Studentledernes jul:

Kristoffer Bakke: Rørsla må prioritere å auke den enkelte student si betalingsevne
Studentleiarjul. NHH har feira lågare prisar på kollektivtrafikk, og 11 månader med studiestøtte. I 2019 skal dei jobbe med å følgje opp SHoT, og for meir pengar til studentane.
Kristoffer Bakke er 23 år, og er eksternansvarleg i studentforeininga på Noregs handelshøgskole (NHH) – NHHS. Han har to års fartstid i studentrørsla.
1. Kva studerer du, og kvifor?
Eg studerer økonomi og administrasjon, fordi eg synest det er interessant å lære meir om kva mekanismar som kan påverke samfunnet.
2. Kva er den største studentpolitiske sigeren i året som gjekk – lokalt?
I år var det fylkeskommunen som kom med den mest overraskande nyheita – politikarane sett ned prisane på kollektivtransport neste år!
Saka er framleis varm, og vi har heldigvis eit nytt landsmøte i 2019!
Kristoffer Bakke
3. Same nasjonalt?
Regjeringa held det dei lovar når det gjeld innfasing av studiestøtte i 11 månader. I tillegg kan det bli 3400 studentbustader, og det vil kome studentar til gode i lang tid framover.
4. Kva blir den viktigaste saka lokalt hos dykk i 2019?
Det blir veldig viktig å få med kommunane på ei skikkeleg satsing for å betre dei tala vi fann i SHoT-undersøkinga.
5. Kva bør prioriterast nasjonalt i 2019?
Det studentrørsla alltid må prioritere – også i 2019 – er å auke den enkelte student si betalingsevne i studietida.
6. Kva er det største tapet de har gått på i år?
Vi hadde eit mellombels tilbakeslag på landsmøtet i NSO, då vi ikkje fekk fleirtal for resolusjonen vår om å fjerne alderspoeng. Men saka er framleis varm, og vi har heldigvis eit nytt landsmøte i 2019!
7. Kva er studentrørsla sitt største tap i år?
Her går det vel ikkje an å kome unna endringa i konverteringsordninga..?
8. Kva ønsker du deg til jul?
Eg ønsker meg billett til ein Liverpool-kamp i vår. Tenk å vere på kamp den sesongen vi endeleg kan vinne Premier League!