Ungdomspolitikarar frå både Høgre og Venstre pressa <span class="caps">NSO</span>-leiar Anders Kvernmo Langset til å trekke støtta til morgondagens streik.
Ungdomspolitikarar frå både Høgre og Venstre pressa NSO-leiar Anders Kvernmo Langset til å trekke støtta til morgondagens streik.

Studentane kranglar om støtte til streik

Etter sterkt press har Norsk studentorganisasjon snudd, og støtter ikkje lenger den landsomfattande politiske streiken 28. januar.

Publisert   Sist oppdatert

I helga blei det kjent at Norsk studentorganisasjon, på vegner av sine 200.000 studentar, støtta den varsla politiske streiken i morgon, onsdag. Dette fekk fleire ungdomspolitikarar til å sjå raudt.

I eit innlegg i dagens Aftenposten meiner leiar i Trondheim Unge Høgre og landsmøtedelegat i NSO, Vegard Eide Vefring, at NSO-leiinga har vist elendig dømmekraft og krev at leiar Anders Kvernmo Langset må trekke tilbake støtta til streiken. 

Les også: Innlegg frå Vefring

NSO-leiinga la seg flat

Og i ettermiddag la NSO-leiinga seg flat og snudde i saken: 

Vi beklagar at vår støtte til motstanden mot mellombelse tilsettingar har blitt tatt til inntekt for ei generell støtte til streiken.

Anders Kvernmo Langset
Leiar, Norsk studentorganisasjon

— Vi beklagar at vår støtte til motstanden mot mellombelse tilsettingar har blitt tatt til inntekt for ei generell støtte til streiken. Det har vore naivt av oss å tru at vi kunne støtte markeringa mot auka bruk av mellombelse tilsettingar utan å framstå som om vi samtidig støttar opp om politiske synspunkt som vi ikkje har mandat til å meine noko om, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Anders Kvernmo Langset, i ei pressemelding.

NSO meiner at deira støtte til markeringa førte til at fleire trudde at dei òg støtta dei andre parolane i streiken, noko dei ikkje hadde politisk mandat til å gjere.

Twitter-debatt 

I helga kom nyheiten om at Norsk studentorganisasjon støtter LO, YS og Unio i den politiske strei

— Vi støttar streiken fordi vi ønsker å sikre studentane dei beste forelesarane, og at akademia skal være ein attraktiv karriereveg å gå. Vi ønsker òg at vi skal få eit trygt arbeidsliv i akademia etter utdanninga, skreiv NSO-leder Anders Kvernmo Langset på laurdag.

Fleire profilerte politikarar engasjerte seg i debatten, som først gjekk på Twitter, inkludert leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit.

— Det er merkeleg at dei stillar seg bak streiken, eg spør meg kva som er målet deira. Endringane i arbeidsmiljøloven kjem ikkje til å påverke tenestemannsloven, som er loven for akademikarar og forskarar. Faktisk vil det bli enklare for studentar å få seg jobb, seier Tord Hustveit.

— Dette her har ingenting så seie for dei tilsette i akademia. Faktisk vil det bli betre for dei, fordi dei har hatt eit anna stillingsvern enn i privat sektor, og no forsvinn den forskjellen, seier Hustveit.

Ulike lovar 

Forskarforbundet som organiserer mange tilsette i akademia, støttar streiken. 

Ifølgje rådgivar Jon Iddeng i Forskarforbundet gjeld tenestemannsloven for statsansatte, og der den går ut over arbeidsmiljøloven er det tenestemannsloven som gjeld. Eit døme er mellombelse tilsettingar. Der er tenestemannsloven meir open enn arbeidsmiljøloven. No skal arbeidsmiljøloven bli meir lik tenestemannsloven, og opne for fleire mellombelse stillingar. 

— Vår sektor er eit godt døme på at fleire mellombelse stillingar ikkje fører til fleire faste tilsettingar, seier leiar i Forskarforbundet, Petter Aaslestad, ifølg Forskarforbundet sine nettsider.