Unge forskarar kjenner seg pressa til å skriva opp kollegaer på forfattarlista, viser ei ny undersøking. Arkivfoto: Paul-Erik Lillholm

Ny undersøking: Unge forskarar rapporterer om etisk press

Forskingsetikk. Ein av tre medisinstipendiatar ved Universitetet i Oslo oppgir at dei har opplevd press om medforfattarskap.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Reglane for forfatterskap i vitskapeleg arbeid er klare (sjå faktaboks). Men likevel kan mange forskarar kjenna seg pressa til å setja kollegaer på forfattarlista, utan at dei har kome med bidrag slik reglane krev.

Fakta

Vancouver-reglene

Enhver forfatter skal ha deltatt i arbeidet i en slik utstrekning at han/hun kan ta offentlig ansvar for angjeldende deler av innholdet. En eller flere forfattere må ta ansvar for integriteten i helheten av arbeidet, fra planlegging til publisering.

Forfatterskap skal utelukkende baseres på:

a) Vesentlige bidrag til idé og utforming, eller datainnsamling, eller analyse og tolking av data

b) Utarbeiding av selve manuskriptet eller kritisk revisjon av artikkelens intellektuelle innhold

c) Godkjenning av artikkelversjonen som skal publiseres

d) Enighet om å være ansvarlig for alle deler av arbeidet for å sikre at spørsmål knyttet til presisjon eller integritet til noen del av arbeidet er hensiktsmessig undersøkt og løst.

Kilde: etikkom.no

Dette kjem mellom anna fram i ei undersøking som no er gjennomført blant medisinstipendiatar ved Universitetet i Oslo. I ei undersøking, der 72 stipendiatar har svara, fortel ein av tre at dei har opplevd press om medforfattarskap.

— I tillegg svarar 13 prosent at dei har opplevd andre former for uetisk press, til dømes knytt til analyse, tolking eller presentasjon av data.

Det seier Bjørn Hofmann, ein av forskarane bak studien, til fagbladet Forskningsetikk.

Stemmer med andre studiar

Hofmann er forskar ved Institutt for helsevitenskap ved NTNU Gjøvik og Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo. Saman med Søren Holm, som også er knytt til Senter for medisinsk etikk, har han dei siste åra gjennomført flere studiar med stipendiatar frå både Noreg og resten av Skandinvia.

Hofmann seier at røynslene medisinstipendiatane rapporterer om stemmer godt med det andre stipendiatar fortel, og det andre studiar viser.

Forfattarskap i gåve

Såkalla gåveforfattarskap, at ein skriv nokon opp på forfattarlista utan at dei har levert bidrag i tråd med reglane, er ikkje lov. Men det er like fullt noko som vert gjort. Det viste mellom anna i den store Rino-undersøkinga, Forskingsintegritet i Noreg. Matthias Kaiser, professor i vitskapsteori ved Universitetet i Bergen, var prosjektleiar. Då han la fram resultata frå undersøkinga fortalde han følgjande historie:

Fakta

Dette er forskingsfusk

FFP:

  • Fabrikkering
  • Forfalsking
  • Plagiering

Tvilsom praksis (QPR):

  • Gåveforfattarskap
  • Å nekta eller utelata forfattarskap
  • Unnlata å informera om avgrensingar eller usikkerheit i datagrunnlag, analyse og /eller konklusjon
  • Å endra design, metode etter press frå interessentar eller finansieringskjelder,
  • Å ikkje varsla om brot på forskingsetiske retningslinjer
  • Å kopiera andre sine kjelder
  • Å inkludera irrelevante referansar for å auka siteringa for ein kollega eller forskingsmiljø
  • Å bruka omstridde data.

Kjelde: Rino-undersøkinga

— Eg var medforfattar på ein artikkel i utlandet. Førsteforfattaren var ein ung forskar. Ho hadde fått beskjed frå instituttleiar om at han skulle stå på forfattarlista – sjølv om bidraget hans var å stilla på eitt møte. Me andre sa at dette ikkje var greitt, og heller ikkje i tråd med lovverket, men kom fram til at me berre måtte gi oss sidan instituttleiaren stod på sitt. Elles kunne det vorte ei konflikt som hadde gått utover den unge forskaren sin karriere.

Kaiser har tidlegare sagt til På Høyden at ein kan tenkja seg årsaker til at særleg yngre forskarar tilbyr slike gåverforfattarskap: Kanskje vil fleire lesa artikkelen dersom ein merittert forskar står på forfattarlista? Tal frå Rino-undersøkinga viser at det er flest unge i kategorien «gåvmilde».

Vil ha meir opplæring

Akademiet for yngre forskarar jobbar med forskingsetikk. Mari Elken leiar dette arbeidet saman med Kjersti Lohne. Elken seier til Forskningsetikk at yngre forskarar ofte kan vera i ein sårbar situasjon, som følgje av mellombelse kontrakter, høgt publiseringspress og formelle og uformelle maktstrukturar.

Dei to peikar òg på behov for opplæring i forskingsetikk. I første del av Rino-undersøkinga var det berre åtte prosent av dei som svara som rapporterte at dei hadde god kjennskap til kva dei skulle gjera dersom dei oppdaga vitskapeleg uredeligheit. Seksti prosent av dei som svara sa at dei anten aldri hadde gått på kurs i forskingsetikk eller berre gått på eit kurs som var ein dag eller kortare.

— Mellomsjiktet, altså dei som mellom anna er rettleiarar, kjem ikkje på kurs, sa Kaiser den gongen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS