Sosiolog Nil Mutluer skreiv under på akademikarprotesten mot krigen i dei kurdiske områda i Tyrkia. Like etter fekk ho sparken frå jobben på universitetet. Denne veka fortalde ho kollegaer i Oslo om situasjonen i heimlandet. Foto: Ola Sæther

Fekk sparken etter akademikarprotest

Sosiolog Nil Mutluer mista jobben på universitetet i Tyrkia etter å ha kravt fred i dei kurdiske områda.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er ikkje lenger rom for demonstrasjonar og protestaksjonar i Tyrkia. Alt blir slått ned på av politiet og undertrykkingsapparatet til president Recep Tayyip Erdogan, seier sosiolog Nil Mutluer (bildet over) til Uniforum.

Ho mista jobben på universitetet etter å ha kravt fred i dei kurdiske områda.

— No er eg for første gong på jakt etter ein ny jobb. Då eg heldt på med doktorgraden min i Budapest, var det heile tida meininga å venda tilbake til Tyrkia. Det klarte eg, men etter å ha mista jobben min på Nisantasi University i Istanbul, tvilar eg på om eg får ein akademisk jobb i heimlandet mitt, seier Nil Mutluer til Uniforum. I Tyrkia arbeider ho også som journalist.

Me treffer henne i Oslo der ho deltar på ein konferanse om utfordringar for journalistikken  på Høgskulen i Oslo og Akershus. Då ho fekk sparken i februar var ho instituttleiar ved Sosiologisk institutt på Nisantasi University. Den skilde trebarnsmora har vore engasjert i og forska på kjønn i det tyrkiske samfunnet.

Kravde fred i kurdiske område

Saman med 1128 andre tyrkiske akademikarar skreiv ho tidlegare i år under på eit krav til regjeringa om å avslutta krigshandlingane i dei kurdiske områda av Tyrkia. Den 8. februar fekk Nil Mutluer og fem andre sparken frå Nişantasi University i Istanbul fordi dei hadde skrive under på denne appellen. Ein månad seinare har nærare 2000 tyrkiske akademikarar skrive under på oppfordringa til regjeringa om å få til ei fredeleg løysing på den pågåande konflikten.

— Etter at me skreiv under, seier president Erdogan at me ikkje er ekte akademikarar. Samtidig brukar han og politiet anti-terrorlover mot oss for å få oss arresterte eller seia oss opp, fortel ho. – Tyrkiske styresmakter har vist fram bilete av oss i aviser dei kontrollerer, og har sett i gang ein aksjon mot oss som eg vil kalla ein lynsjekampanje, seier ho. Difor prøvde styresmaktene å seia henne og fleire av kollegaene hennar opp frå universitetet. Først då rektoren trekte seg frå stillinga si, kunne universitetsstyret gi dei sparken etter sterkt press frå regjeringa.

— Undertrykking og portforbod

Nil Mutluer er svært uroleg for situasjonen i dei kurdiske områda av landet. – Der går det føre seg ei hard undertrykking og portforbodet i byane blir handheva på aller strengaste vis. Me veit at det også har vore massedrap på sivile i desse områda, men alle spora er sletta. Ein menneskerettsekspert frå Bosnia som hadde vore i desse områda, meinte at situasjonen var verre der enn det hadde vore under krigen i Bosnia. President Erdogan og regjeringa seier at dei er på jakt etter soldatar frå ISIS, medan dei eigentleg er ute etter kurdarane, fortel Nil Mutluer.

Gjennom fleire månader har undertrykkinga vore hard av aviser, tidsskrift og radio- og fjernsynsstasjonar som tilhøyrer venstresida. Men no er også andre utsette:

— Nyleg overtok regjeringa kontroll over den islamske avisa Zaman. Tenk på korleis undertrykkinga vil slå endå hardare inn mot sekulære massemedia når president Erdogan gir ordre om det, peikar ho på.

Som feminist og kjønnsforskar er ho også oppteken av kvinnene sin situasjon i Tyrkia. – Det skjer ofte at dei blir trakasserte av politiet i demonstrasjonar. Dessutan er det meir og meir vanleg at dei blir oppfordra til å underordna seg mennene sine. 290 kvinner blei drepne i familievald i 2015. Ein religiøs leiar sa til og med at det var heilt greitt at fedrar følte ei tiltrekking mot sine eigne døtrer. Eg trudde me var komne mykje lenger enn dette i det tyrkiske samfunnet, seier ho.

— Stabilitet i Tyrkia gir stabilitet i Europa

— Kva kan den norske regjeringa og EU gjera i denne situasjonen?

— Det er viktig å kritisera alle brot på menneskerettane i Tyrkia. Difor er det viktig at flyktningsituasjonen blir løyst på ein annan måte enn slik som det ser ut no. Dersom Europa skal ha stabilitet, må det også vera stabilitet i Tyrkia, slår ho fast.

Norske akademikarar med støtteaksjon

I Noreg har historieprofessor Knut Kjeldstadli ved UiO og Steinar Stjernø tatt initiativet til ein støtteaksjon for dei første 1128 tyrkiske akademikarane som skreiv under på kravet om å få slutt på krigshandlingane i dei kurdiske områda. Så langt har 300 akademikarar i Noreg skrive under, mellom dei UiO-rektor Ole Petter Ottersen, HiOA-rektor Curt Rice og NTNU-rektor Gunnar Bovim.

— Eg håpar norske styresmakter tar situasjonen til dei tyrkiske akademikarane opp i forholdet sitt til Tyrkia, seier Kjeldstadli.

Ein av dei mest positive reaksjonane fekk Steinar Stjernø og Knut Kjeldstadli frå legen og forskaren Cigdem Akalin Akkök på Blodbanken ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin ved Oslo universitetssykehus, Ullevål. – Det er viktig med ein slik aksjon. For i Tyrkia har det fantastiske skjedd at over 2000  akademikarar til no har skrive under på kravet om ei fredeleg løysing på konflikten i dei kurdiske områda. Dei blir trakasserte verbalt, mistar jobbane sine og er blitt truga på livet, fortel ho.

Etter hennar meining er den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan besett av ein einaste idé. – Å bli president i eit presidentsystem som vil gi han endå meir makt uansett pris. Ved valet i juni 2015 blei dette hindra på grunn av det prokurdiske partiet HDP. Då begynte åtaka på dei kurdiske innbyggjarane.  Det er desse åtaka desse akademikarane ville få ein slutt på.  Under 20 prosent av innbyggjarane i Tyrkia kan kallast for ekte tyrkarar. Me er ei blanding av mange forskjellige folkeslag, peikar ho på.

Pressefridomen er ramma

Ytringsfridomens kår er også dårleg for dei som arbeider i media. – Både redaktøren og ein av journalistane i avisaCumhuriyet som avslørte at Tyrkia hadde frakta våpen til ISIS i Syria, blei fengsla i 92 dagar. Då dei slapp ut etter at Høgsterett hadde avgjort at fengslinga var brot på grunnlova, heva Erdogan seg over grunnlova. Han sa at han likevel ville syrgja for å tiltala dei for spionasje, seier ho til Uniforum.

— Utanriksminister Børge Brende kritiserte ikkje brota på menneskerettane med eit ord den siste gongen han var i Tyrkia. No må EU og Noreg reagera og visa at respekt for menneskerettane i eit land er viktigare enn noko anna. Då eg voks opp, fekk me innprenta Atatürks ord om at ein skal syrgja for fred i Tyrkia og fred i verda. Det ser ikkje ut til at Erdogan fylgjer den lærdomen, konstaterer ho.

Den akademiske fridomen lir

Uniforum har også vore i kontakt med Mehmet Ali Alpar, som er leiar for det sjølvstendige vitskapsakademiet i Tyrkia, The Science Academy. Til dagleg er han professor ved Sabanci University i Istanbul. Han er svært glad for støtta dei tyrkiske akademikarane får frå kollegar i Noreg.

— Den er svært velkomen, saman med støtta me får frå kollegar også i andre land, seier han. Han er uroa over situasjonen for den akademiske fridomen på dei tyrkiske universiteta. – Det står ikkje bra til, og i mai eller juni vil me gi ut ein rapport om korleis utviklinga har gått, seier han til Uniforum.

Han stadfestar også at det går dårleg med akademikarar som protesterer mot brot på menneskerettane i Tyrkia. – Nokre har fått sparken og blir stilte for retten, medan andre er blitt arresterte, seier han i ein epost til Uniforum.

Det har ikkje lykkast oss å få ein kommentar frå Den tyrkiske ambassaden i Noreg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS