NSD-direktør Vigdis Kvalheim er ikkje uroleg etter å ha sett rapporten om korleis NSD bør organiserast i framtida. — Det er ikkje noko revolusjonerande i rapporten, seier ho. Foto: Tor Farstad

Utval vil omorganisere NSD

Omorganisering. Ei arbeidsgruppe foreslår å flytte database for statistikk om høgre utdanning frå NSD til Unit, og la Unit overta eigarskapen for aksjeselskapet.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

NSD Norsk senter for forskingsdata starta som ein samfunnsvitskapleg ressurs i 1971, og har heile tida hatt mål om å gjere forskingsdata tilgjengeleg. NSD er i dag eit aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet.

Som ein del av gjennomgangen av strukturen i sektoren har ei arbeidsgruppe leia av OsloMet-dekan Ann-Helén Bay sett på verksemda, og i ein rapport kjem gruppa med råd om korleis NSD bør vere organisert i framtida.

Gruppa gir mykje ros til arbeidet NSD gjer, og understrekar at det er avgjerande viktig at kompetansemiljøet i Bergen bør bestå i framtida.

Bør konsentrere seg om kjerneverksemd

Men gruppa meiner likevel at oppgåvene til NSD i dag er for spreidde, med tenester retta mot mange fagdisiplinar og brukargrupper. Styret og leiinga i selskapet bør ta ut ein tydeleg kurs for selskapet, står det i rapporten.

NSD bør konsentrere seg om kjerneverksemda, og konsentrere porteføljen sin om dette. Samfunnsvitskap bør framleis vere kjerneområdet til selskapet, meiner gruppa.

Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) og kanalregisteret, som klassifiserar og held oversikt over ulike vitskaplege publiseringskanalar, bør flyttast ut av NSD og inn i Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning (Unit), meiner gruppa. Desse to oppgåvene bør reknast som forvaltningsoppgåver. Dette er den mest inngripande endringa dei foreslår, men det er ikkje konkretisert korleis dei meiner at dette skal gjerast, til dømes med flytting av nokre av funksjonane frå Bergen.

Ingen revolusjon

NSD-direktør Vigdis Kvalheim er glad for rapporten:

— Han inneheld mykje spennande lesing for oss, og i utgangspunktet er vi svært nøgde med både rapporten og den rosande omtalen NSD får. Dei er opptekne av at vi har god kompetanse, og at den framleis må vere i Bergen.

Dei rundt 100 tilsette i NSD har vore spente på innhaldet, og kva endringar dei kan vente seg.

— Det er ikkje noko revolusjonerande eller veldig overraskande i rapporten, slår Kvalheim fast.

Det var venta at det kunne komme forslag til endringar med DBH.

— Tilråingane er som venta, sjølv om vi ikkje treng å vere einige i alle premissa.

Skryt for microdata

Satsinga til NSD på å gjere data tilgjengeleg for forskarar og studentar gjennom microdata i samarbeid med SSB får skryt, og det same gjeld utviklarmiljøet til NSD.

— Rapporten inneheld veldig mykje positivt om jobben NSD gjer for kunnnskapssektoren, og seier at vi får til ganske mykje over mange år med relativt avgrensa ressursar.

— Men er det ein sjanse for at DBH-verksemda kan bli flytta frå Bergen?

— Internt har eg sagt til dei tilsette at eg ikkje vil spekulere. Det blir feil, og kan skape uvisse. Når det er sagt er eg veldig glad for at det står i rapporten at det er viktig at kompetansemiljøet som er bygd opp rundt NSD i Bergen blir vidareutvikla, og ikkje forvitrar.

No skal NSD sjå nærare på rapporten, som deretter skal handsamast av styret i byrjinga av juni. Korleis Kunnskapsdepartementet vil ta saka vidare er enno ikkje klart.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS