Kortnytt

Olsen engasjert i 15 prosent stilling

Publisert

Påtroppande tilsett rektor ved UiT Norges arktiske universitet, Dag Rune Olsen, er engasjert i ei 15 prosent stilling som seniorrådgjevar ved UiT frå 1. februar og fram til han byrjar i rektorstillinga 1. august.

Det skriv universitetet i ei pressemelding.

Som seniorrådgjevar får Olsen lønnstrinn 80, altså 817 000 kroner i året for tilsvarande full stilling.

Olsen skal greie ut funksjonar og samansetting av rektoratet og ny universitetsleiinga, i det universitetet går frå todelt til einskapleg leiing.

At den påtroppande rektoren vert konsultert i arbeidet er noko universitetsstyret ved UiT ytra ønske om i sitt styremøte i august.

— I mars skal universitetsstyret ved UiT handsame forslag til organisering av det nye rektoratet, og i perioden frå april og framover skal arbeid med å rekruttere nye leiarar starte. Påtroppande rektor må delta i dette arbeidet. Å starte nokre månader før rektorperioden tar til, vil òg gje Olsen tid til å gjera seg godt kjend med UiT, både fagleg og administrativt, seier universitetsdirektør Jørgen Fossland i meldinga.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Kortnytt
Powered by Labrador CMS