Ny studie: Mannlege professorar er overrepresenterte i aviser
Media. Mannlege professorar er overrepresenterte i både VG og Aftenposten sine papirutgåver. Det viser ein ny studie frå Universitetet i Sørøst-Noreg.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Menn intervjuar menn, medan kvinner i større grad finn fram til kvinnelege kjelder.
Dette er eit av funna i den ferske studien frå Sigrun Wessel Svenkerud og Brit Bolken Ballangrud. Begge er førsteamanuensar ved Insitutt for pedagogikk ved Universitetet i Sørøst-Norge.
Svenkerud og Ballangrud har gått gjennom papiraviser frå VG og Aftenposten attende til 2016. I totalt 1378 saker er det 859 professorar som er nemnt som kjelde.
Hypotesene stemte
Det er universitetet sjølv som skriv om studien på sine nettsider.
Nesten 90 prosent av professorane som mannlege journalistar brukar som kjelde, er menn.
— Nesten 90 prosent av professorane som mannlege journalistar brukar som kjelde, er menn. Kvinnelege journalistar vel også menn, men nesten kvar tredje professor som er nemnd i sakene deira er kvinne, seier forskarane der.
Forskarane har publisert ein artikkel om funna i Norsk medietidsskrift. Der skriv dei at basert på tidlegare forsking hadde dei ei hypotese om at dei ville finna flest mannlege professorar i dei to avisene – og at det truleg var menn som intervjua flest menn. Dette viste seg å stemma.
Nesten 70 prosent er menn
Det er framleis definitivt flest mannlege professorar i Noreg: I 2018 passerte talet på kvinnelege professorar for første gong 30 prosent.
Svenkerud og Ballangrud meiner det er viktig kva inntrykk VG og Aftensposten, som dei to største avisene i Noreg, gir av professorstillinga.
— Det kan jo vera ulike behov og interesser blant kvinner og menn, så ein balanse burde vere eit verkeleg mål, både for samfunnet og for akademia, seier dei.
Nylige artikler
Oxford, Yale, Stanford på topp i rangering. For «dei mest privilegerte»
Informatikkbyggets lekende prins
8 av 10 universiteter med røde tall i Frankrike: «Dette er en alvorlig advarsel»
Forlot først akademia på grunn av midlertidigheten
Raseforskere lurte til seg helsedata fra 20.000 barn
Mest leste artikler
Sykepleierstudenten har en dødelig sykdom. Mens han kan, vil han hjelpe andre
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Ønsker å bli kvitt navnetradisjonen. Vil ikke være professor emerita
Det renner inn med KI-genererte søknader. — Som en flodbølge av KI-skvip
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger