38 millionar til valforsking

Sveinung Engeland
institutt for samfunnsforskning uit nyhetssenteret

Institutt for samfunnsforskning får 38 millionar kroner over åtte år til å vidareføre og fornye Stortingsvalgundersøkelsen. UiT Noregs arktiske universitet er med på laget.

– Denne undersøkinga er eit stort nasjonalt arbeide, som forskar på kjernen i det norske demokratiet; stortingsvala. Det er viktig og riktig at UiT no er med, seier Jonas Stein i ei nyheitsmelding på nettsida til universitetet.

Stein er valforskar og førsteamanuensis på UiTs Institutt for samfunnsvitskap.

Det er blitt gjennomført valundersøkingar i samband med kvart stortingsval sidan 1957 med unntak av eitt val.

Det var førre veke Forskingsrådet annonerte at det gir forskinga 38 millionar for å halde fram dei to neste stortingsvala.

UiT har tidlegare vore med på lokalvalundersøkinga og sametingsvalsundersøkinga, men no skal altså UiT-forskarar også vere med og forske på stortingsvala i 2025 og 2029.

Powered by Labrador CMS