Universitetsrektor Ole Petter Ottersen er blitt styreleiar for den nye universitetsalliansen The Guild of European Research Intensive Universities. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm
Universitetsrektor Ole Petter Ottersen er blitt styreleiar for den nye universitetsalliansen The Guild of European Research Intensive Universities. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm

Ottersen leiar for ny europeisk allianse

Rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, skal leie ein ny allianse av framifrå universitet i Europa.

Publisert   Sist oppdatert

17 europeiske universitet blei i Brussel i mai einige om å danna ei foreining for framifrå, europeiske forskingsuniversitet. Rektor Ole Petter Ottersen frå Universitetet i Oslo er styreleiar, skriv Uniforum.

17 framifrå universitet

Den nye universitetsalliansen (The Guild of European Research Intensive Universities) fører saman universitet frå heile Europa som har vist eit framifrå nivå i undervisning, forsking og utforming av politikk.

Dei skal samarbeida for å skapa nyskapande løysingar for nokre av Europas vanskelegaste, vitskaplege og sosiale utfordringar, går det fram av ei pressemelding frå Universitetet i Oslo. 

Universiteta som er med i alliansen, er universiteta i Aarhus (DK), Bologna (IT), Ghent (BEL), Glasgow (UK), Göttingen (TY), Gröningen (NL), Krakow (Jagiellonian) (PL), Ljubljana (SL), Louvain (BEL), Oslo (NO), Paris Diderot (FR), Tartu (EST), Tübingen (TY), Uppsala (SV), Warwick (UK), Radboud University (NL) og King’s College London (UK).

Foreininga representerer ei ny tilnærming til involvering og kompetanse-bygging i heile Europa.

Ole Petter Ottersen
Rektor, UiO, Styreleiar, The Guild of European Research Intensive Universities

Foreininga blir formelt lansert den 21. november i Brussel. 

«Fordel for alle myriadane av samfunn » 

— Foreininga representerer ei ny tilnærming til involvering og kompetansebygging i heile Europa. Me ser fram til høvet til å samarbeida nært med EU-kommisjonen, med europeiske og nasjonale parlamentsmedlemar, byråkratar og andre som kan sikra at me får framifrå strategiske og praktiske resultat som vil vera til fordel for alle myriadane av samfunn i Europa, sa Ole Petter Ottersen då det blei avgjort at foreininga formelt skulle etablerast i november.

Styreleiar Ole Petter Ottersen har med seg følgjande personar i styret: nestleiar Anton Muscatelli (Glasgow), kasserar Stanislaw Kistryn (Krakow) og generalsekretær Jan Palmowski (Warvick).