UiBs 75-årsjubileum

«Og etter kaffen tok vi så fatt på universitetet». Og etter 75 år kom kongen for å feire

Konge, statsråd og andre prominensar samla seg for å opne UiBs 75 års-jubileum. Løftet om å løyve pengar til universitet i Bergen vart gitt etter eit betre måltid våren 1946.

Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, hadde æra av å ta imot kong Harald til arrangementet i aulaen som markerte starten på det store 75-årsjubileet.
Publisert Oppdatert

«O' ære, berømmelse og indre tilfredsstillelse, o' sannhetssøken helt for sannhetens egen skyld! O' skape mest mulig poeng på den mest mulig effektive måte!»

Ein tettpakka universitetsaula, eit umogleg syn for berre kort tid sidan, er ramma for startskotet på jubileumsfeiringa til Universitetet i Bergen. 75 år etter at bestefaren, kong Haakon, la ned grunnsteinen, kjem kong Harald denne gongen frå hovudstaden for å kaste glans og kontinuitet over hendinga.

Han smiler mest, kong Harald, då poeten Erlend Nødtvedt tar laust med sin høgst bergenske «Ode til UiB», der han i vill fart køyrer sikk sakk i høgt gir, og i revers, gjennom universitetets fortid og notid, gjennom «o' alma mater, den eneste institusjon der helheten er mindre enn enkeltdelene».

Bergen er Bergen, også når det handlar om Universitetet i Bergen, noko den ferske forskings- og høgare utdanningsministeren Ola Borten Moe har notert seg til sin tale.

— Sjøl om æ e trønder, må æ sei ... berrgensera veit korsn en ska feir! Hadde det vore opp til meg, skulle Bergen ha fått jobben som heile Noregs seremonimester til evig tid, seier ministeren.

— Samlar framtidshåp

På programmet står ein parade av talar, frå statsråden, rektoren, ordføraren. Helsingar på skjerm frå statsministeren i Oslo, frå Holbergprisvinnaren, under grå, bergensaktige skyer utanfor Harvard, frå rektor ved Universitetet i Khartoum, frå rektor ved Universitetet i Agder, frå Oslo, frå rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen:

— Eg skulle naturlegvis ha vore saman med dykk, men det let seg dessverre ikkje gjere, seier Olsen, utan å gå nærare inn på det, ei humring går gjennom salen.

«Universitetet i Bergen burde være obligtorisk»! seier poet Erlend Nødtvedt i sin lyriske hyllest til institusjonen.

Noverande rektor, Margareth Hagen, talar ikkje heilt utan poesi, ho heller.

— Eit universitet er drivkraft som samlar framtidshåp, seier ho.

Håpet om få eit universitet til Bergen var allereie langvarig og slitesterkt då grunnsteinen vart lagt den gongen, av kong Haakon.

For tanken om eit eige universitet i Bergen vart tenkt lenge før stortingsvedtaket om å opprette institusjonen endeleg blei gjort på den symbolske datoen 9. april 1946.

Christie, Nansen og Helland-Hansen

Tanken var det ikkje Fridtjof Nansen (1861-1930) som tenkte. Nasjonalhelten, diplomaten, polforskaren, som starta forskarkarriera si ved Bergens Museum på 1880-talet, hadde derimot tankar om å stanse planane.

«Først sa du nei, så sa du ja», syng Arme Riddere i Bruremarsj frå Lødingen.

Men initiativet til Bergens Museum frå eidsvollmannen Wilhelm F.K. Christie, (han som står på sokkel utanfor, som alle bør vite), i 1825, var frå starten tenkt som meir enn museum. Forsking skulle også finne stad.

Den vitskapelege utviklinga skaut fart, ikkje minst takka vere Bjørn Helland-Hansen (1877-1957), styrar av Bergen Museums biologiske stasjon, som frå starten av 1900-talet markerte seg som ein leiande forskar internasjonalt på sitt felt. Nansen var ivrig for å få oesanografen Bjørn Helland-Hansen over til Christiania, frå Bergen, som Nansen hadde karakterisert som ein «ørken», ifølgje historikar Morten Hammberborgs bok «Bergenseren».

«(...) jeg kjender de folk, de er nu engang hanseater og handelsmænd foruden dilletanter», skal Nansen ha skrive.

Men motstanden frå Nansen, frå hovudstadspressa og frå leiande professorar ved universitet i Christiana, måtte til slutt gi tapt. Stortinget let Bergens interesser vinne fram.

Dermed vart Helland-Hansens viktige professorat oppretta, i Bergen, og på lasset vestover sende Stortinget professorløn til heile det vitskapelege personalet på museet i 1910. Dette utløyste optimisme i Bergen, framtidshåp, og planar om å rekke å etablere eit universitet innan museets hundreårsjubileum i 1925.

Men dei gledde seg altså for tidleg.

Relasjonar og oksesteik

Inn til arrangementet i aulaen strøymer professorane i strie straumar og får ly for regnbyene, som så presist er blitt predikert frå Vêrvarslinga på Vestlandet. Og søner av professorar, og døtrer, og søner av døtrer, og døtre av søner.

Noregs nye minister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, innrømmer at bergensarane er betre til å feire enn trønderane.

Ein av sønene som strøymer inn til aulaen er Thomas Helland-Hansen, son av UiB-professor William Helland-Hansen, oldebarn av den store Bjørn Helland-Hansen. Thomas er leiar av Studentparlamentet og held tale på vegner dei i dag 20 000 studentane ved universitetet.

I mylderet seier ein av gjestene, som er leiar for fjernsynskanalen som vart etablert i byen 46 år etter universitetet, til ein annan gjest:

— Det er meir relasjonsstyrt, enn ein skulle tru.

Kva dette «det» er for noko, er uvisst, men det passar fint inn i forteljinga.

I forkant av pennestrøka på Stortinget i 1946 var det til slutt ein betre middag som endeleg fekk det til å skje, 16 år etter at Nansen var lagt til kvile. «Innen regjeringen var det flere som var imot» skriv den bergenske godseigaren Wilhelm Mohr i sine memoarar frå 1969.

Det var mykje høgtid og store og nødvendige ord under jubileumsarrangementet. Høgstemt, poetisk humor frå Erlend Nødtvedt fekk kong Harald i lattermildt humør.

«Utrustet med en stor oksestek og annet godt fra Storetveit» drog Mohr og museumsdirektør Bjørn Trumpy austover. Han var kjent med at legen Bjørn Helland-Hansen, oseanografen Helland-Hansens son, kjende Einar Gerhardsen frå motstandskampen under krigen. «Det ble en meget hyggelig middag» med Gerhardsen og resten av regjeringa rundt bordet, fortel Mohr.

«Og etter kaffen tok vi så fatt på Universitetet».

Litt seinare uti selskapet, kanskje etter litt meir avec, var regjeringsmedlemene samstemte. Vedtaket måtte fattast. Pengar løyvast. Det skulle bli eit universitet i Bergen.

«Ja, jo, - i bunn og grunn »

I aulaen spelar Leif Ove Andsnes den mektige og mollstemte «Kjempeviseslåtten», komponert i 1943 av bergenskomponisten Harald Sæverud, berre forstyrra av duren frå dei elektriske gardinene som uforståeleg blir sett i rørsle i gråveret.

Professor Astri Andersen går på, etter at alle rektorar og andre har sagt sitt, for å fortelje litt om analysane ho har gjort av rektortalar gjennom 75 år.

Kongen går av med eit smil om munnen og Nødtvedts ode i minnet. «O' alma mater, o' reformbyråkratiske akademia! »

I den pent presenterte jubileumshistoria, som er lagt ut på alle stolane, skriv professor Anders Johansen: «Historie er ikke det som ligger bak oss, den er ikke avsluttet. Vi står midt oppe i den, den fortsetter på alle kanter», og vidare:

«Har universitetet levd opp til forventningene? Er det blitt hva man siktet mot og håpet på?». Johansen svarar sjølv:

Samla kring initiativtakaren til Bergen museum som i dag står på sokkel , Wilhelm F. K. Christie, 25. oktober 2021, 75 år etter at byen Bergen fekk sitt universitet. Men det var Kong Harald dei venta på denne gongen.

«Ja, jo, - i bunn og grunn, kanskje, men på helt andre måter enn det var mulig å se for seg den gangen».

Jubileet held fram ut veka, eigentleg heile hausten, kanskje heilt fram til neste jubileum.

Sjå arrangementet i opptak her

Retting 26.10. kl. 08.42: I artikkelen stod det først at rektor ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet hadde helsing på skjerm. Det stemmer ikkje. Derimot var rektor ved Universitetet i Agder ein av dei som helste.

Powered by Labrador CMS