studentbustad

Opna 160 studentbustader i Stavanger

15 prosent av studentane i Stavanger får no tilbod om å bu i ein studentbustad.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim hadde fått ei skikkeleg saks då han klipte den raude snora i Stavanger.
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim hadde fått ei skikkeleg saks då han klipte den raude snora i Stavanger.
Publisert

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim fekk skikkeleg utstyr då han skulle klippa den raude snora og gjennomføra den formelle opninga av Gosen studentbustader i Stavanger. I løpet av det siste året har det kome 160 nye studentbustader knytte til Universitetet i Stavanger (UiS) sin campus.

Tre bygg

Dei to første bygga med til samen 91 bustader flytta studentar inn i til studiestart. Det siste bygget, som var ferdig 24.august, skal brukast til internasjonale studentar som kjem til UiS i løpet av hausten. Der er det òg lagt til rette for karanteneopphald.

Dei nye bygga har til saman 160 studioleilegheiter, med eige kjøken og bad.91 av leilegheitene er universelt utforma.
Dei nye bygga har til saman 160 studioleilegheiter, med eige kjøken og bad.91 av leilegheitene er universelt utforma.

Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun var òg til stades under opninga. I ei pressemelding seier ho at det er viktig for byen at studentane kan bu godt og rimeleg.

— Dessverre har me færre studentbustader å tilby enn andre universitetsbyar, og høge leigeprisar i den private marknaden. Me veit òg at mange studentar som bur privat heller kunne tenkja seg å bu i studentbustad, seier Nordtun i ei pressemelding.

Ligg på campus

Med dei 60 nye bustadane kan vel 15 prosent av studentar i Stavanger få tilbod om å bu i ein studentbustad. Dette er under det Norsk studentorganisasjon har som mål, men over det nasjonale snittet, som er 14,78.

I Stavanger-området er det vel 1500 studentbustader. 547 av dei, mellom anna dei 160 nye, ligg på campus.

— Miljømessig er det ein fordel av studentane har kort veg å gå til og frå førelesingar. I tillegg fører det til meir liv på campus, og eit betre studentmiljø, seier bustadsjef i Studentsamskipnaden i Stavanger, Øyvind Lorentzen.

Powered by Labrador CMS