Første norske kvinne tatt opp i prestisjetungt europeisk akademi
Akademi. Thea Selliaas Thorsen, førsteamanuensis i klassiske fag ved NTNU, er tatt opp som medlem i The Young Academy of Europe.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
The Young Academy of Europe (YAE) er eit ikkje-statleg akademi for unge topp-forskarar som har eitt sterkt engasjement for vitskap og vitskapspolitikk. Frå før av er fysikkprofessor Martin Fernø ved Universitetet i Bergen med, men Selliaas Thorsen blir den første norske kvinna som er tatt opp i fagfellesskapet.
Selliaas Thorsen vart nominert av to medlemmar i moderorganisasjonen Academia Europea, der blant andre May-Britt og Edvard Moser er medlemmar. Ho fortel at ho aldri hadde funne på dette sjølv og vart overraska då ho fekk høyre om nominasjonen. Likevel ynskjer ho ikkje å røpe kven som stod bak anbefalinga.
Eg er glad for å kunne ta del i eit større og tverrfagleg nettverk.
Thea Salliaas Thorsen
— Mange vil jo kanskje hevde at slike akademi er pompøst og høgtidelig. Kva tenker du om slike akademi?
— Det er jo eit viktig forum, eg er jo latinist og det første akademiet i nyare tid, Accademia Pontaniana, vart grunnlagt i 1443 i Napoli, så det er jo ein forskingsgjenstand for meg, seier Selliaas Thorsen til Khrono. Ho legg til:
— Men klubbar og akademi har ikkje hatt noko magisk tiltrekkingskraft på meg, likevel er det forbløffande å sjå at eg føler meg så heime i YAE, seier Selliaas Thorsen, som trur akademiet har eit enormt potensiale til å gjere viktige ting.
Har kjempa for tilleggspoeng for latin i VGS
Doktoren i latin har fått ein pangstart på sitt akademi-liv i haust. Ho var på sitt første møte i oktober i Barcelona og ho er allereie valt inn i styret i akademiet — som kommunikasjonsansvarleg. Så fleire møter blir det framover.
— Det var lett å bli veldig engasjert då eg møtte dei andre medlemmane. Eg er glad for å kunne ta del i eit større og tverrfagleg nettverk, seier Selliaas Thorsen.
— Kvifor trur du dei to som nominerte deg tenkte at dette nettverket ville vere relevant for deg?
— Eg har vore veldig engasjert og drive lobbyverksemd for faglege og vitskaplege saker her i Noreg. Blant anna jobba eg hardt for ei politisk endring for at dei som tek latin i vidaregåande skule skulle få tilleggspoeng, seier Selliaas Thorsen. Ho legg til:
— Eg gjer mykje utover berre «hardcore» forsking som akademiker. Det opplevde eg som veldig viktig for alle dei andre eg traff i YAE, så eg følte meg veldig heime i det fellesskapet.
Oppteken av kjønnsbalanse og mangfold i akademia
NTNU-forskaren engasjerer seg for fleire saker, men fortel at det er spesielt to ting ho ynskjer å arbeide ekstra for no i europeisk samanheng:
— Forsking er veldig, veldig viktig. Akademiet og eg ynskjer å arbeide for at debattklimaet og diskusjonar i samfunnet skal vere forankra i forskingsbasert kunnskap, og det er spesielt viktig i desse «fake news»-tider. I tillegg er eg veldig oppteken av kjønnsbalanse og mangfold i akademia. Det er ei sunn hypotese at talent kjem alle stader frå. Difor må vi legge til rette for at konkurransen mellom kandidatar skal vere på eit vitskapleg grunnlag, seier Selliaas Thorsen.
Dekanen ved Det humanistiske fakultetet ved NTNU sender sine gratulasjonar til det nye akademi-medlemmen.
— Gratulerer til Thea! Dette medlemskapet er ei anerkjenning av det faglege og det fagleg-politiske engasjementet hennar for klassiske fag og for humaniora, seier dekan Anne Kristine Børresen i ei pressemelding. Ho legg til:
— Det blir bra for Thea og hennar karriere, og det vil forhåpentlegvis også kunne gi ringverknader for hennes kolleger både på instituttet og resten av fakultetet.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!