Sjå direkte: Vil ha betre utteljing på eksterne forskingsmidlar
Bergen. Universitetsstyret er samla til årets første møte, og skal mellom anna diskutera korleis Universitetet i Bergen kan få endå betre utteljing i kampen om eksterne forskingsmidlar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Sjå møtet direkte nederst i saka.)
Universitetet i Bergen (UiB) har slett ikkje så verst utteljing dersom ein ser på tildelte midlar frå både Forskingsrådet og ERC. Men særleg når det gjeld sentertildelingar, som Senter for framifrå forsking, kjem UiB mykje dårlegare ut enn både UiO og NTNU, skriv På Høyden.
— Slike senter kan gi ei omfattande, langsiktig finansiering for grunnleggande forsking, og dermed òg rammer som gjer det mogleg å utvikla verdsleiande fagmiljø, heiter det i saksframstillinga.
Saka om korleis ein kan få meir forsking av høg kvalitet er ei av dei som står på sakskartet når universitetsstyret har årets første møte torsdag. Møtet startar klokka ti, og du kan sjå det direkte nederst i saka.
God utteljing i Horizon 2020
UiB har ein høg suksessrate i EU sitt rammeprogram Horizon 2020, og kjem godt ut når det gjeld talet på prestisjestipend til forskarar, innan ERC-programmet. Men ein skårar dårlegare når ein ser på talet unge forskartalent som har fått personlege tildelingar gjennom Forskingsrådet.
Styret vert bede om å ta saka til etterretning. Og saka heng saman med den saka som er plassert før på sakskartet; revidering av UiB sin strategi «Hav, liv, samfunn». No skal styret vedta strategien, som òg var diskutert på fleire møte i fjor. Deretter vil dei få ei ny sak om oppfølging i neste styremøte.
I saka om forsking av høg kvalitet heiter det at ei viktig målsetjing i strategien er å utvikla fleire verdsleiande forskingsmiljø og fagmiljø av høg internasjonal standard.
— I arbeidet med å revidera strategien har det vorte peika på at det er viktig å systematisera verkemiddel og tiltak for å kunne realisera UiB sine høge ambisjonar for forskinga, heiter det.
Rapportar og årsmeldingar
Sakslista er lang. Som På Høyden har skrive, kjem truleg ei av sakene til å gå bak lukka dører. Det er saka om tryggleikstiltak.
S 1/19 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 2/19 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 29.11.2018
S 3/19 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 4/19 Tildelingsbrev for 2019 fra Kunnskapsdepartementet til UiB
S 5/19 Revidering av UiBs strategi Hav, Liv, Samfunn 2016 – 2022
S 6/19 Forskning av høy kvalitet ved UiB: kvalitet, aktivitet og gjennomslag i EU og Forskningsrådet
S 7/19 Gjennomgang av tiltak – sikkerhet knyttet til bygg som inneholder vesentlige verdier - Unntatt offentlighet i.h.t. offl. § 24, 3. ledd
S 8/19 Økonomirapport 2018
S 9/19 Tiltaksplan for anskaffelser 2019
S 10/19 Årsplan for internrevisjon 2019
S 11/19 Inkubatorbygg på Bygg for biologiske basalfag (BBB)
S 12/19 Etablering av Marineholmen RASLAB AS
S 13/19 Søknad om midler til oppgradering og tilpasning av forsknings-og utdanningsareal
S 14/19 Det norske institutt i Athen. Framtidig organisering
S 15/19 Instruks for personvernombudet ved Universitetet i Bergen
S 16/19 Bruk av sikkerhetskamera ved Universitetet i Bergen
S 17/19 Innstegsstilling, tidlig sluttevaluering
S 18/19 Årsrapport for Universitetet i Bergen 2018
V-18/19 Styret beretning
S 19/19 Årsrapport fra Likestillingskomiteen 2017 – 2018
S 20/19 Redelighetsutvalgets årsmelding 2018 og justering av mandat
S 21/19 Årsmelding for 2018 - Den sentrale klagenemnd
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!