Følg STyremøtet direkte
Pengane hopar seg opp på Nord universitet — justerer budsjettet for 2021
Strengare reglar frå staten fører til at Nord har fått det travelt med å bruke opp pengar på bok neste år. Universitetet legg 50 millionar ekstra til budsjettet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Saka står på dagsorden til styremøtet ved Nord universitet som onsdag mellom anna skal vedta sitt endelege budsjett for 2021.
FØLG STYREMØTET DIREKTE FRÅ KL. 08.30
Per i dag har Nord universitet godt over 100 millionar kroner meir på bok enn eit nytt regelverk, som er planlagt innført frå Kunnskapsdepartementet gir rom for, frå budsjettåret 2022. Forslaget til vedtak i Nord-styret legg derfor opp til ein auka pengebruk for 2021 med oppunder 50 millionar kroner meir enn det som opphavleg var budsjettert.
Pengane skal i hovudsak gå til «strategiske tiltak i 2021 som primært rettes mot forskningsavdelingen, eiendom og kommunikasjon», heiter det i sakspapira.
Fleire har bingen full
Redusert aktivitet, særleg knytt til reising, har ført til at endå meir pengar enn planlagt ligg i bingen når koronaåret 2020 ebbar ut. Medan planen var å trappe ned avsetningane, har den uventa reduksjonen i utgifter ført til det motsette.
Nord universitet er ikkje åleine med å ha hastverk med å rekke å plassere sparepengane sine.
Som Khrono tidlegare har skrive om er avsetningane, eller pengar på bok, samla i milliardklassen ved universitet og høgskular. Med eit nytt forslag frå regjeringa som inneber ei skarp avgrensing av kor mykje pengar institusjonane får ha i bingen, hastar det med å putte kroner i investeringar og prosjekt, dersom pengane ikkje skal gå tilbake til statskassa.
«Hurtig disponering »
Det vil «nå være viktig med en hurtig disponering av avsetningene, og dette reflekteres i rammene for 2021 ved at det foreslås betydelig økt bruk av avsetninger i 2021 enn vanlig», står det i saksframlegget til styret ved Nord universitet.
Blant andre saker som skal opp på årets siste styremøte ved Nord universitet er vedtak om ny universitetsstrategi for 2021-2030.
Det er også lagt opp til orientering om framtidige lokale for studiestad Namsos og om prosessen kring Trøndelag Forskning og Utvikling.