HiOA må ikkje bli eit provinsuniversitet

Lokale stadnamn vil gjere oss til eit provinsuniversitet og vi vil for alltid bli sett på som mindreverdige i høve til Universitetet i Oslo og det skal ikkje Norges 3. største universitet vere, skriv professor Jon Samseth.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg har følgd debatten om nytt universitetsnamn til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) med interesse. Dei namna som no er i «finalen»; NOVA, Aker universitet og Profesjonsuniversitetet i Oslo og Akershus, vekker ikkje den store entusiasmen, og mange meiner at ingen av desse forslaga er gode.

Namnet bør vere framtidsretta og målet bør vere at ein gjennom namnet prøver å løfte oss opp i klassen der NTNU er, men på våre fagfelt.

Namnet har mykje å seie for sjølvtilliten og sjølvbildet for dei tilsette, rekruttering av både tilsette og studentar og ikkje minst når vi er i media. Ein bør merke seg at søkartala til dei høgskolane som gjekk inn i NTNU auka med jamt over 15-20 prosent i år.

Lokale stadnamn vil gjere oss til eit provinsuniversitet og vi vil for alltid bli sett på som mindreverdige i høve til Universitetet i Oslo og det skal ikkje Norges 3. største universitet vere . Vi kan òg bli Norges 2. største universitet både gjennom nye fusjonar på Austlandet, inklusive Oslo, og gjennom vekst innanfor profesjonsutdanningane.

På bakgrunn av dette trur eg følgande namn er betre:

Høgskolen i Oslo og Akershus må ikkje bli eit provins-universitet.

Jon Samseth

Norges profesjonsvitenskaplige universitet, NPVU

Dette namnet synleggjer vår rolle ved at det fortel at:

  • vi er eit av dei største i Norge og dermed har eit nasjonalt ansvar
  •  vi er eit universitet og ikkje ein ukjent avart som eit profesjonsuniversitet vil bli
  •  våre fagfelt er vitskapane knytt til profesjonane og profesjonsfaga
  •  vi er eit vitskapleg universitet og såleis internasjonalt eit research university i motsetnad til eit vanleg universitet som alle er uavhengig av kor tunge dei er på forsking og kva dei driv på med

Vårt nasjonale ansvar kom tydeleg fram i statssekretær Bjørn Haugstad sin tale ved opninga av semesteret i august, der han minte oss på at sidan vi var størst i landet så hadde vi eit særleg ansvar på utviklinga av profesjonsfaga.

Dersom ordet profesjonsuniversitet blir ein del av namnet, så vil vi bli det første slikt universitet. Ingen veit kva dette er, heller ikkje internt hos oss. Ute kan vi lett komme i same kategori som andre tilsvarande namn som bedriftsuniversitet eller folkeuniversitet. Ordet universitet bør derfor stå aleine i namnet.

Forkortinga NPVU har namnelikskap med NTNU og NMBU slik at ein mentalt blir likestilt med dei innanfor våre fagfelt.

Dersom det skulle bli slik at dei andre høgskolane skulle bli ein del av oss, så er namnet òg dekkande og ein vil sleppe eit nytt namnebytte.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS