Superlæraren kan nynorsk i alle fag

Nynorsk er bruksspråket i matematikk, naturfag, historie, gym og mat og helse óg, skriv nestleiar i Studentmållaget i Oslo.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Lærarstudentane er framtidas lærarar. Det er dei som skal møte mangfaldet av elevar i den norske skulen med respekt, verdigheit og kyndigheit. Om lag 76.000 av desse elevane har nynorsk som hovudmål.

Dei som har nynorsk som hovudmål skriv ikkje berre nynorsk i norskfaget. Nynorsk er bruksspråket deira i matematikk, naturfag, historie, gym og mat og helse. Også desse elevane skal få fagterminologi og fagspråk å bruke i alle faga i skulen. Men, for at også nynorskelevane skal få eit funksjonelt fagspråk, må lærarstudentane få eit godt nynorsk omgrepsapparat i alle fag. For nynorsk fungerer faktisk i alle fag.

Sidemålsdidaktikken har ganske tydelege prinsipp når det kjem til det å lære språket: for å lære nynorsk, må ein sjølv bruke nynorsk, og ein må sjå nynorsk bli brukt. I dag blir det berre stilt krav til eitt av desse prinsippa, nemleg at studentane må bruke nynorsk sjølv på eksamen eller i arbeidskrav.

Når utdanningsinstitusjonane forventar at lærarstudentane kan svare på ein eksamen på nynorsk, er det heilt nødvendig at studentane får sjå nynorsk fagterminologi i bruk, til dømes i PowerPointar, som tavlespråk, i ordlister og i pensum. Konsekvensen av denne mangelen i lærar- og lektorutdanningane er faktisk at lærarstudentar flest ikkje har tilstrekkelege dugleikar (ferdigheiter) til å møte heile elevmassen i den norske skulen.

I desse dagar skipar Norsk Målungdom til kampanjen «Framtidas superlærar kan nynorsk». Kampanjen har som mål å få utdanningsinstitusjonane til faktisk å ta ansvar for å gi lærar- og lektorstudentar god opplæring i og om nynorsk.

Framtidas superlærar kan nynorsk. Ikkje berre i norsk, men i alle fag.

Elise Tørring

Det er ikkje berre norskfaga si oppgåve! Sidan svært få av utdanningsinstitusjonane tar ansvar for nynorskopplæring av lærarstudentar, må Studentmållaget i Oslo og andre studentmållag gjere det, og skipe til gratis nynorskkurs for studentar. Framtidas superlærar kan nemleg nynorsk. Ikkje berre i norsk, men i alle fag.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS