samfunnet skal omstilles må høyere utdanning være med
Columbias rektor går av. Den nye rektoren har vært tydelig kritisk til demonstrantene
Mest lest
116 studenter felt for KI-fusk i fjor. Særlig én ting avslørte dem
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
To uker før masteren skulle leveres, fikk hun tilbud om å ta doktorgrad
Frykter at de ikke har råd til å bruke milliardbygg
Diesen vil bli australsk statsborger. — Eskalering av sverting og hets