Meir praksisnær kunnskap

Praktor blir eit begrep for den erfarne, reflekterande, vidsynte og kloke praktikaren. Ein modell med praktorgrad, vil kunne bli eit kraftig insentiv på praksisfaga sine premissar, skriv forskar Sigurd Haga.

Publisert Oppdatert

Universiteter og høgskolar har mykje til felles, men det finst også vesentlege skilnader. Dette er det viktig å minne om nå når departementet planlegg ei ny omorganisering, ei ny ytre strukturendring av universitets- og høgskolesektoren: Regjeringa har bestemt at talet på utdanningssinstitusjonar skal ned og institusjonane er bedne om å velja kven dei vil slå seg saman med. 

Høyringsfristen gjekk ut 1. februar og ei stortingsmelding skal leggjast fram før påske. Regjeringa har også sagt at den ikkje vil oppretta nye universitet. Likevel arbeider fleire høgskolar for fullt for å oppnå statusheving til universitet.

Prioriteringar

Då leiaren av Forskarforbundet, Petter Aaslestad, vart spurd om kva han ville gjort dersom han var kunnskapsminister i ti minuttar, svara han slik:

«Kunnskapsministeren bør slå et slag for det praksisnære forsknings- og utviklingsarbeidet i profesjonsutdanningene og også minne resten av akademia om deres betydning.» (Forskerforum nr. 10, 2014).    

Mitt første tips til statsråden er at han må ta utgangspunkt i at profesjons-høgskolen og universitetet har ulike mandat. 

Sigurd Haga

Utsegna er uttrykk for ei viktig prioritering. Men den er også kontroversiell. I ei tid då leiinga ved dei fleste høgskolane er prega av ei sterk universitetsentusiasme, viser ordet praksisnær til eit alternativ til det kunnskapssynet og den utviklingstenkjinga som har vore så framtredande ved høgskolane etter 1994. 

Tyngdeforskyving

Vi fekk då ei felles lov for universiteter og høgskolar: 98 høgskolar vart slått saman til 26, og ved høgskolane vart det etablert to nye nivå mellom utdanningane og departementet; sentraladministrasjonen og avdelingsnivået. 

Denne omorganiseringa førte til ei omfattande tyngdeforskyving, ei overflytting av styrings- og definisjonsmakt frå dei tidlegare sjølvstendige praksisorienterte profesjonsutdanningane og til dei nye administrative nivåa. Svaret på spørsmålet: Kor fekk - eller kor tok dei nye nivåa (dei fleste) av sine oppgåver frå? er svært informativt. 

Men nedprioriteringa av yrkesorienteringa og det faglege handverket er ikkje av ny dato. Då distriktshøgskolane vart sett igang (1969), vart det bestemt å bruke universitetet sine tilsettingskriterium. Denne lettvintløysinga har fått paradoksale konsekvensar. Som nissen på lasset vart denne ordninga refleksjonslaust med inn i den samanslåtte høgskolen. 

Dugande universitetsutdanna personar (t.d. frå styringsfaga statsvitskap og sosiologi), slike som ikkje har lauga seg i praksisfeltets og profesjonsutdanningane sitt erfarings- og fagforståingsbad, kom snøgt til å setje sitt preg på utviklinga av den samanslåtte høgskolen. 

Og saman med administrasjonen, med si forankring i den nyliberale målstyringsideologien og styringsmoten: The New Public Management, har dei vore pådrivarar for universitettsorienteringa. Ei sentral tese i NPM er at leiing er eit eige fag og at leiarar ikkje treng ha innsikt i den verksemda dei skal leie. Det har mange profesjonsutdanningar fått merke følgene av. Der ein t.d. før hadde undervising for 20 studentar, som ein kjende og kunne rettleie, kan ein nå førelese for 200 studentar, utan møteplikt. 

I fråværet av ein grunnleggande fagdebatt har universitetsorienteringa ført til at den praktiske kunnskapstypen og høgskolen si primære verksemd; utdanning til praktisk yrkesutøving, er blitt nedprioritert. Slik eg ser det var Kvalitetsreforma i 2003  det største steget i utviklinga bort frå den praksis og det perspektivet som skulle ta hand om den praksisnære fagutviklinga ved høgskolen. Dei sterke insentiva: ordningane med bachelor- og mastergrad og tilrettelegging for doktorgrad og professoropprykk, fullførde langt på veg «universitetiseringa» av høgskolen. 

attende til Aaslestads viktige utfordring: Korleis kan kunnskapsministeren, i den situasjonen høgskolen nå er i, slå eit slag for ei praksisnær utvikling av av profesjonsutdanningane?

Mitt første tips til kunnskapsministeren er at han må ta utgangspunkt i at profesjonshøgkolen og universitetet har ulike mandat. Høgskolen si primære oppgåve er å utdanne høgt kvalifiserte profesjonsutøvarar: lærarar, helse- og omsorgspersonell, ingeniørar, politi osb. Dette er handlings- og samhandlingsorienterte yrkje. Det dreier seg om konkret og direkte deltaking, om medverknad og inngrep i folks liv; i klasserommet, i behandlings- og omsorgssituasjonar, bak skrankene, på byggeplassar og i gatene. Profesjonsutøvarane er velferdssamfunnet sine frontsoldatar og intellektuelle førstelinearbeidarar: Dei skal i sin praksis også formidle samfunnet vårt sine verdiar. Det er denne verdiforankra profesjonelle praksisen som skal gi utøvarane status og verdi. Ved forskingsuniversitetet er det andre ideal som rår grunnen, t.d. opparbeiding av ny, universell kunnskap og publisering i internasjonale tidsskrift.

Det neste eg vil peike på er ideen om det faglege fellesskapet, dette at kvar utdanning er eit fagleg  problemløysingsfellesskap og eit kunnskapande samhandlingsfellesskap. Ved høgskolen er det lærarkollegiet som er (og bør vere) høgskolen si grunneining. Dei tilsette ved utdanningane er høgskolen sine primærpersonar. Det er dei, som kollektiv, som har det konkrete, studentnære ansvaret for kvaliteten på den omfattande oppgåva: å utdanne og danne kunnige, teknisk-praktisk flinke, sosialt reflekterte, demokratiske og moralsk dugande profesjonsutøvarar. 

Er det ikkje då tankevekkjande at det er dei som har dette konkrete ansvaret som har blitt den tapande parten, så vel når det gjeld arbeidsbelasting og medbestemming, som når det gjeld anerkjenning, sosial status og økonomi, samanlikna med tilsette i høgskolen si sekundære og tertiære verksemd, slike som utafor utdanningane t.d. driv med forsking, administrasjon og konsulentverksemd? 

For å bøta på dette, og for å gi høgskolens primære verksemd ein ny giv, går mitt konkrete forslag ut på at kunnskapsministeren etablerer eit insentivsystem som er direkte sikta inn mot utviklinga av profesjonsutdnninganes faglege eigenart og høgskolens primærpersonar. Konkret kan dette skje ved å oppretta eit alternativt og likeverdig meritteringssystem i tillegg til doktorgradsmodellen. Dette alternativet har eg valt å kalla praktormodellen, jf. det aristoteliske begrepsparet praxis – phronesis.  Praktor blir då eit begrep for den erfarne, reflekterande, vidsynte og kloke praktikaren. Ein fagutviklingsmodell med praktorgrad, vil, innafor det eksisterande lov- og regelverket, kunne bli eit kraftig insentiv på praksisfaga sine premissar. 

I boka «Utdannings- og undervisingskunsten – i akademiseringas og marknadstilpassingas epoke» står det meir å lesa om dette forslaget.  

(Kronikken er først publisert i Dag og Tid.)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS