aksjon
Oppmodar til brevaksjon for at forsking får halda fram
— Send brev til både Forskingsrådet, helseføretak og politikarar, oppmodar ei aksjonsgruppe etter at eit forskingsprosjekt om irritabel tarm ikkje lenger får økonomisk støtte.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«VÆR SÅ SNILL, HJELP OSS Å FÅ POLITIKERE OG HELSE VEST TIL Å FORSTÅ ALVORET HER !!HJELP OSS Å BLI SYNLIGE!FYSISKE BREV ER SYNLIGE, OG DE STYRENDE MÅ FORHOLDE SEG TIL BREV DE FÅR !!!»
Dette heiter det i innlegget på Facebook-sida «Brevaksjon for fortsatt forskning på IBS». Her vert både dei som sjølve har lidinga irritabel tarm og dei som er pårørande til nokon som har det, oppmoda til å senda brevpost til både Helse- og omsorgsdepartementet, Helse Vest, Forskingsrådet og Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
Bakgrunnen for saka er at eit forskingsprosjekt på Stord, leia av Magdy El-Salhy, overlege og professor ved Universitet i Bergen, ikkje lenger får økonomisk støtte. Både helseføretaket og Forskingsrådet har sagt nei, men Helse Fonna kjem til å sikra pengar ut året.
Forska på 350 pasientar
El-Salhy og kollegaene hans har forska på 350 pasientar. Desse har, gjennom to forskingsprosjekt, fått transplantert avføring frå ein donor gjennom ein slange i halsen og vidare ned i tynntarmen. Slik får pasientane friske bakteriar i den sjuke tarmen, skriv NRK.
Av dei 350 rapporterer 90 prosent betring. Omlag halvparten av desse seier at dei vert heilt friske.
Det var Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer som først melde om brevaksjonen. Kristin Nygaard leiar ei aksjonsgruppe på sju med namnet Fortsatt fri forskning IBS Stord. Ho seier til nettstaden at ho er medlem av menneskerettsorganisasjonen Amnesty, og der har fått inspirasjonen til å gå i gang med ein brevaksjon.
— Eg meiner at når eit forskingsprosjekt som det på Stord har fått midlar til studiar, men ikkje midlar til å konkludera, så fungerer ikkje systemet for fordeling av forskingsmidlar, seier ho.
Til Khrono seier Nygaard at det no er stillstand i prosjektet på Stord.
— Slik eg har skjønt det, er ikkje behandlingforma godkjent for andre enn dei som har vore med på prosjektet. Så her er det bygd opp eit apparat, men me får ingen konklusjonar.
Nygaard seier at ny søknadsfrist for forskingsmidlar er i september, og at det er grunnen til at aksjonen kjem no.
— Det er òg valkamp for tida?
— Ja, det er òg valkamp, og det hadde vore fantastisk om irritabel tarm, som så mange har, kunne vorte eit tema der.
Internasjonal merksemd
Helse Norge skriv på sine nettsider at 15 av 100 nordmenn har irritabel tarmsyndrom (IBS). Lidinga er ei tarmliding karakterisert av ubehag eller smerter i magen.
– Sjukmelde har kunna byrja å jobba igjen, og pasientar har fått ekstra energi til å gjera ting dei ikkje klarte før, seier El-Salhy til NRK.
Han seier at resultata skil seg ut frå forsking andre stader, og har vekt internasjonal merksemd.
Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem, er leiar for Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon, som deler ut forskingsmidlane.
«Mange flere søknader enn de som får tildeling, er vurdert støtteverdige. Det er i første rekke de økonomiske rammene som setter grenser», skriv Schem i ein epost til NRK.
54 av 276 søknader fekk tildelt forskingsmidlar for 2021.
Nyeste artikler
Forskning og innovasjon for framtid, nysgjerrighet og nytte
Sintef-sjef og Midtøsten-forsker kan bli Årets trønder
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Disse universitetslederne publiserer minst og mest
Ikke lønnsøkning før i mars og april. Advarer mot skattesmell
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake