desentralisert utdanning

Opptakskrav: Du må vera hallingdøl

Sjukepleiarutdanninga i Ål har som opptakskrav at studentane kjem frå Hallingdal eller ein av nabokommunane.

Fjellregionen Hallingdal, her med Geilo, ønsker høgare utdanning. Dei seks kommunane i regionen skal no inngå ein intensjonsavtale med Universitetet i Søraust-Norge om å jobba for å få ein eigen campus.
Publisert Oppdatert

Gjennom ordninga for fleksibel og desentralisert utdanning har Universitetet i Søraust-Noreg (USN) fått finansiert studieplassar i Hallingdal frå hausten 2022. Då startar dei opp ei nett- og samlingsbasert sjukepleierutdanning med 25 studieplassar. Dei fekk over 200 søkjarar til studiet som skal høyra til i Ål. Eit av opptakskrava er at du må ha bustadsadresse i Hallingdal eller ein kommunane i nærområdet (sjå faktaboks).

Men i Hallingdal drøymer dei om meir. Dei vil ha ein permanent campus i regionen, også for dei som ikkje har bustadsadresse i Hallingdal.

Motivert av regjeringas ambisjonar med desentralisert utdanning begynte dei for alvor å gjere planane om til realitet i vinter.

Gol kommune tok då initiativ til eit møte med Høgskulen på Vestlandet, Kunnskapsdepartementet og USN. Sistnemnde tente på ideen og gav signal om at dei ønskte å gå vidare for å sjå på moglegheitene i Hallingdal. Signala frå departementet har også vore positive. I april fekk dei også med seg nabokommunane gjennom Regionsrådet Hallingdal, som består av Flå, Nesbyen, Gol, Ål, Hol og Hemsedal.

— Då me tok kontakt med USN var det som å sparke opp ei open dør. Me ble møtte med ei forståing på at dette er eit område som manglar høgare utdanning, fortel Gol-ordførar, Heidi Granli (Ap).

Skal inngå intensjonsavtale

— Eg har stor forståing for at hallingdalsamfunnet har vendt seg til universitetet for å sjå nærmare på moglegheiter for samarbeid og permanent nærvære i fjellregionen, seier USN-rektor, Petter Aasen, i ein e-post til Khrono.

Fakta

Opptakskrav til fleksisjukepleie Viken (bachelor)

Du må ha generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timar) og gjennomsnittskarakter 3 eller betre i matematikk (224 timar).

I tillegg må du ha ei geografisk tilknyting til utdanningsstaden. Det betyr at du må ha bustadadresse i ein av følgjande kommunar:

  • Flesberg
  • Flå
  • Gol
  • Hemsedal
  • Hol
  • Krødsherad
  • Nesbyen
  • Nore og Uvdal
  • Rollag
  • Sigdal
  • Ål

(Kjelde: USN)

— Som grunnlag for vidare utvikling av samarbeidet vil dei seks kommunane i Hallingdal gjennom Regionrådet og USN inngå ein intensjonsavtale. Avtalen vil innebere at vi skal sjå på moglegheitene for å etablere permanent nærvære for å møta kunnskaps- og kompetansebehovet i regionen i eit samfunnsutviklingsperspektiv, seier Aasen.

USN-rektor Petter Aasen fortel om dialogen dei har hatt med lokalsamfunnet i Hallingdal.

Han opplyser vidare at ei eventuell etablering i Hallingdal vil innebere ein campus der dei som universitet har det heilskaplege ansvaret for relevante tilbod og FoU-aktivitetar i samarbeid med aktørar i privat og offentleg sektor.

— I Hurdaldsplattforma understrekar regjeringa at den vil stille tydelege nasjonale krav til universitet og høgskular om geografisk nærvære for å møte regionale kunnskaps- og kompetansebehov, seier Aasen, og legg til:

— Eit premiss for Hallingdal-initiativet og for vidare utvikling av USN som fleircampusuniversitet, er at nasjonale myndigheiter gjer ord til handling.

Det er rektor som inngår intensjonsavtalen, men styreleiar og styret er orientert om prosessen. Aasen fortel at det er styret som til slutt skal beslutta om USN skal vera til stades i Hallingdal dersom arbeidet gir grunnlag for ei styresak.

Jobba for lenge

Gol-ordførar Heidi Granli fortel at ideen om høgare utdanning i Hallingdal har vore der i over 50 år. I Gol har dei til og med sett av eigne areal som dei har kalla for høgskuletomta.

— Men først då Hurdalsplattforma kom, såg me at det var ein moglegheit til å tenke annleis på finansiering. Me gjekk audmjukt i møte med universiteta, men samtidig pleier vi hallingdølingar å vere tydelege. Så me gjekk hardt ut.

Dei fekk høyre at dei heller burde sjå på studiesenter og smøra seg med tolmod. Ikkje ha så store forventninga. Men i møtet med USN fekk dei altså napp med ein gong.

— Det var befriande å starta ein dialog på den måten. Det har òg vore tydeleg for oss at dersom du skal ha kvalitet, så krev det eit ordentleg fagmiljø og regionalt nærvær.

— Kva betyr eit Campus Hallingdal for regionen?

— Det vil bli eit før og etter i Hallingdal. Vi fekk Bergensbanen i si tid. Og det er eit prosjekt som òg definerast som eit før og etter for oss. Vi har grunnskule, fagskule, vidaregåande skule, men manglar det øvste nivået som kan sørge for at ein kan bu og leve som student i Hallingdal.

Liten stad, men mykje turisme

Dei seks kommunane i Hallingdal husar i dag i overkant av 20.000 innbyggarar. Få pendlar ut, og enda færre pendlar inn. Men turistar og besøkande får dei mange av. Over 120.000 besøker kvart år fjellstrøket som er kjent for vinterturisme.

— Reisenæring er ei stor drivkraft i Hallingdal. I høgsesong kan det kanskje freista besøkande til å komme tilbake som student. Tenk å bu på hytta medan du studerer. Eg er inhabil, men eg har stor tru på at det potensial for høgare utdanning her, slår ordføraren fast.

Eg trur vi kan vi bli ein nasjonalt attraktiv studiestad.

Gol-ordfører, Heidi Granli

For eit område så avhengig av turisme, så slo koronapandemien hardt ned i kommunane. Noko fylkeskommunen også merka. Dei fekk derfor midlar til eit omstillingsprosjekt. Eller utviklingsprosjekt, som dei sjølv har valt å kalla det, for at det skal høyrast meir positivt ut. Dei midlane ønsker dei å bruka til å finna ut kva slags utdanningar som kan vera aktuelle for lokalsamfunnet å starta opp med.

— Vi ønsker å utføra ei kompetansekartlegging i næringslivet. Då kan me få eit grundig svar på kva kompetanse som allereie eksisterer i bedriftene, men også kva me manglar, seier Granli.

Målet deira er hindra fråflytting, auke kompetansen i Hallingdal, og gjera det attraktivt å bu der. Ordføraren viser til at næraste høgare utdanning er to og en halv time unna med transport.

— Eg trur vi kan vi bli ein nasjonalt attraktiv studiestad. Vi ligg midt mellom Bergen og Oslo og har god infrastuktur med tog. Så er det òg eit spennande område som eg trur studenter vil sette pris på.

Powered by Labrador CMS