Styremøte

NTNU tilset prorektor i dag og skal lyse ut fleire toppstillingar

Slik kan du følgje dagens styremøte ved NTNU digitalt.

Styret ved NTNU under eit møte i september 2019.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetsstyret ved NTNU har torsdag sitt siste ordinære møte før sommaren. Også denne gongen på Zoom. Dermed er det høve til å følgje deler av møtet.

Men først skal styret behandle fire saker i lukka møte. Blant anna skal dei avgjere kven som blir Anne Borg, og hennar vikar Berit Kjeldstad, sin etterfølgar som prorektor for utdanning.

Seks personar har søkt jobben. Noverande dekan ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap, Marit Reitan, er ei av dei.

Utskifting av toppleiinga

Vedkommande som ender opp i stillinga, vil vere første ledd i ei større utskifting av toppleiinga ved universitetet.

For styret skal under dagens møte bli samde om utlysingstekstene til både prorektor for forsking, prorektor for nyskaping, viserektor-stillingane i Ålesund og Gjøvik, dekanstillingane ved NTNUs åtte fakultet og direktør-stillinga for Vitskapsmuseet.

Alle stillingane skal lysast ut med søknadsfrist den 31. august, ifølgje styrepapira.

Status kring mellombels tilsette

Av andre saker på det innhaldsrike sakskartet, skal styret mellom anna behandle verksemdrapporten for 1. tertial.

Sjølv om koronapandemien per april 2020 ikkje har sett sitt preg på rekneskapen, så står det i sakspapira at det «ser ut som om vi får merkostnader og inntektsbortfall i størrelsesorden 120-150 mill.kr knyttet til koronasituasjonen».

Styret skal også orienterast om statusen kring delen mellombelse tilsette ved NTNU og leiinga sitt vidare tiltaksarbeid med å redusere talet på mellombels tilsette.

Kunnskapsdepartementet krev at sektoren tek grep - det skal bli færre mellombels tilsette.

I styrepapira kjem det fram at delen mellombels tilsette ved NTNU har gått ned frå 17,05 prosent i 2018 til 14,29 prosent i 2019.

Men to tillitsvalde i Forskarforbundet ved NTNU, uttrykte onsdag uro i Universitetsavisa, kring det dei hevder er mørketal i statistikken.

Lisbeth Aune og Marte Gangmark Villmo hevdar at dei reelle tala er høgare enn rapportert, fordi talmaterialet ikkje viser utviklinga for dei som er tilsette på timelønnskontrakt eller for dei som mottek honnorar.

Køyreplan for NTNU-styremøte 18. juni

SAK NR. SAK Kl.
S-sak 37Ansette prorektor utdanning (Lukket møte)09.00
Rektors orienteringer del 1 (Lukket møte)09.30
S-sak 36Strategiske kjøp/salg eiendommer (Lukket møte)09.50
O-sak 32Universitetssamarbeidet BOTT -status for arbeidet pr mai 2020 (Lukket møte)10.15
Pause10.30 – 10.45
S-sak 35Status for vårens internrevisjonsarbeid. Forslag til revisjonsplan høsten 202010.45
S-sak 34Virksomhetsrapport 1. tertial11.05
S-sak 43Universitetsavisa - årsrapport11.25
O-sak 23Finansiering av nasjonal e-infrastruktur (UNINETT Sigma2 AS)11.40
S-sak 39Midlertidige ansettelser - status og videre tiltak11.50
Lunsj-pause12.15 – 13.00
O-sak 20Rektors orienteringer del 213.00
S-sak 38Ansettelse av 2 prorektorer, 2 viserektorer, 8 dekaner og direktør for Vitenskapsmuseet – Utlysningstekster13.30
S-sak 41Endring forskrift om studier - begrepsavklaringer13.50
S-sak 42Forlenging av midlertidig forskrift i forbindelse med koronavirus13.55
Pause14.00 – 14.10
S-sak 40Utvikling av studieporteføljen ved NTNU 2021-202414.10
O-sak 21Riksrevisjonens årsberetning14.40
Eventuelt
Protokoll
Møteslutt

Kilde: NTNU

Powered by Labrador CMS