Dobbeltsiger til UiO i Forskar Grand Prix Oslo
Forskarar frå Universitetet i Oslo tok dei to finaleplassane til Forskar Grand Prix i Bergen i helga. Høgskolen i Oslo og Akershus tok 3. og 4.plassen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Med ein presentasjon av korleis det vil vera mogleg å redda liv ved å senda CT-skannerar med ambulansen for lettare å redda livet til folk som får hjerneslag, vann postdoktor Maren Ranhoff Hov ved Det medisinske fakultetet, UiO Oslo-finalen i Forskar Grand Prix i går kveld.
På andreplass kom Milos Novovic frå Det juridiske fakultetet ved UiO. Han viste korleis store amerikanske nettselskap som Google, Facebook og Spotify fekk tilgang og eigarskap til alle bilete, videoar og tekst me legg ut på nettet, så sant me har skrive under på standardavtalen med selskapa. Ein avtale som alle må skriva under på om dei ynskjer tilgang til appar eller vil bli med i Facebook.
Deltar i landsfinalen i Bergen
Både Maren Ranhoff Hov og Milos Novovic skal representera Oslo på landsfinalen i Forskar Grand Prix i Bergen førstkomande laurdag. Milos Novovic kjem opphavleg frå Montenegro, og begynte å læra seg norsk for to år sidan.
Difor blei både publikum og dommarar imponerte over den glitrande og engasjerande framføringa hans på norsk. Også Maren Ranhoff Hovs vyar om å få CT-skannerar inn på alle helikoptera til Stiftinga Norsk Luftambulanse for å redda endå fleire av dei 12 000 personane i Noreg som årleg får hjerneslag, gjorde inntrykk på alle som var til stades på Sentrum scene denne kvelden.
For henne var det viktig at legar som drog ut med ambulanse eller ambulansehelikopter klarte å finna ut om hjerneslaget skuldast hjerneblødning eller blodpropp. Resultatet av begge blir hjerneslag, men behandlinga er totalt ulik, for den behandlinga som hjelper mot blodpropp, kan ta livet av den som får hjerneblødning.
HiOA tok 3. og 4. plass
På tredjeplass fylgde G. Anthony Giannoumis, frå Høgskulen i Oslo og Akershus med foredraget sitt om universell utforming av teknologi. Steffen Hansen frå Høgskolen i Oslo og Akershus kom på fjerdeplass med ei populærførelesing om korleis auga avslører handlingane dine.
I landsfinalen i Bergen, møter Maren Ranhoff Hov og Milos Novovic, dei beste frå delfinalane i resten av landet. Laurdag kveld blir det avgjort kven som blir kåra til Noregs beste forskingsformidlar 2016.
Juryen i Forskar Grand Prix Oslo var redaktør Nina Kristiansen i forskning.no, direktør Inga Bostad, Norsk senter for menneskerettar, UiO og skodespelar og kunstnerisk leiar Mats Eldøen ved Det Andre Teatret. Overdommar var prorektor Ragnhild H. Hennum.
Konferansier for Forskar Grand Prix Oslo var Per Olav Alvestad, kjen frå Schrødingers katt, NRK.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!