Klager ved opptak på HiSF førte ikkje fram

Dei 164 studentane som fekk feilaktig beskjed om studieplass ved Bachelor i sosialt arbeid, fekk ikkje medhald i klagenemnda.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tastefeilen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore behandla av Klagenemda. Dei 164 studentane som fekk feilaktig beskjed om studieplass ved Bachelor i sosialt arbeid, får ikkje studieplass.

Dekan ved Avdeling for samfunnsfag og fungerande rektor Anne-Grethe Naustdal, beklagar ulempene ein tastefeil har medført, skriv På Høyden. 

Fekk tilbod ved ein feil

Den 30. juli gjekk det ut tilbod om studieplass til 164 søkjarar som stod på venteliste til Bachelor i sosialt arbeid ved HiSF.

Høgskulen seier seg svært lei for dei ulempene feilen har medført.

Anne-Grethe Naustdal

Ifølge Anne-Grethe Naustdal (bilete over), konstituert rektor ved HiSF, skal feilen ha skjedd då nokon ved høgskulen den 29. juli ved ein tastefeil merka av for at studiet skulle leggast ut på «Ledige studieplassar» på Samordna opptak. Denne avmerkinga vart umiddelbart korrigert. Når eit studium blir lagt ut på “Ledige studieplasser,” blir ventelistene tømde ved neste suppleringsopptak, som i dette tilfellet var dagen etter, 30. juli.

Samordna opptak melder at HiSF ikkje var gjort kjend med prosedyrene ved slike tastefeil, og at høgskulen heller ikkje fekk noko varsel som gjorde at dei kunne ha oppdaga konsekvensen av tastefeilen.

Klagenemda har behandla saka

Klagenemnda ved HiSF har fredag 5. august handsama mottatte klager på tilbaketrekking av tilbod om studieplass. Klagenemnda gjorde følgjande vedtak: «Klagene vert ikkje tekne til følgje».

I ei pressemelding skriv konstituert rektor Anne-Grethe Naustdal at «Høgskulen seier seg svært lei for dei ulempene feilen har medført».

Slik grunngjev Klagenemda sitt vedtak:

«Klagenemnda trekkjer fram at det er på det reine at det ikkje er gjort noko vedtak om tildeling av studieplass til klagarane gjennom organet som har kompetanse til å gjera vedtak, opptakskontoret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Brev om tildeling er sende ut av Samordna opptak etter ein systemfeil i eit elektronisk system, då ein tilsett ved høgskulen gjorde eit feil tastetrykk. Sjølv om meldinga med tilbod om studieplass kan ha sett ekte ut for klagarane, legg klagenemnda prinsipalt til grunn at det ikkje er gjort vedtak om tildeling av studieplass, når det ikkje er gjort vedtak ved rett organ. Meldinga med tilbod om studieplass må rettsleg reknast som ein nullitet, som ikkje gjev nokon rett til studieplass. Slik sett må underrettinga frå høgskulen om tilbaketrekking av tilbod, reknast som ei konstatering av at det ikkje er gjort vedtak med tilbod om studieplass.»

Reagerer på formulering

Studentavisa ved HiSF, Røynda, trekk på sida si fram at høgskulen ikkje offentliggjer heile vedtaket, og dei reagerer spesielt på fylgjende formulering i vedtaket:

«Klagenemnda har særskilt vurdert dei tre klagane der klagarane har sagt opp jobben sin etter at dei fekk tilbod om studieplass.  Klagenemnda viser mellom anna til at dei stod så langt nede på ventelista at dei må ha skjønt at noko var feil då dei fekk tilbod, og at dei har tilbod om studieplassar på andre studium.»

Studentavisa fortel  at det var 3 av 5 nemndmedlemmar som var med på nemndmøtet fredag 5. august, og dei er usikre på kor vidt studentrepresentantane har vore representert på nemndmøtet.

Sjå her: Heile vedtaket publisert hos Røynda

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS