Should we stay, or should we go?

Mens styreleiar i Det Norske Studentersamfund (DNS), Andreas Slørdahl, drøymer seg vekk frå Chateau Neuf, er dei på huset delt i synet på ei mogleg flytting. For er graset så grønare på den andre sida?

Publisert Oppdatert

Leiar av Det Norske Studentersamfund i Oslo, Andreas Slørdahl, er omringa av glasbyggjarstein og oransje fliser. Chateau Neuf, teikna av arkitektane Slaatto og Lund, er eit prakteksempel på brutalismen, rå betong. Bygget er eigd av Universitetet i Oslo, men ei fristasjonsavtale gjev at DNS disponerer bygget vederlagsfritt.

«Slottet» er over 9000 kvadratmeter og kan huse opp mot 3000 gjestar. Ein vanleg måndag ser det dermed ganske glissent ut i foajeen. Ifølgje styreleiaren er vanskane med å fylle opp lokala ein av grunnane til at det renn meir pengar ut enn inn.

Les óg: Planer om nytt studenthus 

Økonomisk rot

Den skakkøyrde økonomien har lenge vore eit problem for DNS.

I 2013 gjekk DNS med eit underskot på nær ein halv million kroner. Den heileigde dattera, Chateau Neuf AS, gjekk med underskot på nær 6 millionar kroner. I 2014 var det gått ned til «berre» 3,8 millionar. DNS sjølv gjekk då med overskot på 172.000 kroner. Økonomiansvarleg Martin Tveten opplyser at heile organisasjonen (DNS og Chateau Neuf AS til saman) i 2015 ligg an til å gå omlag i null - viss Oktoberfest går som forventa.

På ein e-post tidlegare i september forklarar styreleiar Slørdahl det slik:

«Det er sjølsagt mange grunner til hvorfor økonomien har gått dårlig på Chateau Neuf de siste årene. Én viktig årsak er at Det Norske Studentersamfund har gjort noen alvorlige forretningsmessige blundere. Vi har hatt ansvar for et enormt kulturhus med millioner i omsetning, men har fokusert på å prøve å være en paraplyorganisasjon for Oslos studentforeninger, og overlatt viktige driftsmessig oppgaver til en liten gruppe mennesker uten at styret har vært så veldig involvert i det.»

Det er den viktigaste avstemminga på 44 år, og vi veit ikkje kva vi skal stemme over.

Anders Vik

Det Norske Studenter-samfund har gjort noen alvorlige forretnings-messige
blundere. 

Andreas Slørdahl

— Burde ikkje styret vore meir involvert?

— Jo, det burde vi, og det er noko vi har jobba med i heile år,  seier Slørdahl (biletet over). 

— Vi har arbeidd mykje med å gje myndigheit til dei som faktisk har greie på ting. Det er alltid ein fare ved frivillige studentar at det ikkje blir bra nok. Men gir vi ikkje folk sjansen, tar vi ikkje oppgåva vår på alvor. Dei skal få vere del av ein bedrift. Det vil for eksempel vere lenge til eg får vere styreleiar for ein organisasjon med ei slik omsetting igjen, seier han.

Tener pengane på ølfest

Om det er tomt i foajeen er det folk på huset. I møtekorridoren er alle møterom okkupert av radio Nova. Radiospirene er så travelt opptatt at det kun er nettredaktør Jawad Benhammou som har tid til å snakke med oss om ei mogleg flytting.

— Eg har blitt glad i huset og vil vere her. Denne staden har ei lang historie og folk kjenner seg meir knytte til fysiske stadar enn til organisasjonar, seier Benhammou (biletet over).

Hektisk aktivitet er det òg utanfor Chateau Neuf. Eit gedigent telt skal frå og med torsdag 1. oktober huse Norge sin største årlege studentfestival, Oktoberfest. Per dags dato er det denne festivalen som held DNS  flytande. I år har dei budsjettert med ein million kroner i overskot.

— Det er vår «crowed pleaser». Det arrangementet gjer det mogleg med smalare tilbod resten av året. Vi hadde måtta leggje ned for mange år sidan utan Oktoberfest. Festivalen er det som reddar vår kredibilitet hjå kreditorane, fortel Slørdahl.

Om ein går for ei flytting av DNS, hevdar Slørdahl det er mogleg at ein òg må prioritere vekk Oktoberfest slik ein kjennar den i dag. Det er rett og slett ikkje plass hjå dei andre alternativa.

Dei fem alternativa til Chateau Neuf er Kristian Ottosens hus på Blindern, St. Olavs gate 32, Deichmanske hovudbibliotek på Fredensborg, Youngsgate 9 på Youngstorget og Botsen på Grønland.  St. Olavsgate blir rekna som det mest sannsynlege alternativet, men rapporten frå flytteutvalet har latt vente på seg. 13. Oktober skal valet gjerast.

Lenge til flytting

Ane Maus Sandvig (biletet under) står og ventar på møte i Feministisk forum. Ho fortel at flytting ikkje har vore tema hjå dei. Sjølv har ho heller ikkje noko formeining.

Hjå fotoklubben derimot har dei diskutert flyttinga.

— Det viktigaste for oss er at vi har eit studio og mørkerom, seier Hans Bergsund.

Carl-Frederic Salicath hadde på si side tykt om å flytte til Botsen.

— Det hadde vore utruleg humor om vi alle hadde enda i fengsel. Vi kunne kalla det Chateau Dix.

Dei to vil uansett resultat av generalforsamlinga i oktober, ikkje ta det så tungt.

– Det heile er så langt fram i tid at vi nok ikkje er med lengre, seier Salicath.

For om det blir ja til flytting så står ein enormt lang prosess for tur. Det kan ta opp mot ti år før DNS er inne i eit nytt bygg. Bygget som er nærmast ei mogleg overtaking er St. Olavs gate 32, men òg der ventar mange hindre. Statsbygg som eig bygningane skal først leggje fram ein plan for Tullinløkka. Ved å røyste ja på generalforsamlinga håper Slørdahl at dei kan bli ein del av desse planane, og helst vere den Statsbygg anbefaler. Så skal eksterne inn å gje si anbefaling, før regjeringa skal ta ei avgjerd. Etter det må pengar samlast inn for å gjere dei nødvendige oppdateringane på bygget.

Viktigast med passande lokalar

Nede på Club førebur dei seg på Manic Monday. Jørgen Baumann er ein av dei som står bak tappetårnet.

— Eg er smått usikker på ei flytting. Sjølv om eit nytt bygg kunne ha fungert, vil det bli langt frå det same. Det vil bli færre barar og det vil ikkje vere plass til like store konsertar.

Vi beveger oss lengre opp i etasjane og blir møtt av ei søtleg lukt og ein mann med gule plastikkhanskar. Vi følgjer etter han og endar opp i rommet til bryggjeforeininga. Plastslangane ligg i vasken, diplom for beste øl heng på veggane, og dei fleste har eit glas i hendene. At bryggjeriet treng betre lokalar er det brei einigheit om. Kva bygg som er best for slikt er meir usikkert.

— Det er den viktigaste avstemminga på 44 år, og vi veit ikkje kva vi skal stemme over, seier Anders Vik (biletet under).

Vik var ein av dei som var med på synfaring av bygget i St. Olavs gate. Han er imponert over huset, men meiner det er provoserande at rapporten ikkje har kome og at ein stiller til val utan ein ordentleg debatt på forhand.

Slørdahl fortel at dei skal ivareta det tilbodet dei har på Chateau Neuf i eit eventuelt nytt bygg. Ellers er ikkje flytting aktuelt. Han ser St. Olavs gates som meir sentralt og betre tilpassa deira behov, men innrømmer at han ikkje er byggeteknisk kompetent til å avgjere om det er mogleg å gjere om bygget til deira formål. Han vil heller ikkje at dei skal gå med på noko anna enn ei fristasjonsavtale.

Saknar informasjon

Misfornøgd var òg mange av dei som møtte opp på medlemsmøte i helga. «Flyttekomiteen er ein kukk som ikkje har greidd å levere den rapporten», var ein av kommentarane frå talarstolen. Heile seansen enda med å bli meir Q&A enn ein diskusjon om framtida til DNS. Fleire meinte det var meiningslaust å diskutere noko som helst utan rapporten til flyttekomiteen og ville ha meir informasjon om andre alternativ enn berre St. Olavs gate.  Det vart òg uttrykt at løysinga på problema DNS slit med i dag kanskje ikkje er å finne i ei flytting. I tillegg blei det stilt spørjeteikn ved kva signal ein sendte til UiO, og om ein brukte opp siste rest av «goodwill» ved å snuse på andre bygg.

Dagen derpå, ruslande rundt i Chateau Neuf, seier Slørdahl seg einig i at dei manglar informasjon. Samtidig meiner han at dei ikkje hadde hatt alle bitane på plass om rapporten hadde vore klar heller.

Bortanfor bryggjeriforeininga held kommunikasjonsavdelinga og Skribentersamfunnet til. Sindre Strand, Thomas Augdal og Øystein Jansen er for ei flytting. Dei meiner Studentersamfundet kjem nærmare studentane ved å flytte.

— Det er hyggeleg her, men det er for stort. Storsalen er jo oftare brukt av andre enn oss, seier Augdal.

Styreformannen sjølv har aldri lagt skjul på at han ønskjer ei flytting. No håper han at ein stappfull storsal 13. oktober skal vere med å bestemme framtida til DNS.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS