Skal studentar ha det verre enn studenter?
Språk. Denne veka har vore fadderveka til komande studentar – både dei som skriv bokmål og dei som skriv nynorsk. Kva språklege rettar norske studentar har, kjem i stor grad an på om dei har vald ein statleg eller ein privat utdanningsinstitusjon.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Resultatet av dagens politikk er at det er kjipare å vera nynorskstudent på private høgskular. Kvifor skal det vera slik?
I dag har norske studentar eit knippe viktige språklege rettar – viss dei vel å gå på statlege høgskular og universitet. Studentane har rett på eksamen, skjema og vitnemål på eige språk, og utdanningsinstitusjonen skal svare studenten på studenten sitt språk. Dessutan skal utdanningsinstitusjonane nytta minst 25 prosent av kvart av dei norske språka. Alt dette er sikra gjennom lov om målbruk i offentleg teneste (mållova).
Kvifor er dette viktig? For det fyrste er det viktig å sikra at norske utdanningsinstitusjonar brukar dei to norske skriftspråka, og ikkje berre engelsk. Nynorsk og bokmål treng eit norskspråkleg akademia for å stå minst like støtt i framtida.
Resultatet av dagens politikk er at det er kjipare å vera nynorskstudent på private høgskular. Kvifor skal det vera slik?
Fredrik Hope
For det andre er desse reglane viktige for å gjera det lettare å vera nynorskbrukar. Nynorskbrukarane er i mindretal, og ser difor mindre av språket sitt i bruk. Resultatet er at mange vel vekk nynorsken når dei byrjar å studera. Mållova gjer det lettare å vera nynorskbrukar, ved at nynorskbrukarane får sjå språket sitt i nokre viktige situasjonar som eksamen og elles ser språket i bruk på utdanningsinstitusjonane.
For det tredje er det viktig at studenten har nokre språklege rettar i møte med høgskulen eller universitetet sitt. I dette møtet er det utdanningsinstitusjonen som er den mektige parten, og han må difor ikkje senda ut signal om at noko språk er uynskt eller upraktisk. Desse rettane har ikkje studentar på private utdanningsinstitusjonar. Dette fører til at særleg nynorskstudentane har dårlegare vilkår på private utdanningsinstitusjonar, sjølv om mange av desse høgskulane får store delar av inntektene sine over statsbudsjettet. Både private og statlege institusjonar som er heilt eller delvis skattefinansiert bør vera underlagt alle reglane i mållova. Og det skulle berre mangle at dei personlege språkrettane som rett til eksamen, skjema og svar på eige språk gjeld òg på private utdanningsinstitsusjonar. Slik kan me unngå at det studentar får ei dårlegare studietid enn studenter.
(Portrettfoto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne)
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!